RETTSTRYGGLEIK: Regjeringa er oppteken av rettstryggleik og at vi skal ha ei god og rettferdig ordning for fri rettshjelp. Vi meiner tida er moden for å vurdere større omprioriteringar og endringar på området, skriv innsendaren. Foto: Shutterstock
RETTSTRYGGLEIK: Regjeringa er oppteken av rettstryggleik og at vi skal ha ei god og rettferdig ordning for fri rettshjelp. Vi meiner tida er moden for å vurdere større omprioriteringar og endringar på området, skriv innsendaren. Foto: ShutterstockVis mer

Debatt: Fri rettshjelp

Misvisande av Dagbladet om rettshjelp

Rettshjelplova er ikkje endra og dei som har krav på støtte etter lova får det. «Kuttet» Dagbladet viser til er berre eit endra overslag av kva ein reknar med at blir brukt på rettshjelp.

Meninger
Sveinung Rotevatn.
Sveinung Rotevatn. Vis mer

I Dagbladet sin leiar 4. oktober vert det skrive om at regjeringa i 2018 har føreteke «mekaniske kutt» i ordninga for fri rettshjelp. Dagbladet hevdar at rettshjelpa over fleire år er forsøkt svekka av Solberg-regjeringa. Det er ikkje riktig at regjeringa har kutta i den statlige ordninga for fri rettshjelp.

Rettshjelplova er ikkje endra og dei som har krav på støtte etter lova får det. «Kuttet» Dagbladet viser til er berre eit endra overslag av kva ein reknar med at blir brukt på rettshjelp. Som følgje av nedgangen i talet på asylsøkarar, og at fleire tener over inntektsgrensa for å få hjelp, blei overslaget justert ned i revidert budsjett for 2018.

Så kjem Dagbladet inn på organisasjonar som JURK, Jussbuss og Gatejuristen som eit viktig supplement til den offentlege rettshjelpsordninga. Eg er einig i at dette er organisasjonar som gjer eit svært viktig arbeid, men det høyrer med å nemne at desse organisasjonane årleg tek imot monaleg med statlige midlar.

Tilskotsmidlane til slike tiltak har auka frå om lag 31 millionar kroner i 2013 til om lag 55 millionar kroner i 2018. Regjeringa føreslår å halde fram med dette, og med prisjustering vil støtta i 2019 vere på 56,4 millionar kroner etter regjeringsforslaget til budsjett.

Medan Oslo kommune no kuttar i støtta til JURK, har støtta frå staten auka monaleg. Tilskot til JURK frå staten auka med om lag 900.000 kroner – frå litt over 3,5 millionar kroner i 2017 til 4,5 millionar kroner i 2018. Regjeringa føreslår å vidareføre denne støtta til JURK i 2019.

Regjeringa er oppteken av rettstryggleik og at vi skal ha ei god og rettferdig ordning for fri rettshjelp. Vi meiner tida er moden for å vurdere større omprioriteringer og endringer på området, og regjeringa har difor bestemt at det skal setjast ned eit offentleg utval som skal vurdere ordninga for fri rettshjelp.

Utvalet skal identifisere sentrale utfordringar på området, føreta ein brei gjennomgang av dagens regelverk, og føreslå endringer av regelverket for å tilpasse det til behovet i dag.

I 2017 blei det brukt om lag 660 millionar kroner på rettshjelp. Dagbladet har heilt rett, rettstryggleik kostar, og difor blir det òg nytta monalege midlar på rettshjelpsordningane.