Min ven, Devin

Kva er ein god rappar? Om Devin the Dude, min beste ven eg ikkje kjenner.

Min ven, Devin
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Verdas mest sympatiske rappar, full av nestekjærleik og empati. Det høyrest mildt sagt ikkje særleg spennande ut. Eller kva med den andre grøfta: Ein typete type som berre rappar om «wine, women & weed», og skryter av det. Svært uoriginalt. Men så har me denne raringen frå Houston, Texas, som er begge desse figurane i éin.  Eg veit eg har det med å utrope yndlingsrapparen min i tide og utide. Sanninga er vel at det skiftar, både med tidene og humøret. Men oftast er yndlingsrapparen min Devin. The Dude.

Kva gjer ein god rappar god? Om me tar på oss dei litt nerdete brillene, kan me slå fast at ein rappar treng tre ting: Gode tekstar, godt flow, og ei god stemme. Men det er sjølvsagt ikkje nok. Det finst rapparar som har alle tre, men likevel er uinteressante, for i tillegg kjem alle dei x-faktorane som er vanskelegare å setje på formel.

Devin Copeland hadde si eiga gruppa, Odd Squad, og var ein del av Scarfaces gruppe Facemob, før han debuterte som soloartist med The Dude i 1998. Siste plate til no kom i 2013, den åttande i rekka. Devin kan stort sett velje dei gjesterapparane han vil til låtane sine, for han er «alle» amerikanske rapparars yndlingsrappar, men det store kommersielle gjennombrotet har han aldri fått. Nærmast kom han kanskje då han bidrog på ein låt på Dr. Dres 2001, ei av dei mestseljande hip-hopplatene i historia. Men eg trur den audmjuke Mr. Copeland er svært fornøgd med livet sitt likevel.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.