Det er bloggaren Julianne «Pilotfrue» Nygård som spør. I eit nytt blogginnlegg gir ho svigerforeldra ei pakke D-vitamin og smilar i kamera. Slik kan ein ta vare på slekta si. Eventuelt kan du prøve tablettar for lengre hår slik bloggaren Ida Wulff har gjort. Trufaste lesarar veit at heile Wulff-familien knaskar hårpiller. Far hennar set særleg stor pris på dette, no røytar ikkje damene like mykje i dusjen.
Kosttilskot har for alvor slått an på nett. Bransjen er i eksplosiv vekst. Unge kvinner viser kor fin du kan bli, medan unge menn styrer businessen. Norske Lab Pharma står bak tablettane som både Nygård, Wulff og ei rekke andre toppbloggarar reklamerer for. Selskapet drives av 28-årige Haakon Ringerike Hoftun som på fem år har utvikla ei stor pilleportefølje. Dei tilbyr kosttilskot som lovar både betre søvn, meir energi og finare hud.
Dei seks tilsette i selskapet selde i fjor tablettar på nett for over 19 millionar kroner. Det er ei dobling frå året før. I Drammen kunne også konkurrenten Staminex AS notere seg ei stor auke i driftsinntektene. Dei selde kosttilskot for fire millionar i 2015, også det ei dobling frå fjoråret.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger