HUD SOM ORIGAMI I MÅNEDENS DIKT: - Origamibiletet bare fall ned i hovudet på meg, korleis rynkene i eit andlet kan likne på brettekantar. Så var eg opptaken av å hente fram det vakre i det å verte gammal, og då vart brettekantane til origami, forteller månedens poet. Foto: AFP PHOTO / ADEK BERRY
HUD SOM ORIGAMI I MÅNEDENS DIKT: - Origamibiletet bare fall ned i hovudet på meg, korleis rynkene i eit andlet kan likne på brettekantar. Så var eg opptaken av å hente fram det vakre i det å verte gammal, og då vart brettekantane til origami, forteller månedens poet. Foto: AFP PHOTO / ADEK BERRYVis mer

Mennesker brettes som papir i Knut Olavs vinnerdikt

Ble månedens poet etter en tung skriveperiode.

- Ja, sanneleg!

Den gledelig overraskede Knut Olav Daasvatn er kåret til månedens poet i Diktkammeret. Det kommer godt med, forteller maipoeten:

- Eg har hatt en lang periode der det har vore tungt å skrive, så dette var ei fin oppmuntring.

Diktet han går til topps med, bærer tittelen «Også i Teaterparken er våren eit skodespel».

- Vil du fortelle litt om det? Inspirasjon, tilblivelse, hvordan du har jobbet med det?

- Eg hadde origamibiletet med meg frå eit anna dikt. Så vaks det eine biletet ut av det andre. Teateret kom inn med kirsebærtrea. Eg syng i kor — Bergenhus entusiastkor, og vi syng kvar vår den japanske songen «Sakura» til ære for dei japanske kirsebærtrea i Bergen. Nokre av desse står i teaterparken, dermed kom teatermotivet inn i diktet. Det er ofte slik eg skriv, eit ord eller eit bilete skapar ein assosiasjon til noko heilt anna, og så gjeld det å hekle det saman til ein slags heilskap til slutt.

- Skilte denne prosessen fra tidligere skriveprosesser, på noen måte?

- Eg er kanskje vorten meir flink til å ta vare på småsnuttar, ord, bilete frå eldre tekstar, og så resirkulere dette i  nye samanhengar. Det fungerer ofte bra. Eg har ingen hemninger når det gjeld gjenbruk. Det skjer ofte noko veldig produktivt når ein parar ein ny idé med gamle brokkar av tekst. Då oppstår ofte noko heilt nytt.  

- Det er lenger enn ditt forrige vinnerdikt, men noe felles har det: Det handler fra fjerntliggende himmelstrøk. Forrige gang Roma, nå Japan. Har du vært der? Og om ikke: Hvordan ellers var det origami snek seg inn i diktingen din?

- Ja, eg har vel vorten meir oppteken av å setje dikta inn i ei konkret ytre ramme, knytte dei til konkrete stader. Det er eit klårt fellestrekk ved desse dikta. Origamibiletet hadde eg som sagt med meg frå ei anna tekst. Det var eit bilete som bare fall ned i hovudet på meg, korleis rynkene i eit andlet kan likne på brettekantar. Så var eg opptaken av å hente fram det vakre i det å verte gammal, og då vart brettekantane til origami. Då var vegen kort til kirsebærtre og Japan og teaterparken, i alle fall i mitt hovud.

- Det med fjerne himmelstrøk ser eg oftare og oftare i dikta mine, det er som om det snik seg inn. Eg las mykje reiseskildringer — Marco Polo i ungdomen, til dømes, og geografi, dyrehistorier og fantastiske romanar — Jules Verne var ein favoritt. Kan hende er det derifrå det kjem. Særleg bereist er eg i nok ikkje, heller ikkje i Japan!

- Det handler om oldinger, eldre mennesker. Kommer dette av et engasjement for eldresaken?

- Begge foreldra mine døydde brått, før dei var vortne ordentleg gamle. Fleire andre i familien er også gått bort tidleg. Kanskje det er det som gjer at eg har utvikla eit nærast mytologisk tilhøve til gamle menneske. Det er noko av det som særpregar gamle menneske eg tykkjer er så vakkert. Noko med det langsame, når dei ikkje lengre er i stand til å gjere alle dei travle rørslene, vert dei på ein måte meir ekte, meir menneskelege i mine auge. Og så er det noko med skjørheita, eg kan sjå på riktig gamle menneske og få ei kjensle av at alle stengsler er skrelte bort, slik at ein kan sjå rett inn i det innerste av det menneskelege. Dette er kan hende meir ei indre oppleving hjå meg sjølv enn ein realitet, men det er noko av dette eg freistar å nærme meg i desse dikta.

- Det er også humoristisk: Vil du si i hvilken grad og hvordan du jobber med humor i diktene dine?

MÅNEDENS POET: Et år og en måned siden sist blir Knut Olav Daasvatn månedens poet igjen. Foto: Privat Vis mer

- Eg er ein stor tilhenger av humor, også i dikt. Humor som fungerar, overrumplar deg og får deg til å senke «guarden», og gjer deg meir mottakeleg for ei anna diktoppleving enn den reint intellektuelle. Eg trur på dikt som ei sanseleg oppleving, her har diktet openberre fordelar i høve til lengre tekstar. Då er humoren ofte eit godt verkemiddel. Og så har eg oppdaga at den humoren som fungerar best, ofte er den utilsikta!

- Hva annet har skjedd siden du ble månedens poet sist, for et år og en måned siden?

- I lange periodar har eg skrive nesten ingenting, med kortare produktive periodar innimellom. Men så har eg jo funne gode venar gjennom skrivinga. Nokre av oss skal i oktober vitje Vennesla og Oddbjørn Aardalen, for å lese dikt, og Simen Kjærsdalen skal spele strengeinstrument. Kan hende får vi med oss ein vokalist òg. Vi har store planar om å spreie poesi og musikk eg hadde nær sagt der vi kan kome til!

Prosjektet hadde aldri kommet istand uten Diktkammeret, sier maipoeten:

- Difor har vi også lånt litt frå DK når vi kallar heimesida vår for kammerpoetane.com. Eg er yrande stolt av å vere del av den gruppa, og stolt av staden vi kjem frå, så eg vonar vi får tilgjeving for det!

Siden sist har han også bygd seg sin egen gitar - av kanadisk sedertre og indisk rosetre:

- Det var ei flott oppleving for meg som har cirka ni og ein halv tommelfingrar. No maltrakterar eg Bach og Händel på sjølvbygd gitar med liv og lyst! Så syng eg som sagt i kor, der vi har vore så heldige å få samarbeide med topp musikarar — Marie Bergmann, Dag Arnesen og Wenche Gausdal for å nemne nokre av dei siste. Kulturlivet har mykje å gje, sjølv til oss amatørar som kom seint på toget!

Juryen ønsker både amatører og profesjonelle lykke til, og stemmer i med følgende jurykommentar:

Som blomar mot sola
Mai månad var prega av høg aktivitet og høg kvalitet, og blant mange verdige kandidatar har juryen funne fram til dette eine diktet med ei magisk og surrealistisk framstilling som fascinerer og forundrar oss. Det finst ein merkeleg spegelverknad her. Innhaldet i øskja er «oldingar» står det. Men dei er så små at guten som held øskja må nytte lupe for å sjå på dei. Og når han ser nærare på dei, så er det noko i skildringa som minner om dei «nyfødde» blomane som heng over han, - i dei japanske kirsebætrea. For også dei, kunne ein seie, har bretta ut sine origamiandlet. Og dei gamle dreier seg sakte, slik blomar kan dreie mot sola. Blomeknoppane inneheld blomane sine samanfalda tynne andlet. Og odlingane står seinare på plenen, «tynne som teaterplakatar».
Men det gåtefulle vert bare sterkare etter kvart, og denne spegelverknaden forklarar ikkje, den bare skapar ein samanheng mellom delane av det poetiske biletet. Det er noko skjørt, spinkelt og vakkert, men òg litt uhyggeleg kanskje, over det slutten, der oldingane i eit ekstremt sansenært bilete «knirkar som tørkestativ i vinden» og seinare sit med pleidd over beina, «fylte av barndomar» og «bular... som rislamper/sprekkeferdige av ljos». Poeten har skapt fleire originale bilete her og lada dei med eit mangfald av moglege meiningar. Kven er desse oldingane som er fylte av barndomar? Kven er denne guten? Kva er dette slags fortrylla verd?   

For juryen,
Helge Torvund

Juryen består av Kristian Rishøi, Helge Torvund og Maria Børja.

Gikk du glipp av maifinalistene? Her er de!

DIKT I DAGBLADET Diktkammeret (startet 2001) er Dagbladets diktforum for skrivende i alle aldre.
Skolekammeret (startet 2003) er forumet for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret. 
• Hver måned kårer juryen — som består av Torvund, Rishøi og Maria Børja — de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladet (med forbehold om lengde). Én finalist fra hvert forum blir også kåret til månedens poet.
• Les også: Helge Torvunds leksjoner

DIKTKAMMERET I BOKFORM:
Mange kammerpoeter har etter hvert debutert i bokform, og det er laget tre bøker om og av kammerne:
«Diktkammeret. Å skriva poesi» av Helge Torvund (Samlaget 2001)
«Faen ta tyngdekrafta. Vinnere fra videregående» (Gyldendal 2008)
«Å våga seg ut i ord — Diktkammeret ti år»: jubileumsutgave (Samlaget 2011)