Men Hegge, da!

SPRÅKSTRID: Språkkommentator Per Egil Hegge slår fast i Dagbladet den 30. april at Lomheim er ein \'forvrøvlet direktør\'. Fordi Lomheim skal ha sagt at \'vi ikke trenger en ny, stor bokmålsordbok\'. Det eg svara på, var eit spørsmål frå ein journalist om me ikkje burde ha eit stort ordboksverk på bokmål à la dei to store ordboksprosjekta som me har i dag - Norsk riksmålsordbok (i seks bind) og Norsk Ordbok (i tolv bind). Eg svara nei, fordi desse to ambisiøse oppslagsverka langt på veg dekkjer ordtilfanget i norsk for både målføre, nynorsk og bokmål/riksmål. Nota bene: desse to store oppslagsverka dreiar seg ikkje om rettsskriving, men om ords bakgrunn, tradisjon og bruk.

SKAL ME HA eit større ordboksverk for bokmål, bør det ikkje bli laga ut frå lesten til desse to store oppslagaverka. Meiner eg. Og berre så det er sagt: eit større ordboksverk for moderne bokmål treng me. Det kan forresten ei forsamling på om lag hundre menneske stadfesta at eg sa - dei som høyrde foredraget mitt på Oslo Katedralskole den 27. april i samband med markeringa av Knudsen-biografien til Egil Børre Johnsen.Hos Hegge blir altså dette til at Lomheim ikkje ønskjer fleire bokmålsordbøker enn det me har i dag. Eg må innrømma at eg ikkje visste at Hegge var tilhengjar av den velkjende devisen: \'Never check a good story!\'Endå alvorlegare er det at Hegge nyttar høvet til å fortelja dagbladlesarane at Språkrådet ikkje arbeider med ordbøker, og at Språkrådet ikkje gjer jobben med å svara på spørsmål frå publikum. \'Der får du ikke engang svar på henvendelser\'. Medan det kjem haugar av førespurnader til Hegges språkspalte.

FOR DET FØRSTE: det er rett at Språkrådet ikkje er eit ordboksinstitutt. Det har aldri vore meininga heller. Men eg nektar nesten å tru at Hegge følgjer så dårleg med at han ikkje veit at Språkrådet både har gjeve ut eigne ordbøker og vore med på å gje ut ordbøker (t.d. Nynorskordboka og Bokmålsordboka).For det andre: Kvar dag, kvar veke, året rundt svarar Språkrådet på tallause spørsmål om språkbruk. På telefonen. I tillegg til det svarar me skriftleg på om lag fire tusen brev i året (2005). Denne svartenesta er vår viktigaste samfunnsoppgåve. Sjølvsagt kan me gjera denne tenesta betre, men at mine medarbeidarar ikkje legg mykje innsats i dette arbeidet, er rett og slett usant. Sjølv om Hegge no er pensjonist, bør han ikkje slakka så dramatisk av på krava om å vera etterretteleg. Uttrykket \'en forvrøvlet direktør\' er forresten interessant. Hegge kunne kanskje forklara det ved eit høve?