UKLOKT: Finansminister Siv Jensens (FrP) (t.v.) og statsminister Erna Solbergs (H) forslag til endringer i Statsbudsjettet 2016 kan i verste fall føre til at fleire menneske må legge ut på flukt, skriver artikkelforfatterne. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
UKLOKT: Finansminister Siv Jensens (FrP) (t.v.) og statsminister Erna Solbergs (H) forslag til endringer i Statsbudsjettet 2016 kan i verste fall føre til at fleire menneske må legge ut på flukt, skriver artikkelforfatterne. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpixVis mer

Menneska som aldri bør flykte

Det er mange gode grunnar til at Norge ikkje bør bli den største mottakaren av norsk bistand. Alle dei menneska som aldri bør ha behov for å legge ut på flukt, for eksempel.

Meninger

Fredag la regjeringa fram sin tilleggsproposisjon, som viste korleis Norge skal møte utfordringane (og moglegheitene) med eit aukande antal menneske som søker beskyttelse i landet vårt. Regjeringa planlegg store kutt i langsiktig bistand for å finansiere nødvendige flyktningtiltak i Norge. Dei fattigaste skal altså betale for dei krigsramma.

Det er ei enkel og forutsigbar løysing, men knapt den klokaste eller mest framtidsretta. Når bistandsbudsjettet i aukande grad blir brukt til å ta imot flyktningar i Norge, blir Norge den klart største mottakaren av norsk bistand. Tidlegare har opp mot ti prosent av bistandsbudsjettet blitt brukt til flyktningtiltak i Norge. Regjeringa foreslår at dei same tiltaka no skal utgjere 21 prosent — som er meir enn alle nordiske land, også Sverige.
 
Vi er vitne til ein radikal endring av norsk utviklingspolitikk. Kva er det så regjeringa vel bort når dei kuttar i norsk, langsiktig bistand? Tre land i Afrika kan gje oss nokre eksempel.
 
Etter revolusjonen i Tunisia i 2011 har Norge bidratt med 3,5 millionar kroner til arbeidet med ei ny, demokratisk og samlande grunnlov for det nordafrikanske landet. Resultatet er oppløftande: Tunisia har inkludert ungdommar, kvinner og folk frå distrikta i arbeidet — totalt 32 000 menneske — for å sikre ei inkluderande og legitim grunnlov. Kvinnerettane vart tydeleg ivaretatt i den nye grunnlova, saman med ein paragraf for å styrke beskyttelsen av menneskerettane. Den nye grunnlova er så god at den — og arbeidet med den - var utgangspunktet for tildelinga av årets Nobels fredspris. Sjølvsagt har ikkje Norge åleine oppnådd dette, men det ville heller ikkje vore mogleg utan midlar utanfrå.
 
I Tanzania har norske og tanzanianske skattestyresmakter samarbeida om meir effektiv skattlegging, for til saman 41 millionar kroner. Arbeidet har resultert i betydelege meirinntekter for den tanzanianske staten. I eitt enkelt tilfelle vart det berekna over 237 millionar kroner i tilleggsskatt. Nye lover har også blitt laga for å styrke Tanzania sitt potensiale for å mobilisere inntekter i tida framover. Ein har også støtta sivilsamfunnet sitt arbeid for å stille styresmaktene ansvarlege gjennom å krevje openheit om landets inntekter frå naturressursar.
 
I Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo) har sivilbefolkninga vore herja av krig og opprørsgrupper i årevis. Mange sivile har difor flykta frå landet i frykt for drap, plyndring, valdtekt eller lemlestingar. Fordi kyrkjene i Kongo har vore til stades i område dominert av opprørarar der staten har liten kontroll eller innflytelse, har kyrkjene hatt ein unik moglegheit til å nå desse med sine avvæpningsprogram. Elleve millionar i norske bistandskroner har resultert i at 1350 opprørarar har lagt ned våpna sine, og over 9300 flyktningar vendt attende til heimane sine.
 
I alle desse tre eksempla har Norge prioritert å bidra til å bygge opp samfunn, førebygge kriser og hjelpe internt fordrevne flyktningar heim igjen, i staden for å behandle symptoma i ettertid. I 2014 kom det 81 asylsøkarar frå Tunisia, 15 frå DR Kongo og 3 frå Tanzania. Frå Somalia, Syria og Eritrea var tala høvesvis 837, 1999 og 2992.
 
Norsk bistand kan bli mykje betre. I ein møteserie i haust tek Tankesmia Agenda opp kva for verdiar, prioriteringar og strategiar som bør styre norske bistandskroner. Det er likevel lita tvil om at bistand gjer situasjonen betre i mange fattige land, og at utvikling og førebygging av konflikt tar tid. Norsk utviklingspolitikk bør ikkje ha som hovudmål å hindre folk frå å flykte hit. Men vi kan og bør også bruke norsk bistand til å førebygge kriser som driv folk på flukt.

Det er difor kortsiktig, uklokt og lite framtidsretta når regjeringa no kuttar i tiltak som skapar betre levestandard, meir rettsstat og meir demokrati i fattige og ustabile land. Det kan i verste fall føre til at fleire menneske må legge ut på flukt. Som i sin tur vil føre til endå meir behov for ytterlegare flyktningtiltak i Norge. Ein slags vond sirkel, vil nokon sei.
 
I staden for å bruke meir av Oljefondet på lite vekstfremjande skatteletter for dei rikaste, bør dei same pengane gå til å finansiere den ekstraordinære flyktningsituasjonen. Tiltak for å ta imot og få flyktningar i jobb kan bli avgjerande for norsk økonomi i framtida.
 
Men bistandstiltak som skal førebygge potensielle flyktningkriser i framtida, er den siste staden politikarane burde leite etter pengar.