ULIKE ROLLER: Aggressive leppestiftar som partileiar og kjole med brune kaffibønner som statsråd. Foto: NTB Scanpix
ULIKE ROLLER: Aggressive leppestiftar som partileiar og kjole med brune kaffibønner som statsråd. Foto: NTB ScanpixVis mer

Morna Siv

Meldeplikt i Stortinget og piskeslag frå dei små tullepartia.

Kommentar

DENNE VEKA har beredskapsminister Anders Anundsen hatt arbeidstrening i rolla som Tause Birgitte. Biljardkula har søkt indre politisk asyl i departementet der han for tida har midlertidig opphald på humanitært grunnlag, men med eit utvisningsvedtak hengande over hodet. Han er pålagt meldeplikt i Stortinget tre gonger i veka og må med jamne mellomrom ta mot 50 piskeslag frå Martin Kolberg og dei små tullepartia. Etter Roberts Erikssons forslag om at fleire får prøva seg i arbeidslivet, kan han heller ikkje påberopa seg behov for beskyttelse som lengeværende.

JUSTISMINISTERENS støttekontaktar, den forbanna Per Sandberg og den foruretta Siv Jensen, gjer sitt beste for å snakka seg rundt mullaløftet. Ho bruker til og med tildekkande plagg for å understreka skillet mellom ulike roller: aggressive leppestiftar som partileiar og kjole med brune kaffibønner som statsråd.

FINANSMINISTEREN søker råd hos økonomiske ekspertar for å møta nedturen. Der har ho noe å læra av ein av sine forgjengarar. Ulf Sand, med kallenamnet «Arbeiderbevegelsens svar på Wolfgang Plagge», blei finansminister hos Odvar NordliPer Kleppe fekk blått kort. Eg hitsetter eit sitat frå min stamfar Crotale frå slutten av 70-talet: «Det står dårlig til med norsk økonomi, men det vakte likevel en viss oppsikt da finansminister Ulf Sand ble grepet i å samle tomflasker etter cupfinalen på Ullevål Stadion». Forklaringa ga to av hans kvinnelige medarbeidarar då dei hylla han for innsatsen som småbarnsfar i nekrologen for eit par veker sidan. Han var utkommandert til dugnad for sine barns idrettslag. Siv Jensen held seg til overdosar av tranflaska.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I DET TIDLIGARE så distingverte Høire diverterer dei seg med å kasta kvarandre og trekka seg i protest frå listene til kommunevalet. Bergen og Tromsø fører an. Då Ruth Eriksen, ordførar i Sveio, blei vraka som toppkandidat sist veke, gjekk ho straks over til Fremskrittspartiet. Slikt er hjort før. Skipsreiar Jens Marcussen, som var ordførar i Tvedestrand og formann i Aust-Agder Høyre, melde overgang i 1975. Med denne helsinga frå dei urbant arrogante i Kåre Willochs og Jan P. Syses Høgre: «Den gjennomsnittlige intelligens har økt i begge partier». Jens Marcussen tapte for øvrig kampvoteringa om formannsvervet for partieigar Carl I. Hagen i 1978, men han blei tatt til nåde som gruppesekretær og belønna med to periodar på Stortinget.

MEIR FRÅ ARKIVET: Reformpartiet, hvori opptatt Carl I. Hagen, var ei utbrytargruppe frå den eggelikørdrikkande Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep. Då dei vende heim att i 1975, blei namnet endra til Fremskrittspartiet (nynorsk: Framstegspartiet) etter forbilde frå den marsipanbrødspisande Mogens Glistrup i Danmark. Ei gruppering som kalla seg Framstegspartiet hadde stilt til stortingsval i Sør-Trøndelag i 1957 og fått 0,1 % av stemmene, men dei gløymde å ta copyright på namnet, så steget var fritt fram.