SKYLLER: I Øyvind Rimbereids diktsamling møter vi en kar som reiser rundt i landsbyen og henter inn skyller. Som ung gutt utførte anmelderen av diktsamlingen nettopp denne typen arbeid. Anmelderen er avbildet hengende på siden av vogna på dette bildet.
SKYLLER: I Øyvind Rimbereids diktsamling møter vi en kar som reiser rundt i landsbyen og henter inn skyller. Som ung gutt utførte anmelderen av diktsamlingen nettopp denne typen arbeid. Anmelderen er avbildet hengende på siden av vogna på dette bildet.Vis mer

Mellom kvardagsleg tale og blømande hestedikting

Sidene i Øyvind Rimbereids bok skin med ei mangetydig kraft.

ANMELDELSE: Hesten Jimmen og eigaren hans snakkar i dette diktet. Desse hentar matavfall hjå folk i byen.

Arbeidet vekker minner for meldaren, då han sjølv var med i ein gjeng gutar som henta sydre med hest, før loven som kravde strengare sterilisering kom i 1962.

Det er overraskande å møte dette i ei diktsamling. Og boka byr på fleire overraskingar; hesten snakkar eit klangfullt språk med innslag frå eddadikting og folkeviser.

«Morgon morgons/upp til soli og i graset/og til dropar attum stråi/so deim mykje helsar.»
Hest og herre Dette opnar samanhenger til myte og tradisjon. Samstundes tek hesten tunge tak i kvardagen.

Rimbereid maktar å halde både språkleg stringens og mjuk melodi medan han driv handlinga framover med lause taumar. Forholdet mellom hest og herre er inderleg skildra.

Ikkje minst der Jimmen vert strigla «nedum bog og longe under òg». Herren til Jimmen står lågt i hierarkiet. Over han står grisebonden som betalar løna. Men hesteeigaren er lågare enn alle. Han er nattmann òg.

VAKKER DIKTBOK: Øyvind Rimbereid. 
Foto: Gyldendal
VAKKER DIKTBOK: Øyvind Rimbereid. Foto: Gyldendal Vis mer

Han tømer holkane på utedoane. Det er så langt nede på rangstigen at han må gjera seg usynleg. Han gjer det som ikkje vert gjort:

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Då fins eg ikkje.»

Oljeplattform I førre samlinga Herbarium var det blomen som var tema, nå er det avfallet. Men dette heng tett saman. Frå kompost, søla og møkk kan nye blomar veksa. Utan mold, inga lilje.

Òg den nye tida kjem til syne gjennom bygginga av ei oljeplattform. Denne snakkar hesten med som om den var ein mykje større hest.

Boka har eit gjennomgåande tema; endring og forgjenglegheit. Dette at organisk liv gjennom ulike prosessar oppstår i nye former, matavfall vert omforma til grisekjøt, restar etter organisk liv vert under press til olje.

Det er som om både Forkynnaren sin tekst: «ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja», og kjernen i Buddha sin bodskap, at alt endrar form, anicca, vert levandegjort i Stavanger på 60 og 70 talet.
Avfall Avfall er det som mesteparten av handlinga krinsar om. Men ved å la olje og sydre gli saman på denne måten,:
 
«For condeepen ska ud te der syddrå boble. (...) Han ska du te der alt grønt/blei te brunt og brunt te blått, og så te svart,» understrekar poeten korleis ny rikdom veks frå gamle restar.

I røynda vart den første condeepen levert 1975, lenge etter at det var slutt med sydrekøyringa på denne måten. Rimbereid gjer eit litterært grep og set saman to fenomen som ikkje eksisterte samstundes.

Med enkel ordbruk og i kontrasten mellom kvardagsleg tale og blømande hestedikting skin desse diktsidene med ei mangetydig kraft.
Lys bok Eg opplever det som ei lys bok. Høgt og lågt, før og nå, menneske og dyr, myte og røynd, inngår i ein stor og levande heilskap.

Mellom kvardagsleg tale og blømande hestedikting

Siste delen fører alt dette saman. Hesteeigaren får eit fatalt hjarteanfall og medan han meir og meir snakkar same språket som hesten, går han inn i lyset og myten.

Diktet sluttar og vår stille applaus tek til.