Moderasjon og lærarlønn

Det låge lønnsnivået i skulen er eit alvorleg samfunnsproblem. Det er fare for at den rådande inntektspolitikken kan forsterke problemet ytterlegare. Eit regjeringsoppnemnd utval - Arntsen-utvalet - innleidde tariffoppgjeret i år med å slå fast at lønnsveksten måtte haldast på om lag 4,5%. Dess- utan gjekk utvalet inn for at den norske lønnsveksten skal ytterlegare ned.

I år 2000 skal det ned til same nivå som hos handelspartnerane våre, berekna til 3,5%. Dersom dette blir absolutte rammer for alle tariffområde, blir det svært vanskeleg å få til ei heilt nødvendig heving av lønnsnivået i skuleverket. Inntektspolitikken kan dermed bli eit alvorleg trugsmål mot den konkurranse- evna Arntsen-utvalet er så opptatt av!

Dersom ein lektor gjennom dei siste 20 åra hadde hatt lønnsutvikling på line med privat næringsliv, ville gjennomsnittslønna i dag ha vore nesten 100000 høgre! (Høgsnes, 99). Dette kraftige relative lønnstapet, illustrerer og forklarer kvifor det no er ei faretrugande rekrutteringskrise til læraryrket. Særleg illevarslande er det at stadig færre med hovudfag går til skulen. Noko av forklaringa ligg i den sterke inntektspolitiske kontrollen med oppgjera i offentleg sektor, som har vore innretta i disfavør av utdanningsgruppene. Statistikken viser til fulle kor gale «solidaritetsalternativet» og systemet for lønnsfastsetjing har verka også på 90-talet. Medan funksjonærar i industrien og tilsette i varehandelen og i bankane hadde ei gjennomsnittleg lønns-vekst på ca 57% i tiårsperioden frå 1988 til 1998, var lønnsveksten i skuleverket berre 43% i same periode. Industriarbeidarlønna auka med 49%, medan dei statstilsette i gjennomsnitt oppnådde 51% i denne perioden. (SSB)

Det som har blitt kalla den store «lønnsfesten», tariffoppgjeret i 1998, gav også mindre lønnsutvikling for skuleverket. Direktivet frå Arntsen-utvalet gav ikkje særleg rom for lønnstillegg i offentleg sektor i 1999, noko som også ramma skuleverket.

Det uforsvarleg låge lønnsnivået fører til at søknaden til lærar-yrket går ned. Mange dyktige lærarar går ut av yrket. Det store fleirtalet er frustrerte over ein politikk som ikkje verdset arbeidet i skulen. Dette skjer trass i at kunnskap og kompetanse blir viktigare og viktigare for eit velfungerande samfunn og for landet si konkurranseevne. Til dette trengst kvalifiserte og motiverte lærarar. Det vil dei aller fleste slutte seg til. Men då må ein ikkje innføre inntektspolitiske «prinsipp» som gjer det endå vanskelegare å rette opp ei skeiv lønnsutvikling. Det blir lett resultatet dersom Arntsen-utvalet sin modell blir ført vidare. Då skal dei såkalla konkurranseutsette sektorane først binde seg til ei ramme på nivå med forventa lønnsvekst hos handelspartnerane, og så skal alle deretter påleggjast å halde seg innanfor det same. Vi har dessutan erfaring for at dette i praksis fører til trongare rammer i offentleg enn i privat sektor. Resultatet kan bli dyrekjøpt:

- privat sektor vil utkonkurrere offentleg sektor i kampen om kompetanse

- kompetansekrevjande område som utdanning og helse vil (for)bli låg-lønnsområde

- det blir endå vanskelegare å nå måla om likelønn

- rekrutteringssvikten til skulen blir ytterlegare forsterka

Det er ikkje noko nytt at det blir lansert mål for lønnsveksten i Noreg. I budsjetta legg regjeringa kvart år fram tal for dette. Det nye er at Bondevik-regjeringa har utvida og forsterka det inntektspolitiske samarbeidet. Hovudorganisasjonsleiarar konkurrerer no nærast om å vere mest mogleg «ansvarlege».

Det vil sjølvsagt provosere lærarane kraftig dersom rammene for neste års lønns-oppgjer blir endå trongare enn i år, særleg dersom framgangen for norsk økonomi held fram. Situasjonen minner om den vi hadde på slutten av 80-talet. Då marsjerte og mobiliserte tusenvis av lærarar til veker med ulovlege streikar. Er det på nytt nødvendig?

Eg trur alle erkjenner at evna til verdiskaping i økonomien set grenser for lønnsveksten. Men det må vere mogeleg å kombinere målet om ein sunn økonomi og konkurransedyktige bedrifter med ein lønnspolitikk som stimulerer til arbeid i skulen. I dag har norske bedrifter høgre lønnskostnader enn i mange andre land. Likevel klarer mange å hevde seg og tene pengar i ein hard, internasjonal konkurranse. Årsakene er sjølvsagt mange og samansette, men det handlar mellom anna om å ha produkt, teknologi og produktivitet som kan bere kostnadene. Og nøkkelen til suksess ligg ofte i utdanning, forsking og utvikling basert på kompetent arbeidskraft. I tillegg kjem sjølvsagt at lønningar slett ikkje er den einaste kostnaden for bedriftene. Kapital-, energi-, og råvarekostnader, samt skatt og avgifter, betyr sjølvsagt også mykje for kostnader og lønnsemd.

Både for samfunnet og for konkurranseevna er det heilt nødvendig å auke lønna for dei som utdannar barn og unge. Det gjer ein ikkje gjennom ei generell og forsterka moderasjonsline i tråd med Arntsen-utvalet! Skal ein løyse problemet må det brukast pengar. Enten må rammene utvidast, eller så må lærarane kraftig tilgodesjåast - eller ein kombinasjon. For å illustrere utfordringa: Dersom heile det statlege tariffoppgjeret i år hadde gått til skuleverket, hadde det gitt eit tillegg på om lag 10000 kr til kvar! Og det tettar på langt nær lønnsgapet. Dagens forhandlingssystem har rett og slett ikkje pengar til å løyse problemet. Difor trengst eit nytt politisk grep. Dette må regjeringa ta, eventuelt med hjelp frå Stortinget. Og det hastar!

I gode tider kan ein ikkje halde fram å krevje moderasjon av lønnstakarar, og samstundes spele forundra over at leiarlønningar, fallskjermar og aksjeutbytte eksploderer. - Ein stad må jo pengane bli av, som professor Steinar Strøm så treffande sa det i eit intervju med Dagens Næringsliv.

I staden for ukritisk å vidareføre moderasjonspolitikken trengst no ein analyse av kva slags verdiskaping som skal fordelast, korleis lønnstakarar skal få sin rettmessige del av denne, og korleis urimelege skeivheiter i avlønninga av ei så stor og viktig gruppe som lærarane skal rettast opp.

Verken utviklinga i lønnsemda til norske bedrifter eller den generelle styrken i norsk økonomi inviterer arbeidstakarar som har blitt hengande etter til ny lønnspolitisk innstramming. Når eit av Bondevik-regjeringa sitt fremste slagord er at kunnskap er nøkkelen til neste årtusen, nyttar det ikkje å vidareføre og forsterke ein politikk som gir lønnsmessig svelteftring av kunnskapsarbeidarane - lærarane! Eit inntektspolitisk samarbeid må rettast inn mot å løyse slike vitale problem, ikkje mot å forsterke dei.

På 90-talet har avkastninga på utdanning gått ned i offentleg sektor, medan den går opp i privat (Bart/Røed, 99). Jo lenger utdanning, jo dårlegare lønner det seg. Det blir hevda at billeg akademisk arbeidskraft er eit konkurrransefortrinn for Noreg. Men dette blir i beste fall ein kortvarig gevinst når det så kraftig rammar utdanningssystemet, som er ein av berebjelkane i velferdssamfunnet.

Lønnsnivået må kraftig opp. Dagens topplønn (etter 28 år) bør vere begynnarnivå! Dette tilseier eit løft i årslønna på 50000- 100000 kr, avhengig mellom anna av utdanningslengde.

Fleire utspel tyder no på at sentrale politikarar er i ferd med å ta alvoret i situasjonen inn over seg. Vi må tru at utspel frå Høgre, Arbeidarpartiet og SV er noko meir enn valflesk. I så fall har regjeringa verkeleg handlefridom overfor Stortinget. Det kan skaffast fleirtal for å heve lønnsnivået til lærarane, t.d. gjennom ein forpliktande opptrappingsplan. Og dersom statsministeren verkeleg har målteft, blir vel ikkje ein slik skåringssjanse spolert?