Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Mellom helvete og UNE

DET HENDER EG undrast når eg ein sjeldan gong møter folk som gjer alt rett og har alle dei rette meiningane. Dei fleste av oss er vel på leit etter betring, vi vil medverka til eit samfunn som er hakket betre enn i dag. Slik oppfattar eg Olaf Thommesen sin kronikk i Dagbladet 5.2. Han er ikkje nøgd med dagens flyktningepolitikk. Han vil ha endring og uttrykkjer seg i sterke ordelag om det. Eg skjønar han. Eg har også hatt høve til å lesa ei rekkje einskildsaker. Det er eit mønster i dei. Det synest som om det høvet Utlendingsnemnda har til å nytta skjønn ikkje vert tilstrekkeleg nytta. UNE kan i langt sterkare grad enn i dag leggja vekt på sterke menneskelege omsyn eller tilknyting til riket. Det er rom for å tøya skjønnet lenger og såleis ivareta ein meir human praksis. At elleve organisasjonar i haust truga med å trekkja seg og lekfolka sine ut or nemndsarbeidet fordi dei vart for lite brukte, understrekar dette aspektet.

Direktøren i UNE, Terje Sjeggestad, har i Dagbladet 11.2 ei anna meining. Han synest å vera nærast fullkomment tilfreds med det arbeidet UNE gjer. Han er ikkje på leit etter betring. Det gir grunn til både undring og uro. Sjeggestad viser til at UNE nyleg er evaluert og at mange rosande ord kjem nemnda til del i den samanhang. Han unnlet å fortelja at evaluerings-rapporten peikar på tydeleg betringspotensiale. Stortinget uttalte seg om rapporten i haust. Kommunalkomiten fann grunn til å minna om at intensjonen med nemnda var større rettstryggleik. Ap, SV og Sp understreka behovet for at fleire saker vart handsama i full nemnd, at klagaren har større høve til å møta i nemnda og at ein føretek ei presisering av omgrepet «tvilstilfelle» for å klargjera kva saker som skal gå for full nemnd.

Ei rekkje einskildsaker har i det siste gitt grunn for ytterlegare søkelys på UNE sin praksis. I Thien Thi Vo si sak brukar UNE det at det er ført ein konsekvent praksis mot høvet til å ta menneskelege omsyn.

STORTINGET MÅ no ta ansvar for eit lovverk som sikrar ein annan og meir romsleg praksis i UNE. SV og Sp har tidlegare utfordra Erna Solberg til å ta initiativ til utdjuping og presisering i forskrifts form. Ho har vore påfallande tilbakelent. No har Stortinget eit nytt høve. Vi har ei lovsak om styring på utlendingsfeltet til handsaming. Eg vonar Høgre og Kristeleg Folkeparti tek Thommessen og Venstre si oppmoding på alvor. Då kan vi saman sikra at nokre fleire får oppleva at sterke menneskelege omsyn faktisk betyr noko.