Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Merkverdige dikt

Knappe dikt som får mykje til å skje: Sola diar golvet, og orda blir til kattar.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Alt tittelen på denne boka viser oss at Kjartan Hatløy er ein poet som ikkje går inn for å formidla ting gjennom daglegdags ordlyd. Me kan heller mistenkja han for å vera ute etter det merkverdige som effekt.

At han oppsøkjer det sære og gåtefulle. Men les ein Kjartan Hatløy med ope sinn, så er det ikkje lenge før ein vert fanga inn av eit energisk og originalt alvor.

Dette er ein poet som også tidlegare («Solreven», 1996, «Svarande pupill», 1997 og «Svarte lyn», 1999) har vist ei eiga evne til å fylle dikta sine med nærvær og musikk.

Men det er krevjande tekstar. Dei er skorne ned til eit minimum i høve til det som skapar kommunikasjon. Men han skjer dei ikkje lenger ned enn at dei har alt som trengst for at dikta skal formidla noko om menneskelege vilkår. Dei blir så knappe for at stilla skal syngja med. Men dei kan bli så rare at dei kan verta ufriviljug komiske, dei kan innehalda så krevjande nyord at diktet trugar med å stoppa opp. Dei kan vera så innovervende at dei vert private.

For denne lesaren fungerer likevel det aller meste svært bra. Eg vert ført inn i ei verd der lyset og hendene og vinden og mauren sin tynne fot skriv brev til meg. Her er ei lydleikande og munter språkjensle i alt alvoret. Det er verdt å leita seg fram til hans beste ting, for der er han imponerande god.

Kvardagstinga vert «høge gjestar», og Hatløy kan med ei rørsle på nokre originale linjer famna døden og planetane og samla flammane av liv i eit par hender.

Lyst til å diskutere?

Besøk Dagbladet debatt!