Menneskeleg elende i Gaza

MIDTAUSTEN: Eitkvart tap av liv må beklagast. Men det kan ikkje vere tvil om at responsen til Israel, målt i tap av sivile liv, er uforholdsmessig, skriv Jan Egeland og Jan Eliasson.

MEDAN VERDAS blikkfang fortset å fokusere på Lebanon, tikkar ei menneskeleg tidsbombe iveg mindre enn 200 km lenger sør i Gaza. Omlag 1.4 millionar menneske i Gaza - meir enn halvparten av dei born - er stua inn i eit av verdas mest tettbefolka område utan fridom til røyrsle, ingen stad å springe, ingen stad å gjøyme seg. Fattigdom, arbeidsløyse, manglar og desperasjon veks i Gaza ettersom tilgongen har vore så godt som avkutta sidan slutten av juni. Det er trist at det som er mest naudsynt i Gaza idag, er nøyaktig det som manglar mest: Håp.35 nasjonar, saman med FN, Raude Kors og ikkje-statlege organisasjonar møttest i Stockholm, tidlegare i september, for å prøve å gjenopprette eit snev av håp for folket i Gaza. Gjevarnasjonar gav løfte om $116 millionar ekstra til umiddelbare humanitære behov i dei okkuperte palestinske territoria, halvparten av desse millionane utgjorde ein del av FN sin appell på $384 millionar. Samstundes som vi rosar gjevarane for dette framsteget, treng folket i Gaza mykje meir - og snarleg. Det manglar framleis 42% av FN sin humanitære appell, trass åtvaringar om ei rask forverring av situasjonen som kan skubbe mange familiar i Gaza over kanten.

EIN ISRAELAR har vorte drepen sidan den israelske operasjonen «Sommarregn» starta i slutten av juni som svar på kidnappinga av ein soldat frå den israelske forsvarsstyrken (IDF). I løpet av denne tida har 235 palestinarar vorte drepne, 46 av desse born. Eitkvart tap av liv må beklagast. Men det kan ikkje vere tvil om at responsen, målt i tap av sivile liv, er uforholdsmessig. For palestinarar så vel som israelarar, er konsekvensane av kampane denne sommaren like døydelege som nedbrytande i høve utsynet for fred i denne opprørte regionen.Luft-, sjø- og landtilgongen til Gaza har praktisk talt vorte avkutta. Flytting av varer og menneske har omtrent stoppa. Kraft- og vatntilførsel er ustadig og utilstrekkjeleg, forkrøpla av eit angrep av den israelske forsvarsstyrken på den palestinske hovudkraftstasjonen. Sivile nøkkelstrukturar har vorte forkrøpla. Gaza er idag framleis avhengig av eksterne kjelder for mat og kommersielle forsyningar. Helseomstenda forverrast då det finst for få kjelder av reint vatn. Vi kan forvente at dei humanitære omstenda forverrast ytterlegare ettersom den palestinske økonomien forset i fritt fall.

FØRESTILL DEG at du er ei mor eller ein far i Gaza, som bur i eit område mindre enn ein fjerdedel av storleiken av heile London (1 620 kvadratkilometer) og med eit folketal på storleiken av Leeds (1.49 millionar). Du kan ikkje leve på eit slikt lite territorie, du kan ikkje importere eller eksportere varer. Borna dine lever i konstant frykt for vald. Manglar på grunnleggjande forsyningar, som til dømes vatn, aukar sjansen for utbrot av smittefarlege sjukdommar og belastar det daglege livet ytterlegare. Kvar dag regnar det opp til 185 artilleriskot på området ditt. Kvar natt kan du sjå rakettar vilkårleg verte skotne mot Israel av militante grupper. Du veit at når gjengjeldingsaksjonen kjem, er det mogleg at du og din familie ikkje vert skåna.Førestill deg no at du bur i Israel. Kvar natt kjem det rakettar styrtande ned. Væpna grupper undergrev stadig sjølve ideen om ditt land, ditt daglege liv og din eksistens. Vi trur ikkje at det er av interesse for nokon av sidene at vald rår i Gaza og på Vestbreidda, på tverrvegen av så mange av dei store kulturane og relgionane i verda.For å hjelpe å løyse opp den tikkande tidsbomba i Gaza, treng vi umiddelbar handling på tre frontar: den humanitære, den økonomiske, og den politiske.

FØRST MÅ DEI SIVILE og den sivile infrastrukturen skyttast av alle partar. Vi ber om at den israelske regjeringa som okkuperingsmakt, den palestinske styresmakta, og alle væpna grupper opprettheld ansvara deira i høve den internasjonale lova.I samsvar med opphøyringa av fiendslege handlingar, må der òg vere fridom for flytting av sivile og humanitære arbeidarar. For folket i Gaza er kjensla av å vere fanga, av å leve i bur, utåleleg, og fyrer oppunder vidare desperasjon og håpløyse. No må avtalen om røyrsle og tilgong frå 15.november 2005 iverksettjast for fullt. Fridom til røyrsle er òg grunnleggjande for at hjelpearbeidarar skal kunne nå dei i naud på tvers av Gaza og Vestbreidda. Karni, som er hovudkrysset mellom Israel og Gaza, burde gjerast til ei ikkje-konflikt og skytta sone, open for straumen av grunnleggjande varer til det palestinske folket. Ein uavhengig tredjepart kan utnemnast til å overvake denne sona for å kunne svare på israelske tryggleiksankar. Med fleirtalet av folket i Gaza avhengige av ekstern bistand for grunnleggjande overleving, er det snakk om liv eller daud når det gjeld uhindra humanitær tilgong.På den økonomiske fronten, ber vi dei israelske styresmaktene om å frigjere dei omlag $500 millionane i palestinsk skatt og tollintekter som dei har tilbakehaldt. Desse ressursane er innstendig naudsynte for å møte dei humanitære og økonomiske behova.

MEN PENGAR ALEINE er sjølvsagd ikkje heile svaret, ei heller humanitære plaster på opne sår. Til sjuande og sist, vil kun ei tilbakevending til fredsprosessen og ei varig to-statsløysing kunne bringe håp og helbreding til dette opprørte området. Naudsynet er umiddelbart. Tida er inne. Dette er snakk om solidaritet, og tryggleik for oss alle.