Randi Wågø Aas og Gro Jamtvedt svarar på vår kronikk, og skriv at «det [er] bra at NAV er restriktive med å gi ytelser når vi har helseplager». Det er flott at helse og arbeid vert sett på agendaen. Men sidan Aas og Jamtvedt har lese kronikken med eit selektivt blikk, ser me oss nøydd til å gjenta eit par hovudbodskap:
- Det er ei opphoping av helseproblem blant alle inntektssikringsordningane våre, inkludert dagpengar og sosialhjelp.
- Arbeidsgjevarar vegrar seg mot å tilsetje personar med dårleg helse, og moglegheitene på arbeidsmarknaden er svært avgrensa for mange trygdemottakarar.
- Det er derfor naivt å tru at ei restriktiv linje vil føra til høgare sysselsetting blant dei med dårleg helsetilstand.
Aas og Jamtvedt prøver å vri diskusjonen over til å berre handla om sjukefråvær, men folk som mottar sjukepengar skil seg frå mange andre trygdemottakarar på eit essensielt punkt: dei har allereie eit arbeidsforhold. Så fort dei vert friske igjen, kan dei returnere til jobben sin. Slik luksus har verken arbeidsledige eller sosialhjelpsmottakarar, og for desse er den dårlege helsetilstanden ei stor barriere i jakta på økonomisk uavhengighet.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger