Menneskerettsdagen og fattigdom

MENNESKERETTAR: Fattigdom er ofte både ei årsak til og eit resultat av brot på menneskerettane. Likevel vert forholdet mellom ekstrem fattigdom og slike overgrep framleis sett i utkanten av policy-debattar og utviklingsstrategiar. For å oppnå større merksemd for denne avgjerande, men ofte ignorerte samanhengen er årets menneskerettsdag 10.desember via til kampen mot fattigdom. Denne dagen burde ikkje berre framstå som eit høve til ettertanke, men óg som eit krav om handling til regjeringer, så vel som menneskerettsorganisasjonar og utviklingsorgan, for å sikre alle eit liv i verdigheit. Alle menneskerettane - rettane til å uttale seg og å stemme, samt rettane til mat, arbeid, helsetenester og bustad - har stor tyding for dei fattige. Dette kjem av den tette samanflettinga av armod og ekskludering til diskriminering, ulik tilgang til ressursar og moglegheiter, i tillegg til sosial og kulturell stigmatisering. Sperring frå rettar gjer det vanskelegare for dei fattige å ta del i arbeidsmarknaden og ha tilgang til grunnleggjande tenester og ressursar. I mange samfunn er desse personane hindra i å dra nytte av rettane til utdanning, helse og bustad då dei rett og slett ikkje har råd til det. Dette vil igjen hemme dei i å delta i det offentlege livet, ha innflyting i policyar som vedkjem dei og søkje oppreising i høve manglande rettferd.

FATTIGDOM TYDER såleis ikkje berre utilstrekkjelege inntekter og materielle goder, men mangel på ressursar, moglegheiter, og tryggleik som undergrev verdigheita og forverrar sårbarheita til desse personane. Fattigdom handlar óg om makt: om dei som utøver den og dei som ikkje har den, både i det offentlege og innan familien. Å komme til kjerna av den kompliserte veven av maktrelasjonar i dei politiske, økonomiske og sosiale samfunnsliva utgjer nøkkelen til ei betre forståing og meir effektiv handtering av dei rotfesta diskriminerings-, ulikheits- og ekskluderingsmønstera som dømmer individ, samfunn og folk til fattigdom i generasjonar.Trass dette vert fattigdom ofte sett på som ein beklageleg, men tilfeldig tilstand eller som eit uunngåeleg resultat av avgjersler og hendingar andre stader. I enkelte tilfeller vert til og med dei som lid under fattigdom oppfatta som dei einaste ansvarlege for den.

EI HEILHEITLEG menneskerettsvinkling vil ikkje berre rette seg mot misoppfatningar og mytar rundt dei fattige. Først og fremst vil ei slik vinkling kunne bidra i leitinga etter bærekraftige og rettvise vegar ut av fattigdom. Denne vinklinga understreker regjeringsansvaret for å skape eit miljø tilrettelagt for velferd ved at den anerkjenner dei spesifikke forpliktingane statar har for å skytte befolkningane sine mot fattigdom og ekskludering. Samstundes gjev ei slik vinkling dei fattige moglegheita til å vere med og forme policyar for innfriinga av rettane sine samt høvet til å søkje effektiv oppreisning når misbruk tek stad.Det finst sterke rettsmessige grunnlag for ei slik vinkling. Alle statar har ratifisert minst ein av dei sju viktigaste internasjonale menneskerettstraktane, og 80% har ratifisert fire eller fleire av dei. Vidare har verdssamfunnet skrive under på tusenårsmåla med konkrete mål for samla internasjonale innsatsar i bekjempinga av fattigdom og marginalisering. Verdstoppmøtet i 2005 gjentok desse forpliktingane.

TRASS MANGLANDE ressursar kan statar iverksetje umiddelbare tiltak for å bekjempe fattigdom. Det å gjere slutt på diskriminering vil til dømes i mange tilfelle fjerne hindringar for deltaking i arbeidsmarknaden og såleis gje kvinner og minoritetar tilgang til arbeid. Barnedøydelegheit kan reduserast gjennom effektive, kostnadsfattige, lågteknologiske tiltak. Statar som på deira side står i ein posisjon til å yte assistanse bør gjere nett dette ved å komme fram og bidra.På den andre sida kan likegylde og ei stram kalkyle av nasjonale interesser hindre både menneskerettar og utvikling på ein like øydeleggjande måte som diskriminering. Ifjor noterte verdsbankpresidenten Paul Wolfowitz seg at det ikkje er «moralsk berettiga for rike land å bruke $280 milliardar - nærmast det totale GDP for Afrika og fire gonger den totale bistandssummen - på støtte til landbruksprodusentar.»

I EIN AV DEI siste talane sine som generalsekretær i FN, uttala Kofi Annan at han ser på fokuseringa av den global merksemda på kampen mot fattigdom som ein av dei største prestasjonane i løpet av tenestetida si. Han har framheva den avgjerande sårbarheita og angrepa på menneskeverdet som fylgjer med fattigdom. Generalsekretæren har identifisert menneskerettar, tryggleik og utvikling som dei ytterst uunværlege faktorane i ei verd der alle folk har moglegheit til å leve i større fridom. Sidan ein av sju personar i verda framleis går svolten, er det at fridom er avhengig av fattigdomsbekjemping ein av dei alvorlegaste menneskerettsutfordringane i vår tid.