Miljøsymbol utan utbytte

MILJØ: Svære vindkraftanlegg er kostbart og kan øydeleggje verdas vakraste kystnatur.

FRAMTIDA FOR NORSK NATUR? Berre 12 prosent av det totale landarealet i Noreg er inngrepsfri natur. Svære vindkraftverk i desse områda er verken optimalt for miljø eller samfunn, skriv Grethe Hillersøy. Her frå vindkraftanlegget på Smøla.

Foto: Geir Bølstad
FRAMTIDA FOR NORSK NATUR? Berre 12 prosent av det totale landarealet i Noreg er inngrepsfri natur. Svære vindkraftverk i desse områda er verken optimalt for miljø eller samfunn, skriv Grethe Hillersøy. Her frå vindkraftanlegget på Smøla. Foto: Geir Bølstad Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

||| UTBYGGING AV fornybar vindkraft langs norskekysten er kostbart og inneber store konfliktar i forhold til natur og miljø. Turbinane krev store areal, er visuelt dominerande og representerar store naturinngrep. Det er difor overraskande kor begrensa den offentlege debatten kring reelt klimautbytte målt mot investeringsbehov og naturinngrep, i røynda er. 

Å ERSTATTE EIN einaste turbin og generator i eit gassdrive varmekraftverk krevjer omlag 1500 store vindturbinar spreidde over eit område på 240 km2. Sjølve vindturbinane tek fysisk opp ein mindre del av dette arealet. Men med i utbygginga og drifta av ein vindpark kjem eit omfattande vegnett, fyllingar og vidare utbygging av kraftnett for å kunne overføre energien til forbruksområda. Utbygging av vindkraftanlegg inneber difor store og irreversible naturinngrep.

Vindkraft er samstundes langt dyrare enn samtlege alternativ for både sparing og produksjon av energi. Det må òg takast med i berekninga at om ein skal satse stort og spreidd på å produsere ny kraft vil kostnaden for å bygge ut kraftnettet, som i dag ikkje har tilstrekkeleg kapasitet for føreliggande utbyggingsplanar, komme i tillegg. Sjølvkost for ein kWh elektrisk kraft er i dag 5.6 øre. Prisen for ein kWh frå vindkraft vert 60 øre. Det illustrerar storleiken på naudsynte subsidiar og tilskot for å bygge ut vindkraft.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer