Men inni kua er det kveld

Me må våga noko for å sjå språket og verda i nytt lys.

NÅR EG DRIV SKRIVEKURS, går eg alltid først ein runde med å løysa opp alvoret, det fastlåste og trua på at dikt skal vera på ein bestemt måte. Det kan til dømes vera tanken på at dikt er høgtidelege tekstar i nedstøva bøker skrivne av døde menneske. Sjølvsagt risikerer ein å fokusera for mykje på det sprø og absurde, på det draumeaktige og fantasifulle i høve til det potensialet som finst til å få skrive ut noko som verkeleg er djuptgripande alvorleg og viktig å få sagt. Men det kan ein alltids koma attende til.

Alltid kjem det fram overraskande ting som har ei spennande blanding av alvorlege tema og spenstig og sprø ordbruk. Det viktigaste med skrivekurs er jo at folk skal verta betre til å formulera ein tekst som vert interessant og fengjande for lesaren.

At ein lærer seg å oppdaga veikskapar og ting som får lesaren til å misse merksemda og konsentrasjonen om diktet. Og så i neste omgang; å stole på at eigne erfaringar og eigne ord er gyldige byggjesteinar for gode tekstar. Eg vil gjerne at deltakarane skal skriva linjer som ingen nokosinne har lese maken til før. Og for å visa korleis det er mogleg, er humoren, spranget, den absurde og surrealistiske fantasien ei god hjelp.

TITTELEN PÅ DENNE leksjonen spring ut av eit bilete eg har på skrivebordet mitt av den polske plakatkunstnaren og illustratøren Rafal Olbinski. Kunsthistorisk kan ein nok kritisera han for å vera ikkje så lite av ein Magritte-kloning, men brått kan arbeida hans likevel få noko magisk over seg som gjer at verket overskyggar slike analytiske og kritiske tankar. Han skapar noko spennande og gjev oss ei sterk oppleving sjølv om det er innanfor det optisk-surrealistiske universet som Magritte og Escher arbeidde i.

Dette aktuelle måleriet er eit vakkert landskap i mjukt dagslys med flate enger, ei tjørn, grønt gras. Over det heile ein roleg overskya himmel. Sentralt i bilete er ei stor ku som bøyer hovudet og et gras. Men inni kua er det kveld. Kua er gjennomsiktig og ein ser landskapet gjennom ho; ein veg som slynger seg mot synsranda under ein stjernehimmel. Over vegen svever ein lys, lilla, fotsid kjole i ein kleshengar. Det gjev meg denne spesielle kjensla av å gå over i eit nytt område å skriva denne setninga ”Men inni kua er det kveld.”

Det nye ein kan skapa, vert skapt i utkanten av det som er kjent frå før.

Kan henda var det det at eg har ein bilethoggarbror som gjorde at eg med poesiens særeigne opningar, ville prøva å sprengja nokre grenser for kva ein skulptur kan vera, i følgjande dikt?

Hovudet til

den aldrande Chaplin

idet han framstiller

eit japansk kirsebærtre.

Hovudet er laga av flammebjørk.

Heile skulpturen

er kledd med aluminiumsfolie.

Sirkelhol

til pupillar.

Kring handledda

lærreimer

med spenner.

Han står på eit teppe

av krut og pianotonar.

På smilerynkene

er det festa

ørsmå datoar

der tala er laga

av menneskelemmar.

Skuggen mot veggen

er ei blå sorg av mold.

På den eine hælen

er dette diktet skrive

med kinesiske teikn

som kan forvekslast

med risp av ein

svært liten pisk.

(Frå Inntil vidare ventar me her. Samlaget 1998)

ME SKAPAR ALTSÅ vanlegvis nye ting i utvidinga av det området som språket alt har dekka, og gjerne har byrja å dekka over. Kanskje er god poesi like mykje eit spørsmål om å ta bort det vanlege språket, vanetenkinga og visa fram kva som ligg under? Går det an?

Språket er, som så mange teknikkar og kommunikasjonsverktøy, noko som kan nyttast til å sementera det som alt er slått fast som ”sanninga”, eller det kan røska opp i våre fordommar og vanetenking og visa fram noko ferskt og pulserande, ofte noko avslørande. Me kan i diktinga vår, ta fram eit ord, og vurdera kva det vanlegvis tydar, kva me tykkjer det tyder og kva me ønskjer det skal tyda. Einar Økland tek i boka Gull-alder ein farge opp til slik vurdering.

RAUDT

Skal raudt bety noko spesielt?

Noko anna enn raudt?

For raudt til å kunna seiast

slik som det er?

Skal raudt bety kjærleik?

Bety kommunisme?

Revolusjon

eller blod?

Skal alt dette springe ut

or den flate raudfargen?

Det undrar eg meg på

når eg ser den.

Ein stygg farge,

seier eg til meg sjølv.

Ein unaturleg farge.

Men ein nødvendig farge.

Ein farge som set meg i uro.

Ei forferdeleg uro.

Ei heilt unaturleg uro.

Den ligg som ei presenning over lasta.

Alt mulig kan vera i lasta.

Eg kan ikkje la vere å spørje

etter det som ligg under det raude.

Raudt.

Eg freistar halda kjeft.

Eg freistar sjå raudt.

Her vil eg gjerne visa til den fine danske poeten Inger Christensen som i eit intervju har sagt: ”Noe av det som gjør kunst spennende i forhold til annen tankevirksomhet, er at man der kan etablere en fiktiv måte å tenke p兔, og vidare: ”Jeg kan ikke la være å forestille meg … språket som en labyrint, der gangene hele tiden faller ut, fordi ordene bare bygger dem opp i forbifarten på sin uendelige vei mot tingene, hvis skygger ligger begravde der bak et sted i de sammenstyrtede gangene. Og at disse labyrintene ånder, åpner og lukker, dreier og speiler seg selv og hverandre, og lar alle disse speilbildene sive ut og inn gjennom hverandre, som verdensbildets åndedrag. (Omsett av Liv Lundberg. Frå ein artikkel i Lyrikkmagasin, nr. 8, 1996). 

EIN NORSK FORFATTAR som arbeider i eit grenseland der alvor og humor inngår i ei svart legering, er Arne Østring. Men han er også oppteken av at det finst noko erfart i den gode teksten. Han seier i eit intervju:

«\'Virkeligheten\' og den situasjonen vi befinner oss i, er mer paradoksal, meningsløs, latterlig, tragisk, fortvila, umulig, usannsynlig, idiotisk osv. enn noe som helst noen kunne vrenge ut av seg. Jeg tror virkelig at mennesket er "godt på bunnen" og at dets potensial er uoverskuelig, enormt. Likevel er det redusert til et bevisstløst og lidende krek ute av stand til å bygge en fornuftig eller varig sivilisasjon, og vanviddet, destruksjonen og det irrasjonelle springer en i øynene overalt. Og for å hekte dette på det skrivetekniske: En tekst som bare er alvorlig og tragisk, blir fort endimensjonal, flat, den skriker etter å deformeres eller motsis innenfra, og komikk kan være ett element i dette. Og motsatt. Teoretisk er det banalt, men jeg tror det må være opplevd, eller på et vis gjennomtrenge den som skriver, for at teksten skal fungere eller bli annet enn overflate. Og jeg kunne selvfølgelig sagt noe annet.»

I DEN TIDA EG har vore lærar på Diktkammeret, tykkjer eg at mange av dei som skriv har vorte flinkare til å utnytta den fridommen som diktskrivinga kan opna for oss. Menneska er ofte tryggleikssøkjande, og det er lett å påvisa det som Erich Fromm kalla ”Flukta frå fridommen”.

Me må våga noko for å sjå språket og verda i nytt lys. Eller i nytt mørker. Å gå inn i labyrintane er ingen leik. Kanskje finst det ein Minotaurus der inne. Kanskje finne me ikkje attende til inngangen/utgangen. Kanskje kjem me til å tenkja noko nytt om oss sjølv eller omverda? Og eg kunne sjølvsagt ha sagt noko anna.

TORVUNDS INSPIRASJON: Den polske plakatkunstnaren og illustratøren <a href="http://www.polishhomefoundation.org/events/Olbinski/Olbinski_gallery5.htm">Rafal Olbinski</a>.