Meir makt, mindre ære?

-Lesarane er langt meir sjølvstendige og oppegåande og opne for nye namn og andre skrivemåtar enn kritikarar og bokklubbkonsulentar og -redaktørar vågar tru, skriver Sverre Tusvik, som er litteratursosiolog og sjefsredaktør for skjønnlitteratur i Samlaget.

Bokklubbens grep - klamt eller kyndig?

Innlegget er opprinnelig en kommentar til Studentprosjektets rapport, "Vår ære og vår makt. Bokklubbenes rolle i det litterære system" i forbindelse med presselanseringen i Nasjonalbiblioteket i Oslo, 02.02.001

Ved dr.disputasar har eg oppfatta at førsteopponenten tek for seg metode og teori og imøtegår eller problematiserer fagleg innhald og vinkling, og evt påpeike manglande kritisk evne, klikk i resonnement og feilaktige slutningsrekker. Andre-opponenten si rolle er å kommentere nomenklaturen, kommafeil, noteapparat, litteraturlister osv. Men no har jo studentane lagt fram dette, både for Universitet og for oppdragsgivarane i Bokklubbene, så rollefordelinga mellom Kristenn Einarsson og meg blir heldigvis meir uklår og mindre forutseieleg.

Likevel: sjølv om prosjektrapporten i forord og innleiing imøtegår evt kritikk som alltid vil hefte ved oppdragsforsking, så er det paradoksalt nok slik at adm.dir. Einarsson og DnBs eigne analytikarar og statistikarar (Terje Kolstad og Tom Larsen) nok vil ha meir grunnleggjande metodiske innvendingar enn eg har høve til å føre i marka. Det følgjande er då mine spreidde kommentarar, som eg prøver å samle mot slutten. Eg har også nokre billige poeng, men dei er ikkje mindre saklege av den grunn.

Først ros: innafor den tidsramma og dei føresetnadene prosjektet hadde, er eg imponert over kor mykje de har nådd å gape over. Dette er også ei innvending, då de burde hatt faglege rådgivarar som tidleg advarte mot å ha så urealistisk store ambisjonar at de på denne tida og innafor 80 sider ikkje berre skulle skissere historikk, bakgrunn og statistikk frå den ferskaste bokklubbutviklinga i Norge - og jamvel med eit solid jamførande sidesprang til Sverige, men også meinte å kunne analysere ei så breitt anlagd spørjeundersøking på så kort tid.

Som 2. opponent skal eg altså la vere å hisse meg opp over at når de meiner at "Anne Holt på langt nær er vår største forfatter", så blir det dobbelt nekting når de skriv at "Anne Holt er ikke på langt nær vår største forfatter", og når ei bok eller forfattar får stor plass i media, så får ho ikkje dermed stor mediadekning, men mediedekning! Slike slurvefeil irriterer fleire enn Per Egil Hegge når dei står 12 gonger.

Om eg mot min natur skal vere kritisk og vondskapsfull, så er det freistande å bruke kultursosiologen Bourdieus analytiske omgrep og kampmetaforikk også på dykk sjølve. Med han kan ein sjå prosjektet og rapporten som eit tidsriktig og delvis vellukka forsøk på å analysere og å posisjonere seg i den delen av det særeigne norske litterære feltet som tvillaust akkumulerer - og delvis forvaltar - mykje økonomisk kapital, men som rapporten delvis gir belegg for å hevde, også innehar ikkje så reint lite av den symbolske, eller kulturelle kapitalen. Og ein av dykk, [Erlend Sørskaar], har då røpt at han etter eksamen no er tilsett av denne kanskje mektigaste aktøren i det norske litterære feltet. Dette er korkje overraskande eller forkasteleg handling frå nokon av partane. Eg kjem attende til Bourdieu på eit meir elegant vis mot slutten, men først dei spreidde kommentarane.

Det er umulig i detalj å kommentere og problematisere dei ulike kakediagramma i rapporten, og det blir litt urettvist å hevde at nokre av konklusjonane slår inn opne dører. At tilsette i bokklubb og tildels vi forlagstilsette ikkje meiner at bokklubbane medfører nemneverdig einsretting av litteraturutvalet eller -smaken, overraskar like lite som at universitetsfolk/kritikarar, journalistar og bokhandeltilsette meiner at der føregår ei slik einsretting. Meir overraskande og deprimerande er det at to yttergrupper, som etter Bourdieus meining her burde ha totalt ulik habitus, universitetstilsette og bokhandlarar, bastant meiner at forfattarane tilpassar seg bokklubbane (spm. 7). (Her kunne det vore på sin plass å vise til Robert Escarpit og Hans Hertels undersøkelsar frå Frankrike og Danmark som syner korleis universitetsutdanna i nærast aggressivt sterk grad strittar i mot og ikkje har tiltru til bokhandeltilsette sine bokråd.) Også fleire forfattarar og journalistar meiner at forfattarane tilpassar seg, mens bibliotekarar og forlagstilsette her for ein gongs skuld er meir på line og mildare i sine fordommar. Derimot er det all grunn til å bli forskrekka over gruppefordelinga i svara på spørsmål 13: ("I hvilken grad tror du forlagene lar seg styre av bokklubbene når de antar nye manuskripter?" Her trur ein forstemmande stor prosent jamvel av forfattarane og dei forlagstilsette at forlagsredaktørane skjelar sterkt til dette, mens universitetstilsette har langt større tiltru til at det ikkje er slik.

No kunne det vore interessant å krysskople nokre av svara, men fordelen med at denne rapporten blir mangfaldiggjort og tilgjengeleg, er at andre studentar og forskarar kan byggje vidare og problematisere, supplere og korrigere dette materialet, og med dette i botnen kanskje lettare kan spa fram andre opplysningar. Ja, for alt vi veit kan det jamvel føre til at Cappelen vil tillate at Stine Meltvedt Lyseggens klausulerte litteratursosiologiske hovudoppgåve blir tilgjengeleg for fleire enn dei som las den då ho tok eksamen. (Og i alle høve skulle oppgåva hennar vore oppgt i litteraturlista, om den er aldri så klausulert).

No gir prosjektrapporten ros til DnB-systemet for at dei raust har frigitt alle salstal, mens de ca 11 gonger poengterer at de ikkje har fått tilsvarande frå Cappelens bokklubb, og at dei bokhandlartala de fekk derifrå også måtte anonymiserast. For det første er det nok lett å forstå at den veikaste og ferskaste klubben ikkje frigir tala sine, slik sett kostar det lite for BNB å vere raus. Men eg har vanskar med å forstå a de ikkje kunne skaffe salstal for Cappelens suksessforfattarar via Norsk kulturråds oppgåver. De viser jo elles til og brukar talmaterialet som LITINOR-prosjektet via Mari Finess, Øivind Danielsen/Ellen Wingerei, Anton Fjeldstad og underteikna fekk lagt inn på data i 1993, då Kulturrådet heilt korrekt peikte på at dette fall inn under offentlegheitsprisnippet i forvaltningslova. For øvrig er her nokre klikk i tankegangen dykkar når de etterlyser salstal over 5000, då de jo i fotnotar røpar at de veit at Kulturrådet berre betalar forfattarroyalty for sal inntil denne grensa. (Litt påfallande, for ikkje å seie mistenkjeleg, er det at somme forfattarar som har gitt ut på eigne forlag, er blant dei få som har selt alle 5000 eks av nett desse titlane, medan dei har lærgre tal når de er på etit etablert forlag.)

Det er elles gledeleg for meg, som tidlegare prosjektkoordinator i LITINOR, å merke seg at de så flittig viser til artiklar og konferanserapportar frå dette pionerprosjektet. Vi fekk både ros og ris mens vi dreiv på, men har i ettertid fått stadfesta at såvel forvaltninga som forskarar og litteraturformidlarar, og ikkje minst mediefolk ofte viser til rapportane og jamvel ringjer til oss og har utdjupande spørsmål. Initiativtakarane til LITINOR kan vere smigra over at skriftserien vår er blant dei hyppigast siterte referansane dykkar, og sjølvopptatt som eg er likar eg jo godt at eg ikkje berre blir sitert for slavearbeidet eg gjorde med Bestseljarlistene frå 1900 1993. (Eg kan jo røpe at eg snarast skal føre dei fram til 2000, samtidig som eg innarbeider korrigeringar eg har fått frå vennlege informantar. Studentrapporten imøtegår og polemiserer somme stader nettopp mot grepet og kommentarane i desse bestseljarlistene, og det er ikkje noko stort poeng for meg å forsvare alt; i likskap med andre litteratursosiologar slår eg inn mange opne dører, og undertittelen i den nemnde undersøkinga, "Tåketale med opplagstal" tar høgde for dei innvendingane de kjem med. Parallelltabellane i dykkar vedlegg 3 talar jo sitt tydelege språk om korleis bestseljarlistene blir totalt omkalfatra når de innarbeider bokklubsalet, men eg meiner at det er viktig å sjå at og korleis Fosnes Hansen, Roy Jacobsen, Anne Karin Elstad, Ingvar Ambjørnsen markerte seg i bokhandlarstablane, med og utan bokllubbhjelp. Eg held såleis framleis fast ved at det gir eit skeivt bilde av det litteratursosiologiske landskapet om ein i slike statistikkar skal inkludere bokklubbsal. Og der er heldigvis framleis stillteiande semje forlaga i mellom at ingen tek bokklubbsala med i opplagsannonsene sine. Så får det heller vere at "alle", unntatt lesarane og mange mediefolk, veit at avstanden mellom opplag og sal stundom kan vere enorm.2

Apropos tåketale og fiffige overskrifter: Eg angrar sterkt på tittelen og somme formuleringar i ein altfor detaljert, litt flåste, men relativt velskriven LITINOR-artikkel. Den stod i Syn og Segn 1/1993 og tok for seg marknadsføringa og salsutviklinga til Roy Jacobsens Seierherrene og Erik Fosnes Hansens Salme ved reisens slutt. Når den heitte "Regissert suksesss eller tilfeldig bestseljar?" kunne ein tru at eg var så naiv at eg trudde at desse bøkene, som sette rekordar både i bokhandel og i bokklubb, i vesentleg grad oppnådde denne suksessen pga intelligent maknadsføring og ulike former for drahjelp. Både då og no meiner eg jo at suksessen kom primært ut frå kvaliteten i bøkene sjølve. Dette er høgst relevant å dra inn her, då også Studentprosjektet har fanga opp at der ikkje finst oppskrifter på bestseljarar, men at vi har fleire gledeleg døme på at salstal kan fyke i veret i kraft av "munn til munnmetoden". Roy Jacobsens Seierherrene illustrerer eit moment ved Bokhandlerprisen de tykkjest ha gått glipp av. Prosjektet prøver å etterprøve om vinnarane av ulike litterære prisar får auka sal i etterkant (litt naivt vil dei sjekke dette via 2.- og 3.- årssalet, og der trur eg de vil finne lite signifikante tal). No blir jo svært mange prisar, irekna Kritikerprisen, Nordisk Råds, Gyldendalprisen, m.fl. delt ut det påfølgjande året, mens t.d. Aschehougprisen og Dobloug-prisen ikkje nødvendigvis heng saman med ei årsaktuell bok av angjeldande forfattarar. Derimot er jamvel nomineringane til NR, (og jamvel til Brage-prisen etterkvart) blitt eit moment i marknadsføringa. Når det gjeld Bokhandlerprisen så blir den delt ut i november, og det er korkje tilfeldig eller forkasteleg at denne prisen i mange år først heitte "Takk for boken"-prisen. No skal ikkje det tolkast så bokstaveleg at bokhandlarmedhjelparane slik takkar for leseeksemplara, men eit av dei få artige "funna" eg la fram i den ovannemnde Syn og Segn-artikkelen var at Cappelen fortalde korleis dei hadde førehandstrykt og sendt ut ca 5000 eksemplar av mursteinen Seierherrene alt i august/september. For nettopp det at BNB først skulle ha den i november, og såleis hindra at den kunne nå bokhandelen før i juleinnspurten, ville også hindre at bokhandlartilsette kunne rekke å lese den før avstemminga.

Studentprosjektet skal ha ros for at dei strekar opp skiljelinene mellom samtidigsheitsklubbar som vi har i Sverige og Norge, medan Danmark opererer med karenstid for å favorisere bokhandelen. Derimot var det nytt for meg at det ikkje lenger er slik at Bokspeilet presenterer bøkene før dei er i bokhandelen? Dette var jo lenge eit vektig ankepunkt for pressa og oss i forlaga, så det er i så fall ei gledeleg endring.3 Noko anna er det ferskare fenomenet at bøker som er i sal seint på hausten, som Dag Solstads T. Singer , no er januarbok i BNB året etter. Eg kjenner berre overflatisk til bakgrunnen for dette, men for meg er det i denne samanhengen særs freistande også å peike på det gledelege i at Dagens Bøker i februar har Frode Gryttens Bikubesong som hovudbok. Denne romanen takka DnB-systemet nei til på manusstadiet, og med skadefryd kunne eg dagen etter at den hadde vunne Brageprisen, takke ja til tilbodet om at den skulle bli tilleggsbok i BNB i februar 2000. Så vart den nominert til Nordisk Råd, men før det var den ein av dei fire romanane som var nominert til P2s lyttarpris, og seinare også til Kritikarprisen. Eg unnar meg derfor å drodle litt rundt nett dette fenomenet, fordi det også illustrerer det som Sindre Guldvog kallar "bakteriesmitte", men som der finst langt meir positivt lada bilde på. For på samme måte som BNB gikk glipp av Erlend Loes roman Naiv super, mens dei omtrent usett må ha tatt fjorårets L, er Grytten eit døme på at lesarane er langt meir sjølvstendige og oppegåande og opne for nye namn og andre skrivemåtar enn kritikarar og bokklubbkonsulentar og -redaktørar vågar tru.Lenge før Grytten var nominert til noko som helst, såg vi i Samlaget at vi måtte trykke nytt opplag, og det var faktisk vel så mykje munn til munn-fenomenet på Norli i Oslo som lokalpatriotiske kundar i Bergen og Odda som stod for snakket. Når vi såleis no har trykt denne romanen i 7.500 eks, altså før han blir trykt i minimum 7.500 eks i DagensBøker, er det ein arbeidsseier for lesarane, og Gryttens gode og utrendy forteljingar har beseira ikkje noko mindre enn bokklubbsystemet! Lesarane har på dette viset demonstrert at dei både har bedre teft og er opnare enn dei blodklubbansvarlege.

No skal eg sjølvsagt halde meg for god til å dra fram andre titlar eg personleg har innblikk i og er bitter for at BN og DB ikkje hadde sans for. Det er nok for meg å nemne at den mest medieomtalte biografien i 99, Ingar Setten Kolloens biografi om Tor Jonsson, med eit nødskrik fekk innsmett som tredje tilleggsbok i "Den norske" eller den såkalla 'gamle' bokklubben", og der vart presentert på ei halv side, prioritert etter "Hvordan pusse opp på kjøkkenet". Det førte til at Kolloen fekk full royalty og Samlaget betre betaling for dei 1000 eksemplara som DnB motvillig har sett medlemene bestille, mens vi gjennom bokhandelen selde 8000 før jul. No kan BNB, eller rettare, DB, som nok er rett nisje for slike bøker, gjerne peike på at dei ikkje trudde at der var rom for fleire biografiar om mannlege forfattarar skrivne av menn denne hausten, og i fire år hadde heile vore informert om at Anders Heger skreiv på si tredje bok om Mykle. Skulle der då vere plass til ein nynorsk biografi om ein nynorsk poet som døyde i 1951?. Dette med nynorsken vil eg inn på seinare, men Annik og Anders Heger fekk som forleggjarar den forsmedelege lærdom då dei i 1994 fånyttes prøvde å promovere Olav Vesaas' gode biografi om Tarjei Vesaas overfor DnB-kubbene, og såg at korkje DB eller Cappelens ville ha den.

Når eg er inne på nynorsksporet, så gir eg meg lov til å hevde at Jon Fosse er eitt av våre heitaste forfattarnamn, og då er det rart at jamvel av hans meir lesarvennlege romanar, som Naustet og Melancholia , er det berre sistnemnde som har vore på listene til bokklubbane, og då som lunken tilleggsbok. I eit Bourdieu-perspektiv burde denne stigmatiserande og på få unntak nær (Fløgstad, Hoem, Hovland, men dei er strengt tatt ikkje nye lenger) nærast systematiske utelukkinga av nye nynorske forfattarnamn, vere eitt av dei spørsmåla eller problemstillingane som prosjektet lettast kunne ha sett fokus på. Og i alle fall heng det nøye saman med drøftinga av i kva grad DnB har hjelpt fram nye namn.

Likevel bør eg vakte meg for å vere paranoid på vegner av oss nynorskingane, for eg kan sjølvsagt også peike på bokmåls-kvalitetsbøker som bokklubbane forsømte å oppdage eller velje ut for sine medlemsmasser. Erlend Loe er nemnd, Steinar Løding er ein annan, (Flukten til Ninive , som hadde større kultstatus og med større rett! enn fjorårets Grøftetildragelsemysteriet av Ture Erik Lund. Knausgaard , Hans Herbjørnsrud fell delvis i same kategori, og altfor seint fann bokklubbane det betimeleg å "oppdage" Øystein Lønn. Eg er altså så fri å hevde at trass i at bokklubbane stundom viser vilje til å satse på nye namn, opplever i allfall eg at når vi presenterer dei nye namna som vi kan gå god for, så er svaret at jo, det er vel og bra, men feilen er at namnet ikkje er kjent! Av den grunn gir ein etter nokre år opp å hevde at Oddmund Hagen både av Øystein Rottem og andre kritikarar blir nemnd saman med Askildsen eller ein Herbjørnsrud, og om eg skulle snakke for andre forlag, var det vanskeleg å forstå at ikkje BNB i si tid såg at Hilde Brunsviks siste roman var som skreddarsydd for medlemskjernen.

På side 47 har studentrapporten ei riktig og velfundert innplassering av aktørane i det litterære feltet i forhold til Bourdieus teori om symbolsk kapital, og haldningane til spørsmål 4. Her kunne det vore artig å sjå korleis ein plasserer dei ulike bokklubbane i dette, og eg vil nemne at at den som i si tid viste oss i LITINOR-prosjektet den skarpaste og strengaste Monitor-analysen av kvar ein kunne plassere Hjemmet, Cappelen og dei ulike bokklubbane i DnB i eit slikt punktsverm-diagram, var dåverande direktør i Hjemmets bokklubb, Svein Sandnes. Apropos: han blir litt historielaust berre omtalt som direktør for sistnemnde bokklubb i rapporten, mens rettleiarane burde gitt dykk opplysningar om hans langt lengre fartstid i BNB.

Kjepphestar og sakn:

Om eg skal avslutte med kva eg saknar, så er det rangering av litteraturprisane, problematisering av kritikarrolla, helst då i samanheng med medlemsblada si ureine samansausing av reklame, bokmelding, kritisk-informative intervju, ofte presentert av litteratar og kritikarar som elles har andre meir uavhengige roller. I den svenske ekskursen skulle eg gjerne sett noko om fenomenet "Ordfront", som både er forlag og bokklubb, men eles er eg imponert av heile kapitlet om det svenske bokklubbsystemet. Eg peiket ovanfor på nynorskstigmatsieringa, og kvinneprosenten blant forfattarane ropar også på kommentarar.

Eit anna ønske frå mi side ville vore ei sjangerproblematisering, som gikk i snevrare og meir presis forstand enn når rapporten lener seg på Øystein Rottems kapitteloverskrifter i hans nødvendigvis katalogliknande oppramsingar i NLHs siste tre band.

I samband med sjangerdrøfting eler typologsiering, ville eg nok også ha ønskt meg ein drepande analyse av kvifor krimsjangeren har fått så dominerande plass: halvgode krim- og spenningsbøker går frå Bokklubben Krim og Spenning til å bli hovudbøker i NB og DB; eit faresignal som på kort sikt aukar den økonomsike kapitalen, men som på lengre sikt kan øydeleggje den symbolske. Greitt nok at nesten alle Kjærstads romanar, og somme av Fløgstads har hatt kriminaintrigen som motor, men blir det for mange titlar av Holt, Fossum, Lindell, osv, kan den hardt opparbeidde prestisjen og ryet for kvalitet slå sprekker både melllom lek og lærd

Paradokset er at ein frå 1980-åra, gjennom BNB la lista så høgt, både i medvitet til forfattarar, forleggjarar og formidlarar og medlemskjernen at "æra" ved å bli hovudbok var større enn å vinne dei fleste litterære prisar. I dette perspektivet ville korkje Escarpit eller Bourdieu få vårt særnorske litterære bokklubbterreng til å høve med dei litteratursosiologiske karta dei har for Frankrike, England eller USA , like lite som Hans Hertel kan jamføre mekanisk med tilhøva i Danmark er Per Gedin kan dra parallellar med svenske forhold, slik tyske litteratursosiologar vil trø feil om dei overfører Habermas-analyse ukritisk frå tyske til norske bokklubbtilhøve.

Via Bjørn K. Nicolaisen, så veit den franske litteratursosiologen Pierre Bourdieu ein del om Norge og om nynorsken, og BKN har faktisk også prøvd å forklare han bakgrunn for og mekanismane i Innkjøpsordninga. I det perspektivet kunne PB tenkast å hevde at Kulturrådets litterære utval, irekna ankenemnda, i vårt land spelar ei sterkare rolle i det litterære feltet vårt enn dei opne kritikarane, universitetstilsette sine kanon-lister, stipendkomitear, det litterære råd og prisjuryar.

I denne "feltanalysen" var det som kjent slik at vi fekk ein "nulledebatt" etter bevisste eller klossete lekkasjar, der td litteraturformidlaren Jahn Thon, frå å ha ein perifer outsiderposisjon som sporadisk meldar i Klassekampen, brått kunne få større makt enn det samla kritikarkorpset i dei riksdekkande avisene tilsaman. Ingen skal fortelje oss at han ikkje elska den rolla, medan vi forlagsredaktørane med (u?)rette kjende oss svikne av ein institusjon som vi stillteiande hadde lært å leve i innforstått parasittisk symbiose med; dvs vi har hatt gjensidig respekt for kvarandre så lenge vi hadde tilnærma konsensus om kvar lista for "nullingar" skulle liggje. Samtidig er det eit problem, som av oss gjerne skulle sett belyst, at kvalitetsbokklubbane sitt repertoarval stundom ser ut til å gå i så klår populistisk retning, at vi år om anna får hovudbøker som blir marknadsført primært gjennom forfattarnamn, men som kunne risikere å bli nulla.4 Og uansett kva ein meiner om dei aktuelle titlane, er det ei dårleg forvaltning av den heroiske kvalitetsmedvitne arven frå pionerane med Bjørn Asbjørnsen, Svein Sandnes og Jon Østbø i spissen om ei kjernegruppe av medlemene med trygg habitus og passe litterært snobberi, skulle byrje å rynke på nasen og betvile at BN og DB lenger kunne forvalte deira litteraturval.

Eg vil her minne om at då innkjøpsordninga vart drøfta på LITINO-konferansen på Ustaoset i 1992, stod BNB-direktør Jon Østbø for eit kort og perspektivrikt forsvar, der han understreka at vilkåret for at BNB og DnB-klubbane generelt i europeisk og internasjonale bokklubbjamføringar kan skryte av at dei held og heldt ein så suveren høg profil, er den nærast risikofrie, automatiske og ikkjebyråkratiske tankegangen og praksisen som ligg til grunn for Innkjøpsordningane våre!

Kjartan Fløgstad er i studentrapporten sitert for å ha karakterisert BNB som eit mirakel, - eg vil vel seie at det er eit under, om ikkje nett eit vidunder. Men BNB må altså vakte seg for ikkje å få meir makt enn ære. For Bourdieu har faktisk rett i at de bevegar dykk i eit felt der de er avhengige av at både råleverandørar, formidlarar og medvitne mottakarar er samde om og har felles interesse av at den gode smak blir diskutert og utfordra, strekt og tøygd, men der dei også ser at makta og marknadskreftene ser at det løner seg å investere i kvalitet og i utfordringane.

Avsluttande appell: Når prosjektrapporten opnar med å seie at Universitet skulle vise korleis humanistar kan vere attraktive for næringslivet, så er det ved å insistere på dei sine faglege humanistiske kvalitetar. De skal ikkje primært vere gode til å rekne og telje bestseljarar og bokklubbøker, de skal vere gode til å lese - alle slags bøker - både dei gode, dei likegyldige og dei dårlege, slik at dei mest uventa bøkene kan bli bestseljarar, anten det no blir i bokklubb- eller bokhandel, og så kan ein overlate til andre å addere dei to kategoriane.

Fotnoter:

1Bjarne Buset og andre korrigerte fleire faktiske feil og somme av dei billigaste poenga i innlegget mitt, og i allfall desse feila er retta opp i herverande versjon.

2 I ein artikkel i Nationen (19.12.99) kunne IdaLou Larsen bidra med avslørande detaljar om kor vanskeleg det er å få rett talmateriale frå forlaga: for fleire titlar kunne ho dokumentere at offisielle bestseljartal frå sal gjennom bokhandel, stundom var støre enn opplagstala forlaga opererte med i juleannonsene …

3Då IdaLou Larsen i ordskiftet bad om å få stadfesta denne endringa, kunne Buset og Einarsson dessverre bekrefte at praksisen framleis var slik eg frykta.

4Innlegget vart halde dagen før Aftenposten kunne røpe at Vetle Lid Larsens 1999-roman var blitt nulla av Kulturrådets ankenemnd.