Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Monopolisert kritikk

DET OPPSTÅR mykje merkeleg når folk ikkje skjønner kva ein skriver, men likevel bestemmer seg for å vera i mot. I ein replikk i Dagbladet 11.februar tolkar Vassnes meg slik: «han hevder videre at naturvitenskapen får sin makt gjennom å bygge opp en paranoid fortelling om menneskets uendelige sårbarhet». Eg skriver ikkje at det er naturvitskapen som har «bygd opp» denne fortellinga. Derimot bestemmer ho mykje av vilkåra for at naturvitskapen skal sleppa til offentleg. Det er vanskeleg å få plass i media med perspektiv som ikkje varslar katastrofar.

Vassnes bruker tsunamien som døme på at samfunnet ikkje lytta til vitskapen. Men geologane hadde verken oversikt over jordskjelvet sin styrke eller lengda på sprekken i jordskorpa. Dei jobba under enormt tidspress med eit fenomen som var uvanleg i regionen. Likevel uttrykker den offentlege kritikken etterpå at naturvitskapen burde ha berga folk fra tsunamien. Det viser kor sosialt og psykologisk avhengige me har blitt av vitskapen i å handtera farer.

VASSNES SEIER både at vitskapen ikkje anerkjenner noko før alle feilkildene er undersøkt og at han aldri påstår å ha funnet Sannheten. Disse utsagna slår kvarandre i hjel. Bortsett fra det er bodskapen at me skal stola på vitskapen fordi han tvilar internt. Kritikken skal monopoliserast, slik at offentlegheten ikkje får noka rolle å spilla. Dette er autoritært. Det er mange som har fått beskjed av Vassnes om å holda kjeft fordi dei veit for lite. Samtidig seier han at kommunikasjonen mellom disiplinane aukar. Men dette skaper heterogene felt kor ekspertisen blir ennå meir usikker, t.d. som når biologar går inn i kulturelle forhold. Perspektiva blir tilfeldige brotstykker og syntesene svært utilstrekkelege. Dette burde åpna for meir offentleg debatt.