KRENK 2015: Bård Tufte Johansen og elitedivisjonen av norske humoristar har prøvd å vera Charlie. Foto: NTB Scanpix
KRENK 2015: Bård Tufte Johansen og elitedivisjonen av norske humoristar har prøvd å vera Charlie. Foto: NTB ScanpixVis mer

Mislykka krenking

I forhold til fokus på det språklige.

Kommentar

DENNE VEKA gjorde dei utkropne hestehandlarane i Senterpartiet kuvending i forhold til tiggeforbod. Det trigga nok ein gong Erna Solberg til å bruka regjeringas dyslektiske bortforklaring når noe som kan gå galt, går galt: «Ordene traff ikke helt». Det hadde vore enklare å ty til Kåre Willochs erfaring frå samarbeid med Bondepartiet: «Man kan ikke bebreide tigeren at den har striper».

JOHN NORTHUG, pappaen til landets mest vellykka fyllekjørar sidan Anne- Kat. Hærland, har nominert sine favorittar til stafetten i neste års ski-NM: Øyvind Skaanes på første etappe, Over Aunli på andre og Mulla Krekar på tredje. Det luktar gamle krigarar av det laget. Vilkåret er at agent Brynjar Meling (Frelsesarmeens andre korps) får sin mann til å melda overgang til Kyrksæterøra i god tid før neste sesong, og at mullaen konverterer frå sunni til skia.

ELITEDIVISJOEN av norske humoristar har prøvd å vera Charlie og krenka religionar. Den einaste vellykka skal ha vore Bård Tufte Johansen (mann, 44), for han er gudelig. Krenking krev kompetanse og kjennskap. Det er derfor forretningsideen til norske komikarar er å vera programleiarar i snakkeshow og revyar med andre hjernevaska og vantru komikarar som gjester, slik at alle ser det med Harald Eias briller.

Artikkelen fortsetter under annonsen

LANDETS FØRSTEJØDE, Ervin Kohn, var krenka over kvalitetsnivået på krenkinga. I hans synagoge kan dei masse forhudsvitsar som er mye betre enn dei som var velsigna på krenkefestivalen. Jødar er best på jødevitsar, men dei bør ha både førsteretten og monopol. Jødevitsar i andres munn er haram og anti-semittisme.

YTRINGSFRIHET er farlig. I forhold til den er det tre ting du ikkje bør gjera dersom du vil leva varlig og passa på stoffskiftet: Ikkje terga humoristar, ikkje teikna profeten Muhammed (fvmh), og ikkje erta på deg språk-ayatollah Per Egil Hegge (fred vere med han også). Hegge er kompromisslaus i forhold til fokus på det han ikkje liker, for det må vera feil. Det følgjer alltid ufred med å legga seg ut i forhold til han. Psykiater emeritus Einar Kringlen er den foreløpig siste han har svinga pisken over. Då Hegge i si tid melde «Bryllupsreisen» av Knut Faldbakken, fekk han tilnamnet «øksemorderen».  

I FORHOLD TIL tidligare er språkstriden så godt som død her i landet. Landslaget for språklig samling er det ingen som har høyrt ifrå på mange år, bortsett frå at Arne Torp held ut. Det var andre tider i 1960 då den ufeilbarlige og illsinte riksmålsfienden Per Egil Hegge frå landsgymnaset på Steinkjer var redaktør i Språklig Samlings medlemsblad.  

GODE LESAR: I fall du ikkje les Aftenposten, skal eg lova å halda deg orientert om når og i kva form den inntrønderske hemnaren slår tilbake mot bøtteknotten frå dalstrøka innafor. Det kan ta dagar, veker eller år, men det kjem nok, for den rettferdige Hegge har minne som tusen elefantar. 

Lik Dagbladet Meninger på Facebook