MORS VAL: Den einaste som kan ta valet er mora sjølv, skriver Knutsen. Illustrasjonsfoto.
MORS VAL: Den einaste som kan ta valet er mora sjølv, skriver Knutsen. Illustrasjonsfoto.Vis mer

Mor mi fekk valet om abort

Setter eg sjølv pris på at ho valde å behalde meg?

Debattinnlegg

Der er mange situasjonar der lækjarar, utifrå det dei veit om risikoar og mogeleg utfall må gi tilbod om det dei meiner er best etter omstenda. Det gjelder ikkje kun Downs syndrom, men òg verre syndrom og fødselsdefekter som gjer at fosteret ikkje er levedyktig eller der eit barn mest sannsynleg vil ha eit kort liv (månadar, nokre få år) fullt av liding. I tillegg er det omstende kring moras helsetilstand og/eller komplikasjonar ved tidlegare fødslar som gjer at lækjarar tilrår abort av omtanke for moras liv og helse.

Mor mi var eit slikt tilfelle, ho hadde komplikasjonar då storebroren min vart fødd, vart tilrådd å vente lenger enn ho gjorde før ho vart gravid att og vart tilbode abort (i 1972, lenge før sjølvbestemt vart innført) av omtanke for liv og helse. Eg lir ikkje av Downs syndrom eller andre syndrom som kan identifiserast på førehand. Så når ein snakkar om abort der moras liv og helse står på spel, så snakkar ein om «meg» på same måte som artikkelen om ei som tok abort fordi fosteret var diagnostisert med Downs snakkar om «dotter di». Og så då?

Eg er glad for at mor mi fekk det valet og at lækjarane la fram dei mogelege konsekvensane for ho. Setter eg sjølv pris på at ho valde å behalde meg? Sjølvsagt. Men det betyr ikkje at eg skulle ønskje at det valet ikkje eksisterte. Du er glad for at du ikkje fekk valet, seier du Hanne Uteng. Kvifor? Trur du at du hadde vald vekk dotter di basert på det du visste då?

Kvifor set vi det opp som om fridomen til å ta eit val i desse omstenda er eit problem? Kva om du fekk beskjed om at det var liten sjanse for at du kom til å overleve eit svangerskap grunna komplikasjonar? Ville du då vere like nøgd med at valet ikkje eksisterte?

Det er ingen som seier at det er feil av deg å vere glad i dotter di, men i nokon omstende så er kvinner nøydde til å ha eit val. Det er ikkje så lenge sidan mange kvinner døydde i barselseng og framleis så er det teoretisk sett ein høg risiko for dødsfall ved einkvar fødsel, mange ting kan gå gale. Den einaste som då ærleg og redeleg kan vege omsynet til mor og barn opp mot kvarandre er mora sjølv.

Å ha eit val er viktig, sjølv om du opplever at i ditt tilfelle så var utfallet positivt utan at du sjølv måtte føreta eit val. Det vert som å seie at ein ikkje trenger stemmerett så lenge dei riktige folka ender opp ved makta.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook