Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Mixed States/Rødøret terrapin

Inntrengjande og forteljande dikt.

BOK: Ren Powell har teke eit langt steg vidare med den nye boka si, og fangar merksemda med ei blanding av intim og dagbokliknande nærleik og ein kjølig observerande distanse. Dikta famnar vidt geografisk med skildringar frå Noreg, der forfattaren alt har budd lenge, og opplevingar frå andre himmelstrok som Mexico, og sjølvsagt frå USA, der forfattaren opphavleg kjem frå. Det er uvant å lesa to forord i ei nyskriven diktsamling før ein når fram til dikta. Det eine står den amerikanske poeten Theodore Deppe for, medan det andre er av omsetjar Eirik Lodén. Ein garva lesar som meg vil helst ikkje ha andre sine meiningar før diktlesinga, sjølv om desse introduksjonane er velskrivne og informerande.

Men dikta slår til sides alle forord. Det er kraft og språkleg medvit i linjene til Powell.

Det store diktet med skilpaddenamn, «Rødøret terrapin», er ein stor syklus i atten delar som summerer opp hennar metode og gjev frå seg ulik grad av energi under lesinga. Nokre er tilbakehaldne, faktaorienterte, fulle av detaljar, medan andre er gåtefulle og symbolske. Alle er lada med ein underliggjande energi som av og til slår ut i dirrande bilete. Dyr spelar ei rolle i boka, nøkternt observert og av og til som spegel. Gjendiktinga tek dikta varsamt og presist over til norsk, og at Saturday blir til søndag på norsk, er vel bare ein glipp. Det er igjen og igjen noko gripande og intenst over tema og framføring i denne boka som gjev lesaren ei kjensle av at desse dikta ser på ein.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media