Meir seg sjølv for kvar bok

Ny raus samling med birkedalske slentredikt.

BOK: Har du sansen for Birkedal-dikt, så vil du nok kjenna deg hjarteleg velkomen inn i hans univers på ny i denne samlinga. Om det er den same glipa som Cohen syng om, denne vesle opninga der lyset kjem inn, eller om det er der ei anna verd viser seg - som er gjennomgangstema - er opp til deg å finna ut: Du ser deg mett,stirer deg blindpå ei greie.Så ser du greiasom noko annaatt. Så ser duglipene. Glipenei røynda. Røyndai glipene. Og me får alle dei andre Birkedals-ingrediensane med på kjøpet; platesamlinga, Johnny Cash-konserten, kasettbandsløyfekluss, b-sidene og det sikre grepet om den dialektfarga nynorsken. Det ikkje så ofte stilte spørsmålet om kor det vart av barndommens fotballhelt, det vert her stilt for godt i diktet «Sallan, Allan». Og i dikta om faren som menneske og ånd, rissar Birkedal røynda fram med inderlege og konkrete, årstidsnære bilete som veks under lesinga. Birkedal tek eit steg vidare i si allmenngjering av det som er snevert lokalt, og gjennom eit stødig poetisk handverk i høve til klang og linjedeling, kjenner me at dette er poesi som kan vera gyldig over alt der det finst menneske som har levd og hatt ein far. Han utnyttar dette temaet med glipe, stripe, opning, til å famna både Uria som sit og ventar på nye ordrar med ein mogleg utpost og ei morgonsol i glipene mellom tærne, her er kyststripe og gliper i altarringen, Og vil du sjå: I skuggeveggenunder vindauget, leselysethennar. Kven andrestår der ennrøynda, den gamlerundbrennaren? Ser du,han har stått der, hanhar glist fult ogbreitt heile dagen. Og her er vakkert skildra den glipa i kvardagen som oppstår då han får vita uventa nytt om alle bokvennars mann, Odd Noreger som dreiv Stavanger Antikvariat: «Eg troppar opp i ei/røyketrapp, der ein utekompis/slepper bomba: vår gode mann,/kroverten, bokvennen, gjekk/bort og døydde no først/i helga.» Det ser så lettskrive ut, men her er ei behersking av det lydlege og det kjenslemessige i slike dikt, som viser at Birkedal gjennom sitt langvarige og standhaftige strev med dikt etter dikt, har nådd eit nivå der den eine linja etter den andre slentrar naturleg fram, men når ein ser etter i sanden, så står det ei særs vakkert utforma fotsporkurve der. Og når ein ser etter på den brune pubdisken, så dannar ringane etter halvlitrane ei rose som er avtrykk av liv.