Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

«Mest for de innvidde...?»

For seksti år siden ble forfatter Johannes Heggland for første gang utsatt for bokkritikerne. I dagens kronikk reflekterer han over bokkritikkens - og kritikerens - vesen.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ein setning frå ei melding i Dagbladet av siste romanen min no i haust - «mest for de innvidde i sjangeren» - i tillegg til debatten om Rottems «habilitet», og dei ymse måtar somme av mine kollegaer har kasta seg over han på, har fått meg til å filosofera litt over dette med bokkritikk og melding av bøker. Rottem er ikkje den fyrste som tergar på seg diktarar. # Det er i haust 60 år sidan eg sjølv møtte bokkritikarar for fyrste gong. Gjennom 50- 60 meldingar i aviser landet over vart mitt nyfødde produkt analysert og endevendt - med ekstatisk gleda, overlegen eleganse, svartmåling, uforstand, merkeleg tolking av norsk folkesjel - men stort sett vart debuten førd velberga til lands.

Tre generasjonar av kritiske pennar har eg overlevt, og det fell lett å dela dei i to grupper: på eine sida det som i dag kallast frilansarar, dvs. flittige lærarar som melde bøker på si, på andre sida svært skulerte personar høgt oppe i kulturhierarkiet, det vere seg litteratar, etablerte skribentar eller andre kulturmenneske. Det var ikkje lett å koma som eit uskrive blad vestantil frå eit landskap med ord på seg for å vera fråhaldande i det meste, bortsett frå det å øksla seg. Mest godvilje møtte eg hos lærarstandet; då visst prisa dei målbruken til den nye diktarspira, men kjende seg vel rg heime i landskapet elles, både det indre og det ytre. Annleis kunne det vera med somme av desse i Oslo-redaksjonane. For nokre var vestnorsk landskap ukjent og kronglut å ferdast i, og då treiv ein gjerne til trygge og tilvante klisjear som tronge vestlandsbygder pint under pietisme og innestengt folkeliv. Somme av mine kollegaer hadde nok noko skuld i eit slikt syn, t.d. gamle Elster og Kinck med fleire. Men eg minnest med godhug namn som Eugenia Kielland, Barbra Ring og andre; dei hadde eit riksdekkande innsyn som til dels har fortapt seg i yngre generasjonar som skal skriva om bøkar utanom Stor-Oslo.

Visst har det kome mange slag litteratur frå det sokalla Distrikts-Noreg fram gjennom åra, men det kan vel i sanning seiast om skrifter frå meir sentrale strok av kongeriket rg. Difor er ikkje dette tenkt som ei mannjamning, men heller eit pip frå hornet på veggen om dette med sakleg og nøktern analyse av eit utgjeve bokverk, det vere seg ei sylsmal diktsamling eller ein mursteinsroman. Det kan vera stor skilnad på dette å eiga ein magistergrad i litteratur og det å kjenna det norske landskapet. Båe delar har sitt store verd, når det berre ikkje vert for mykje båstenkjing. Sjølv har produkta mine fått mange etikettar gjennom desse 60 åra, frå det romantiske via det nyrealistiske til folkelivsskildringa m.m. Ein vert vane med slikt, ein ropar ikkje mot fjellet når ein møter uforstand frå ein kritikar, ein kan kanskje i beste fall sukka med seg seg sjølv at vedkomande truleg ikkje har det store oversynet.

Men av og til lyt ein undrast. Eg minnest eit organisasjonsblad for synshemma der det vart klaga over at hovudpersonen i ein av romanane mine var døvstum og ikkje blind. Slikt er berre eit merkeleg døme mellom mange. Verre er det når meldaren ikkje ansar om forfattaren sin ståstad, den litteraturen han har skapt tidlegare, og ikkje kjenner - eller bryr seg med å kjenna - miljøet hans eller hennar, og landsdelstilknyting. Det er dette med kulturkjennskap. Då nyttar det lite med tilfeldige kommentarar i dei mange litteratursogene me etter kvart har fått, det skal meire til enn litteraturteori. For livet, det me alle skriv ut frå og freistar skapa ein gjenklang til, det var til før det skrivne ord. Difor bør ein bokmeldar etter mitt syn helst vera varsam med teori og vante frasar, og heller gå inn i det som er boka, romanen, diktet sitt eigentlege ærend.

Trass i enkelte modige eller indignerte motinnlegg når det gjeld bokkritikk, er mange forfattarar ein teiande rase som heller går inn i sitt arbeidsrom eller løyndkammers. Kven kan slåst med ein kritikar som viser uforstand? Kven vil eller maktar gå inn i ein diskusjon når det gjeld alt dette useiande som skal til for å skapa ei bok? Eg har freista ein gong og to, men fekk sanna Duun sine ord: Du kan slåst med feiaren og vinna, men du vert svart.

Dette kan med litt uvilje takast som eit hint om at ein forfattar oftast vert miskjent. Det vere langt frå. Den som sjølv sit i det sokalla glashuset, bør vara seg for å kasta stein, endå om det nok kan vera freistande stundom. For svært ofte kjem det skjønnlitterære produkt på vår norske marknad som er lite førebudde, der det er skrive banalt om livsens viktige funksjonar eller forfattaren tykkjest skjegla til profitt og andre slike stygge saker. Då skulle det berre mangla om ikkje kritikaren kvesste pennen sin og song ut?

Men når ei skjønnlitterær bok får 99 prosent skjønsam omtale, og det so kjem ein einaste meldar og ikkje finn det minste av kvalitet i boka, då kan ein undrast om vedkomande har hatt ein dårleg dag. Slikt hender, gud betre.

Visst kjem det mange bøker, og den som skal lesa mykje av haustens frukt, kan lett kjenna ulyst ved ustanseleg å måtta gå inn i nye miljø, møta nye personar, atter og atter verta konfrontert med former og vinklar og sjangrar som ikkje står hans/hennar hjarta nærast. Då kan ei bokmelding lett verta merkt av ein viss ulyst, uviljande kanskje, men til dels urettferdig for den som har skapt produktet, - om ikkje nett i sitt andlets sveitte eller med sitt hjarteblod. Difor er faste bokmeldarar i ei avis eit både - og, etter mitt syn. Matleie kan me alle verta. Eg sa ein gong i eit fjernsynsprogram med Kjell Arnljot Wig at forfattarar ikkje burde melda kvarandre, og meiner stort sett det same i dag. Opplevingar denne hausten rg har styrkt dette synet.

Og her er me inne på eit anna problem: Er det so sjølvsagt at nokon skriv og vurderar produkta våre? Ikkje i nokon av dei avtalane skribentane etter kvart har sikra seg, står det noko om at ei bok skal omtalast/meldast.

Men eg kan ikkje dy meg for å tala forfattaren si sak. På ei samling ved Universitetet i Bergen ein gong innleia eg kåseriet mitt med å seia at det kjem berre ei bok denne hausten, og det er mi . Eg såg brynene til min kjære BT-meldar Eiliv Eide for i veret, like til eg heldt fram: Slik tenkjer dei fleste forfattarar. Det må visst vera slik. Me legg fram årsarbeid, ei intens gjennomleving av ein idé, me er spent som til ein eksamen. Me er hjelpelaust i hendene på dette «kritikarkobbelet» som kan skapa både sol og stjerner, som kan gje oss gledesdagar - eller slakta oss. Dei er våre viktige medarbeidarar eller motarbeidarar - stryk det som ikkje høver. Me er glade dei kjem oss i hug, for ingen ting er verre enn at ei bok vert tagd i hel.

Heller ikkje (gode) kritikarar veks på tre. Frilansarane er det vorte færre av, akademisk funderte vurderingar er i fokus, det er no tida. Samstundes har me fått nye grupper av skrivande folk, mest alle med eit høgt kunnskapsnivå. Ingen kjem med berre ein stakkars folkeskule og bankar på forlagsdører som i mi ungdoms tid. No er stil og innhald i alle bøker merkte av tida si ånd, om so bokskrivaren kjem frå dei mest forblesne havskjera eller det trongaste dalføre. Nei, eg snakkar ikkje om nivellering, men om ein kultur som vert meir og meir sams over det heile land. Genia frå bygd og by drikk av dei same kjelder - på godt og gale.

Og likevel: Når meldarar i VG eller Dagbladet kan bruka formuleringar om innhaldet i siste romanen min som «mest for de innvidde i sjangeren», då minner det litt om det eg vil kalla rutinekritikarar , og når denne boka samstundes av Norsk Forleggersamband vert vurdert som «årets beste skjønnlitterære bok», då lyt ein som Vinje bera målestaven i seg sjølv, vera den ein er . Eller for å herma Falkberget, å gje av det ein har i seg, det som er eins eige, «i den innerste av alle verdener».

Lyst til å diskutere?

Besøk Dagbladet debatt!