OVER OG UT:  Jens Stoltenberg på Arbeiderpartiets ekstraordinære landsmøte på Folkets hus i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix
OVER OG UT: Jens Stoltenberg på Arbeiderpartiets ekstraordinære landsmøte på Folkets hus i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB ScanpixVis mer

Morn'a Jens

Ingress

Kommentar

DENNE VEKA har Jens Stoltenberg vore i Washington på innynding og instruksjon. Nå skal han endelig få driva på med lettare ting enn norsk kommunereform, som å reisa rundt og mana dei fattigaste landa i NATO til å bruka meir pengar på krigsmakta. Han kan vel takka Grete Faremo og Espen Barth-Eide for posisjonen, for det var på deira vakt Norge demonstrerte størst lojalitet til USA i Afghanistan og bomba mest og best i Libya. Ifølge Børge Brende akslar både Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland globale ledertrøyer, men heldigvis ikkje i same parti, same by eller same organisasjon. Jagland blir utfordra av LeuthEUsser-Schnarrenberger, men trur på valsiger ettersom han har ført Europarådet ut av ei djup krise og gjenvunne minst 36,9 prosent relevans og prestisje.

MED TO GLAS VIN innabords og iført den utagerande leppestift-kjolen, reintroduserte den sjarmerande Siv Jensen uttrykket «Morn'a Jens» med eit primalskrik på Fremskrittspartiets valgvake. Mange trur Thorbjørn Egner skal ærast, men det Karius og Baktus sa, var: «Ikke gjør om morra di sier, Jens». Tor Guttu i Riksmålsforbundets vil ha det til at uttrykket stammar frå minneorda over ein grovarbeidar, framført av ein mann av folket og derfor ein mann av få ord. Men Riksmålsforbundet har så låg populærkulturell kompetanse at dei ikkje har fått med seg Rolf Just Nilsen og Birgit Strøm. I 1964 låg «Pappan til Tove-Mette» 18 veker på VG-barometret. Kjell Bækkelund gråt, mens Arne Bendiksen kom med platekontrakten og Rikard Nordraak fekk ein prosent TONO-lisens for ein opptwista versjon av fedrelandssangen. Og så var det Morn'a Jens, formodentlig ei helsing til Jens Book-Jensen, smørsangar frå den forrige generasjon.

ARBEIDERPARTIET slo til med halleluja-møte i Oslo Kongressenter, tidligare kjent som Flokkens Hus. Med privatpraktiserande prest frå Menighetsfakultetet. Til eige tonefylgje framførte Bjørn Eidsvåg eit fritt vitnemål der han bekjente seg til sosialdemokratiet: Vi skal visa heile verden; det kan bli bål av gamle glør.
Bjørns beste er i slekt med eit pøbelprosjekt. Han er passe gal og har tapt si uskyld. Han har sete på bakerste benk, vore på svai til alle tider og tålt mye. Hittil og littil har han vore på leit, som dansere i natten. Nå er han endelig voksen og brukte sin pust til å få nåde og gå inn for landing i Allemannsland, live in Folkets Hus. Der lokka han fram en vakker dag med skyfri himmel og alt du vil ha.

FAR FALLER når Jens Stoltenberg blir tatt av vinden og hamnar i vertigo i eit svimmelt NATO. Rundt neste sving dukkar Jonas Gahr Støre opp, den andre av Gros gutter, som ein av de beste til å bygga ein høgare himmel over landet lenger bak. Men Bjørn Eidsvåg har også eit ord til seg sjøl og alle andre som kan bli forblinda av nyfrelste åpenbaringar og lindrande lys som løyner realitetane i det pragmatiske DNA: «Hvis alt blir klart, så er det ingenting som er dust lenger».

ANDERS ANUNDSEN, justisdepartementets innvandringspolitiske biljardkule, har ikkje noe mot sjuke, syriske kvoteflyktningar. Problemet er at norske kommunar ikkje vil ha dei. Anundsen treng åpenbart eit retorisk lynkurs hos kommunemoderniseringsminister Jan Tore Sanner, for han har trylleformelen som løyser alle vanskar: større og mer robuste kommuner.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook