Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Mellom dei små profetane

Ein kamel har kome gjennom nålauga.

KORSFARAREN SELBEKK: Her på politisk debattmøte hos Levende Ord i Bergen.
KORSFARAREN SELBEKK: Her på politisk debattmøte hos Levende Ord i Bergen. Vis mer
Kommentar

DENNE VEKA har det vore politisk ukorrekt å ha to tankar i hovudet på ein gong. Enten er du for krenkande blasfemi, eller så er du mot ytringsfrihet: «Når de talar, so lat det vera ja, ja og nei, nei! Alt som gjeng yver det, kjem av det vonde» (Matt 5,37). Satire er å setta ting på spissen, men når det unisont korrekte er så klart og tilspissa, er det ei satirisk oppgave å rota det til. Karl Marx meinte at religion er sløvande opium for folket. I vår tid er nok religion meir som ecstasy — både for pressefolk og det islamske foket.

DENNE SPALTESKRIVAREN påberopar seg ein lang og tapper innsats for å krenka religionsstiftarane Paulus og Martin Luther, hetsa kristendommen som ei landeplage og latterliggjera bedehusfolks meiningar og såra deira kjensler. Eg har fått høyra at dei er såra, og dei truga den formastelige med evig pine i Helvete, mens dei sjøl var på den rette vegen til eit liv i Paradisets salighet for å kosa seg med salmesong, feite rettar og gamal vin — og kanskje ei og anna jomfru. Men då kristenfolket slutta å fordømma meg, men lova å be for meg i staden, måtte eg innsjå at slaget var tapt.

DU SKAL ALLTID mistru konvertittar, for dei har eit omdømmeproblem. Eg må innrømma at det er ei overvinning å bøya kne for redaktør Vebjørn Selbekk og hans omvendelse frå provoserande bibelfundamentalist til prinsipiell ytringsfrihetsfundamentalist. Like vanskelig som for ein kamel å koma gjennom eit nålauge (Luk 18,25). Eg har hatt berøringsangst og sett han som eit får i ulveklede som ikkje held styr på splintar og bjelkar (Matt 7,3). Men eg har kome over mine fordommar og vedgår at Selbekk ikkje kan haldast ansvarlig for alt det sære og ufyselige trusfellane hans står for i det sæle baklandet av bokstavelig bibeltru, anti-islamisme, homofobi og kristen-sionisme.

DET ER IKKJE karikaturar i seg sjøl som er synd, men det dei kan føra med seg. Dei har gjort den karikerte Vebjørn Selbekk med den artige sveisen til korsfarar for blasfemi og ytringsfrihet. Under tvil, og på prøve, går eg med på å rekna han mellom dei små profetane saman med Amos, Jonas, Habakuk, Malaki og Løken Stavrum. Men eit hakk under dei store profetane Jesaja, Jeremias, Esekiel, Muhammed, Stanghelle og Kokkvoll. (fvmd)

FREMSKRITTSPARTIETS biljardkuler klarer ikkje å få Mulla Krekar ut av landet på grunn av desse fortærande menneskerettane. I staden vil dei senda han ut på landet. Slik er det blitt i våre urbane sentraliseringstider: Å ikkje få bu i Oslo er ei straff, jamgodt med å bli forvist til indre eksil, og Bjørnøya er alltid eit alternativ. Fleire Frp-ordførarar i avkrokar med behov for arbeidsplassar i vektarbransjen har meldt seg frivillig, men Jan Tore Sanner og sentralregjeringa vil nok heller satsa på større og meir robuste kommunar. Eller leigd fengselsplass i Nederland. Det er jo også mye ledig i Sibir og etter kvart på Guantanamo.