MARTIN MASSIV: Ute med album på nittitalsformatet CD. Foto: Privat
MARTIN MASSIV: Ute med album på nittitalsformatet CD. Foto: PrivatVis mer

... men norsk ræpp var ikkje daud som ei sild

Ein dopa antroposof snakkar ut. Mange ord, med andre ord. Word.

Korleis står det eigentleg til med «vanleg norsk rap»? Du veit, slik rap som ikkje er hedonistisk trap med autotune eller RnB-crooning. Slik rap som heller ikkje er utleverande historier om eigen identitet over sjangeroverskridande beats. Slik rap som i alle fall ikkje er positiv og fylt med godt humør. Me snakkar om den ekte, nittitalsinspirerte rappen med punchlines, battling og skills. Rap for rappens skuld. Den slags rap dei fleste av dagens vaksne rapparar kjem frå, men òg har flykta frå.

Denne rappen — eller ræppen som Dagbladet likte å stave det på nittitalet — har aldri forsvunne heilt, men han har lege lågt lenge no. Han har overlevd i den såkalla undergunnen; på jams, på mixtapes og i dedikerte miljø, som til dømes gjengen rundt Skeez TV (eit konsept der MC-ar battlar kvarandre med skrivne rim utan beats).

«Well, daddy, don't you know that things go in cycles» rappa Q-Tip i 1991, og mykje kan tyde på at denne gammaldagse gullalder-inpsirerte hip-hoppen er på veg tilbake til overflata. Nettstaden Soundcloud renn over av unge beatmakarar som lagar boom bap ved hjelp av vinylplater og samplarar — musikk frå den tida dei låg i mors mage, laga med verktøya frå den same tida. Eivind Øygarden frå Vinje i Telemark, som rappar på engelsk under namnet Ivan Ave, har lenge vore ein av dei flinkaste her heime. Han er for umoderne til eit stort kommersielt gjennombrot, men med sin meir tilbakelente og jazzete nittitalsstil har han funne sin nisje i nisjen, og gjer det godt internasjonalt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

No har me fått eit nytt strålande talent av ein rappar på morsmålet òg: Martin Massiv, ein 27 år gammal «bygdetulling» frå Sørumsand i Akershus. Han har halde på lenge, og vore svært produktiv, mellom anna i duoen Evneverk i lag med veteranen (og tydelegvis eit av Martins forbilde) Hajoken. Men det er på si eiga debutplate, «D.O.P.F.G» som kom i januar, at Martin for alvor har tatt av.

Martin Massiv får det til å høyrast lett ut. Stavingane berre renn ut av han, og vert eit vegg-til-vegg-teppe av multirim. Her er det ikkje nok med enderim som hus/mus; dei fleste av Martins enderim er rim som går over fleire stavingar. I tillegg krydrar han med rause mengder bokstavrim og innrim. Her er rim overalt, og han tar sjeldan pustepause, men han leverer med eit avslappa og litt monotont flow, så det aldri vert for masete.

Eit typisk ankepunkt mot desse flinkisrapparane er — ofte med rette — at den tekniske nerdinga tar for mykje plass; det vert meir teknikk enn musikk. Det er òg sjeldan at dei beste fristilrapparane er dei beste til å lage gode låtar.

Den sjølvbevisste Martin Massiv, med ein lang Skeez TV-karriere bak seg, veit alt dette så inderleg vel, og kjem alle i forkjøpet allereie i tittelen på plata: «D.O.P.F.G» står for Den Obligatoriske Punchlinekavalkaden Før Gjennombruddet. Plata kunne like godt heite «Ja da, jeg veit, jeg veit (men prøv å hør)». Og allereie på spor tre set Martin Massiv kritikarane på plass, på sarkastisk og sjølvironisk vis: «De kidsa innbiller seg sikkert at jeg liker musikk / Liker det litt, men mest bare stolt av egen skriveteknikk».

I tillegg til hip-hop, består Martin Massivs lyriske univers av følgjande hovudtema: Det fattige bohemlivet, alternative tankesett og filosofiar, mor hans og mor di, cannabis og narkotika, krig og våpen, og kunst. Han har funne seg sjølv som rappar i ein slik grad at Martin Massiv og universet han har skapt, gjennomsyrar alle rima. Du finn alltid eitt, og ofte fleire av desse temaa i alle linjene — som i denne vittige kupletten: «Er han som lasta barneskoleranselen med dop / og fortalte at det er kool, mamma, jeg er antroposof».

Martin er òg tydeleg inspirert av surrealisme, og har ofte ein springande, train-of-thought-aktig måte å skrive på. Som når han lagar gode ordspel, som hintar nettopp til surrealisme, men bryt tvert over og rimar det på knastørr (sak-)prosa: «Jeg kan shotte en liter rom, jeg kan fornærme tid / bryter isen med fakta fra 2. verdenskrig».

Plata er proppa med sitatverdige linjer over like nittitalsinspirerte beats. Eit av platas beste vers er frå låten «Dekadent». Dette er 20 takter, altså 20 linjer — eller 20 bars som det heiter her — med typisk Martin: Battlerim der han briljerer med ordkunsten, men aldri mister sitt eige spegelbilete av syne. Han har ein 'ideell identitet' og eit 'sært sinn', og leverer eplekjekke og morosame punchlines som «kronisk fugleperspektiv til de får skutt oss ned».

Han dreg òg ein av sine finaste paradar med enderim på mange stavingar, og det er ikkje berre lydane som gir meining. Det ser du lett berre ved å kike på rimorda: «prakke på skam / Cappelen Damm / forlatt av forstand / (har ikke) klatra det grann».

Dei siste fire linjene i verset er eit godt døme på korleis Martin Massiv alluderer til moderne kunst for knapt hundre år sidan:

Iblant full på takt og prater Massivsk
Metronomen min er morra di som klapper den sarkastisk
Er blakk og har ikke planer fram, men barten min er klassisk
Donerer den til museet dagen jeg pakkes inn i plastikk

I den fyrste linja snakkar han 'massivsk' (dadaisme). Den andre linja høyrest ut som ei beskriving av ei scene frå eit surrealistisk måleri, komplett med freudiansk motiv. I dei to siste linjene nemner han ein 'klassisk bart' og 'museum', som i sum vert ein kjent spansk kunstmålar som han ikkje treng å nemne namnet på. Men Martin har ein god bart sjølv òg.

Mange kan skrive vittige punchlines, men ikkje så mange kan skrive dei så godt som Martin, og på same tid vere så til stades i sin eigne punchlines som han er. Slik vert det mykje meir enn humor.

I dag, når det meste av ny hip-hop nærmar seg synging, og ingen av smaksdommarane (Vers-redaksjonen inkludert) er særleg interesserte i reaksjonær nittitals-hip-hop og realness, så er det heilt på sin plass at Martin Massiv tar ein revansje på alle sine vegner, og viser at det er mogleg å gjere gammaldags spytting om til god musikk i 2016. God musikk er som kjent alltid personleg, og Martin klarer å teikne eit til tider surrealistisk men heilt truverdig bilete av seg sjølv, og viser korleis ein både kan vere personleg og ein flinkis, mens ein lagar gammaldags ræpp på ein ny og fresh måte.

Fundamentet er gammalt, men Martin har bygd sitt eige hus, og det står støtt. Døra står på gløtt. Kom inn.