MÅLING: - Alt skal dokumenterast og målast etter standardiserte skjema.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX
MÅLING: - Alt skal dokumenterast og målast etter standardiserte skjema. Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIXVis mer

Mestrer eller undervegs?

Som pappa skal eg snart få eit fem-sekssiders skriv der eg får vite om den vesle guten min «mestrer» eller om han er «underveis».

Meninger

Grunnen er at Osloskolen jobbar «systematisk med å etablere en god vurderingspraksis med tidlig kartlegging og tett oppfølging av eleven» som skolebyråd Anniken Haugli seier det i Dagbladet 14.11. Det trur ho er bra. Sanninga er ei anna.

For alt skal dokumenterast, i skjema som forsterkar elevars utryggheit, dårlege sjølvbilete og syn på seg sjølv som mislukka. Korleis gjer dei det? La meg gje deg eit døme: Førre veke fann haustens midtvegsvurdering stad, den neste er til våren.

I det midtvegsskjema eg som lektor i Osloskolen er pålagd å bruke skal det stå korleis det går fagleg, eg skal skrive inn elevens vekstpunkt (Vekstpunkt er eit omgrep henta frå biologien som fortel kvar på greina kvisten veks) og kva karakter eleven ligg på.

I tillegg skal ein som kontaktlærar ha samtalar med kvar elev. Men desse samtalene er standardiserte, og ein skal fylle ut eit skjema som dokumentasjon, på opp til åtte sider for kvar elev. Enorm med arbeid, ja, men slike skjema er «laget for å bidra til systematikk og struktur i elevsamtalene», og det skal fungere som «hjelpemiddel for læreren» ifølgje avdelingsdirektøren for fagleg utvikling og kvalitet i Utdanningsetaten.

I skjemaet skal eleven svare på: «Hvilke faglige mål synes elev/foresatt og kontaktlærer at eleven skal prøve å nå i løpet av skoleåret?» og «Trenger eleven hjelp til å nå dissemålene?» Elevens sosiale liv er òg tema: «Hvilke sosiale mål synes elev/foresatt og kontaktlærer at eleven skal prøve å nå i løpet av skoleåret?» og «Trenger eleven hjelp til å nå dissemålene?» Til slutt skal eleven uttale seg om «karaktermål» og«plan for måloppnåelse» i dei ulike faga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å sette slik mål formar eleven på ein særeigen måte. Står eleven overfor eit problem her og no, vert han mobba, søv han dårleg, eller kanskje han synes bokstavane blandar seg saman der på linja?

Synes eleven noko er vanskeleg, slik som barn og ungdom oftast gjer, då lagar skjemaet ei årsak-verknad-kjede som utfordring eleven har, som eit mål eleven skal nå. Eleven skal forklare kven han ønskjer å bli, og kva som manglar ved han no. Og han må sjølv ta ansvar for å forbetre seg.

Slik må eleven måle seg mot eit ideal, den han ønskjer å vere, i ein målestokk der han ikkje strekk til. Eg tenkjer på guten min og dei to kategoriane Osloskolen tvinger han inn i, om han «mestrer» eller er «underveis».

Eg tenkjer på barn og ungdom som er i ferd med å bli forma, som skal vekse og bli den ein er, at alle dei har tynn hud, at alle erdei sårbare, at dei er spede spirer, dei lyt få stå. At det er ikkje lett å høyre at ein må arbeide meir for å nå måla, for å "mestre". I staden kan ein verte trist og lei, kanskje ein ikkje synes skole er noko kjekt lenger.

Det «systematiske arbeidet, den tidlige kartlegging og tette oppfølging av eleven» skolebyråden smykkar seg med har difor ein stor blind flekk. For den skriftlige vurderinga og utviklingssamtalen ser bort frå heilt sentrale delar av skolen, som relasjonen mellom lærar og elevane. Den må byggjast der og då, saman.

For lærarens virke og elevane sin trivsel og lærelyst blir forma av dei situasjonane dei møter og måten dei blir løyste på. Ein lærar kan ikkje tvinge haldningar på elevane. Dei må framelskast saman. Ein lærar kan ikkje berre følgje ei oppskrift eller sette kryss i eit skjema. Han utleier heile tida forståing direkte frå situasjonen, og han tek avgjerder og utfører handlingar i tråd med det situasjonen krev, i møte med kvar enkelt elev som unikt menneske.

Det er i ei slik djup læring at barnet framelsker og utviklar sin eigen kunnskap om verda. Men i det «systematiske arbeidet, den tidlige kartlegging og tette oppfølging av eleven» er det ei instrumentell, målretta og resultatorientert forståing som regjerer. Den overstyrer den djupe læringa. Slike skjema skal brukast i Osloskolen. «At den er dokumentert og skriftliggjort gjør det mulig å forholde seg til den som et virkemiddel for læring, og den styrker elevenes rettigheter» oppsummerer skolebyråden.

Slik kjem forskjellen på det skolebyråden treng for å halde fasade i Osloskolen ved like og det eleven treng i si djupe læring til syne i forskjellen mellom i målstyring og pedagogikk. For den «dokumenterte og skriftliggjorte tilbakemeldingen» gjev ei overflatiskforståing av eleven.

Dei målbare resultata som Osloskolen smykker seg med er av Ludviksenutvalget (NOU2014/7) kalla overflatelæring, og den er eit vaksande problem, spesielt i konkurranseivrige kommunar i Norge. Overflatelæringa er målbar og den er kjenneteikna av at eleven memorerer og utfører utan å forstå korleis eller kvifor. Desse resultata let seg føre i skjema og ligg til grunn for om ein er «underveis» eller «mestrer».

Det gjer at skjemaveldet i Osloskolen ikkje ser guten min som den han er, som eit mål i seg sjølv. Nei, skjemaet ser han som ein mangel, ein som er underveis til den han bør vere. Difor krev utviklingssamtala at guten min skal bli den skjemaet snakkar til, det er elevrolla han får i Osloskolen.

At slike skjema er til for ein skolebyråd som «har ambisjoner på vegne av alle Osloelever» og ikkje for barna i skolen skal òg bli klart for guten min. Det er han som skal få vite om han «mestrar». Viss ikkje er det noko som manglarhan. Då er han berre «underveis». Eg håper den vesle ryggen hans toler børa.

Til slutt: Hjelper det å seie dette til dei ansvarlege? Nei.  Skolebyråd Anniken Haugli viser i sitt svar «positive utfordringer i Osloskolen» (sic.) igjen at ho ikkje evner å ta kritikk. I staden avviser ho ei mor som er bekymra for sin egen gutt. Samstundes lanserer ho «Oslostandard for skole-hjem samarbeid» der «Målet med standarden er å skape gjensidig tillit ved tydelig å avklare hva foresatte kan forvente av skolen og hva skolen forventer av de foresatt». Forstå det den som kan.