Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Missekonkurransar

Poetisk forenkla har kvinnene i det siste fått alle fredsprisar, alle Nobelprisar for litteratur, alle Holbergprisar, og no sist også prisen som «årets antifeminist».

HENRIK IBSEN fekk ikkje Nobelprisen. Heller ikkje August Strindberg eller Leo Tolstoj. Prisen fekk derimot Bjørnstjerne Bjørnson og Pearl Buck. No gjorde det i lengda ikkje noko frå eller til for Ibsen kva for prisar han ikkje fekk. Han skapte det moderne dramaet og var ein av dei viktigaste diktarane i alle tider, og det veit alle. Heller ikkje hjelpte det på sikt Buck stort om ho fekk prisen. Tjue Nobelprisar kunne ikkje gjort henne til ein tredjedels Ibsen. Men for Nobelprisen gjorde det noko at Ibsen og Tolstoj vart forbigådde, til fordel for Buck og slike. Hadde slike prinsipp vorte fylgde konsekvent, hadde prisen i dag vore gløymd, eller ein pengestinn vits. Og det gjorde noko for kvinnene at Buck fekk prisen. Det var ein slik klapp på hovudet som dei små får: «Ja, ja, vi kan ikkje vente så mykje av dykk damene. Men de skal vel ha ein pris, de óg?» Snorre på 1200-talet sa dette klårt: Grunnlaus ros er «spott og ikkje lov». Eit visst slag kvinnekvotering er sleip kvinneforakt. Nokre kvinner ser dette skarpt. Den hardaste fienden av kvinnekvotering eg har møtt, var ein kvinneleg kollega, no død. Ho hadde fått eit professorat i den tida då det var dei vitskaplege kvalifikasjonane som talde. Ho ville ikkje bli redusert ved mistanke om at det også i hennar tilfelle var kjønnet dei spurde etter.

DAGBLADET KÅRAR «Norges ti viktigste intellektuelle». Slikt er vel minst 75 prosent underhaldning, maks 25 prosent seriøst. Det er drygt å samanlikne med Nobelprisen. Men idrettsmerket finst både i gull og bronse. Slike som ikkje når opp, er Ottar Brox, Francis Sejersted og Berge Furre. Mellom dei ti er Cathrine Holst, Unni Wikan, Nina Witoszek og Eva Joly. Ingen kan meine at desse fire siste ihoplagt på langt nær har prega det offentlege ordskiftet så sterkt som Ottar Brox har gjort åleine. Han sette dagsorden på eit hovudfelt, distriktspolitikken. Han var og er sentral i EU-debatten, og i innvandringsordskiftet, med mykje meir. Og det er langt meir eit spørsmål om lysstyrke enn breidde. Nesten alltid hadde han den synsvinkelen på problemet som alle vi andre aldri såg. Mot 30 år gamle Holst nådde han ikke opp. Kva ville Snorre ha sagt til dette?

POETISK FORENKLA har kvinnene i det siste fått alle fredsprisar, alle Nobelprisar for litteratur, alle Holbergprisar, og no sist også prisen som «årets antifeminist» (Dåvøy). Berre eitt felt eg kjenner godt: HIFO (Historikarforeininga) deler ut «kritikarprisar» for tannlause, intellektuelt kastrerte kvinneprodukt som ingen kunne leggje merke til eller hugse. Der finst andre slags kritikkar på området. Riksrevisjonen burde sjå på dette? Det utdelarane ikkje ser, er at dei slik på sikt nullar ut alle prisar. I 1903 kunne svenskane gje Bjørnson Nobelprisen, i von om å gjere nordmennene mindre sinte i unionsstriden. Men dei forstod nokolunde at då måtte dei i ti år byggje oppatt kapitalen ved reelle tildelingar, for litterær kvalitet. Årvisst kompromitterte prisar fungerer ikkje.

MEN KVIL i fred, kunne vi seie til fredsprisen og alle andre prisar. Meir alvorlig er den skaden som kvinnene vert påførde. Vi som ikkje er kvinneforaktande, «feite, middelaldrande menn» veit at når kvinnene ikkje hittil har gjort på langt nær same innsats i vitskap eller offentleg ordskifte som menn, så er det i alle fall mest på grunn av tradisjonell samfunnsstruktur, med kjønnsrollemønsteret. Når den vert forandra, vil kvinner etter kvart fortene like mange og høge prisar for vitskap og slikt som menn. Då vil pristildeling ikkje, som no, implisere ein særskild, kvinneleg klasse B, ein måte å kommunisere spott i form av «ros». Den største skaden vert sjølvsagt påførd dei kvinnene som alt har fortent høge prisar og embete, som min nemnde kollega. Ein god del slike finst. Dei lyt tole devaluering.

HER VIL EIN del psykologisere. Underskrivne er sur for ikkje å nå opp i Dagbladet. Om så var? Spørsmålet er om eg har eit sakleg poeng? Elles høyrer eg til dei få priviligerte som slett ikkje har noko å klage over. Eg vart nominert som «årets antifeminist» 2004. Nominasjon er sølvmedalje, som vi veit. Men den som verkeleg har grunn til å fortvile her, er Nils Rune Langeland. Han vart slått av Dåvøy. Det er den verste forbigåinga i dette årtusen (førebels)! Eg veit ikkje om han har klaga til sivilombodsmannen eller til likestillingsombodet. Men det burde han ha gjort. Kanskje ein av oss to når opp til antifeministprisen 2005? Eller kanskje underskrivne vil få ein fredspris for skogplanting? I alle år 1939-1944 var eg ei eldsjel i den plantinga som læraren vår i Naustdal organiserte. Der veks svær, susande granskog no! Berre så Nobelkomiteen er orientert.