SNUR: Etter nokre år med ein svært positiv trend der fedrane tok meir ansvar heime, og mødrene blei meir på jobb, stoppar ikkje utviklinga no opp. Den snur, skriv Ragnhild Lied. Foto: Jan Haas / NTB Scanpix 
SNUR: Etter nokre år med ein svært positiv trend der fedrane tok meir ansvar heime, og mødrene blei meir på jobb, stoppar ikkje utviklinga no opp. Den snur, skriv Ragnhild Lied. Foto: Jan Haas / NTB Scanpix Vis mer

Meir på jobb og mindre heime

Kuttet i pappapermen er eit godt eksempel på korleis regjeringas likestillingspolitikk slår ut i praksis.

Meninger

Likestilling handlar om meir enn fedrekvote, skriv likestillingsminister Solveig Horne i eit svar til kronikken min i Dagbladet om at regjeringas likestillingspolitikk er ein illusjon. I praksis har kutt i fedrekvoten ført til at fedrane blir meir på jobb, og mødrene meir heime.

Dette går fram av statistikk frå Nav. Etter nokre år med ein svært positiv trend der fedrane tok meir ansvar heime, og mødrene blei meir på jobb, stoppar ikkje utviklinga no opp. Den snur.

Kuttet i pappapermen er eit godt eksempel på korleis regjeringas likestillingspolitikk slår ut i praksis. Og ja – likestilling er meir enn fedrekvote.

Mellom anna har vi ein eigen likestillingslov. Den kallar Horne «bare et symbol». Ja, den er eit symbol – men eit viktig symbol på at vi i Noreg tar likestilling på alvor.

Til og med førande lovforståarar og jussprofessorar meiner at likestillingsloven er eit viktig symbol. Loven skal særleg styrke kvinners stilling, og næringslivet og offentlege styresmakter skal aktivt bidra til likestilling og rapportere kva som er gjort for å oppnå det.

Horne vil også fråta Likestillingsombodet makt, og ho har levert ei likestillingsmelding nærast utan tiltak. Horne har gode intensjoner. I likestillingsmeldinga snakkar ho fint om likestilling og har ei god skildring av situasjonen, men eg ser lite aktiv politikk som faktisk fører til meir likestilling. Det er snarare det motsette som skjer.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.