STATEN SPARER: Britiske Go-Ahead vant anbudet på drift av togtilboda i Sør-Noreg. Dette skal dei gjere med eit minst like godt togtilbod, samstundes som staten dei neste ti åra skal spare over 3 milliardar kroner samanlikna med dagens ordning. Dette viser at konkurranse fungerer, skriv innsendaren. Foto. NTB Scanpix
STATEN SPARER: Britiske Go-Ahead vant anbudet på drift av togtilboda i Sør-Noreg. Dette skal dei gjere med eit minst like godt togtilbod, samstundes som staten dei neste ti åra skal spare over 3 milliardar kroner samanlikna med dagens ordning. Dette viser at konkurranse fungerer, skriv innsendaren. Foto. NTB ScanpixVis mer

Debatt: Jernbanepakke 4

Meir presist om sjølvråderett, takk!

Det er eit realt politisk spørsmål om ein er for eller mot konkurranse, men det er ingen grunn til å overdrive eller skape eit feilaktig bilete av konsekvensane av pakka.

Meninger

Ida Søraunet Wangberg frå Manifest tankesmie har nok hatt litt for høg temperatur i smia når ho har skrive debattinnlegg (18. oktober) på bakgrunn av Andreas Øklands kommentar om EUs fjerde jernbanepakke i Dagbladet,15. oktober.

Jon Georg Dale.
Jon Georg Dale. Vis mer

Kommentaren trakk fram eit poeng som nok ikkje var positivt blant motstandarane av jernbanepakka på venstresida. Poenget var at argumentasjonen mot pakka vitnar om lite sjølvtillit på vegne av motstandaranes eigne argument mot konkurranseutsetting.

Wangberg tar litt for hardt i når ho skriv om sjølvråderett og EUs fjerde jernbanepakke. Og ho kan neppe ha lese departementets høyringsnotat om saka særleg grundig. I dei tilfella ein måtte ønskje å direktetildele ein kontrakt om offentleg kjøp av persontogtransport, fordi det kan gi betre kvalitet på tenesta, er det ikkje noko «EU-organ» som skal prøve avgjerda. Det skal vere eit uavhengig organ som skal prøve desse vilkåra. I høyringsnotatet går det tydeleg fram at det vil vere føremålstenleg å utpeike Statens jernbanetilsyn som eit slikt «uavhengig organ».

Det er eit realt politisk spørsmål om ein er for eller mot konkurranse, men det er ingen grunn til å overdrive eller skape eit feilaktig bilete av konsekvensane av pakka.

Staten kjem framleis til å organisere togtilbodet. Denne regjeringa er positiv til konkurranse framfor direktetildeling som verkemiddel, fordi det legg til rette for eit betre togtilbod og meir effektiv bruk av skattepengane. Både offentlege og private, nasjonale og utanlandske, kan delta i konkurransane.

Det britiske, privateigde Go-Ahead har nettopp vunne konkurransen om å drifte togtilboda i Sør-Noreg. Dette skal dei gjere med eit minst like godt togtilbod, samstundes som staten dei neste ti åra skal spare over 3 milliardar kroner, eller om lag 50 prosent, samanlikna med dagens ordning. Dette viser at konkurranse fungerer.

Vi skal framleis ha kontroll på jernbanen. Mellom anna kan vi organisere jernbanesektoren som vi ønskjer, vidareføre eigne sikkerheitskrav, i tillegg til at krav til kompetanse og opplæring for lokførarar ikkje blir endra. Statens jernbanetilsyn skal gjennomføre kontroll og tilsyn med togtrafikken i Noreg – akkurat som før. Vi har ingenting å frykte.