Morrissey for folk flest

Steven Patrick Morrissey kjem tilbake med stil. Les flere musikkanmeldelser her

CD: «Eg er stor, det er bare filmane som er blitt mindre!» seier Gloria Swanson i «Sunset Boulevard». Ho speler den falma Hollywood-stjerna som ikkje har makta overgangen frå stumfilm til talefilm, og som langsamt forsvinn inn i anonymitet og galskap.

Lenge kunne ein frykte at Morrissey var i ferd med å lage ein «Sunset Boulevard II». Fordrive frå regnvåte England har den tidligare Smiths-vokalisten summa rundt i solblinde Los Angeles. Han har vore utan platekontrakt. Han har kjøpt Carole Lombards villa. Han har kjørt lange turar med hunden.

NO ER HAN TILBAKE

, sju år etter den ujamne «Maladjusted». Og mest av alt minner han om ein fyr som kjem spaserande ut frå settet på ein gangsterfilm. Mafiadress, grått hår ved tinningane, elegant slipsknute, maskinpistol i handa. Utan å blunke erklærer han: «There is no one on earth I'm afraid of!»

Første offer blir plaffa ned i opningslåta, «America Is Not the World». Det er Morrisseys anti-kjærleiksbrev til sitt nye heimland.

Han går laus på USA med ei kraft som vil få Vesla og Jan til å setje portvinen i vrangstrupen. Han hatar eit USA som aldri kjem til å velgje ein president som er svart, kvinne eller homofil. Han ber USA stappe burgarane opp ein viss plass.

DETTE ER IKKJE

den gamle Morrissey som hadde dressjakka full av undertekst. Han har ikkje tid til å vere subtil i 2004. Men Morrissey hadde ikkje vore Morrissey utan den overraskande konklusjonen: «And I love you». Framleis både elskar og hatar Morrissey, han plaskar rundt i det sursøte, han er ein romantisk realist, ein blyg mann som bare ventar på å servere neste verbale springskalle.

Morrissey kjem ikkje til å bli adla som ein Sting eller Elton John. Han har aldri smiska eller lefla, han har aldri vore del av ei bølgje eller ein klan.

Britpopen rappa påskeliljene hans før dei kjørte kniven i ryggen på han. Tabloidpressa forsøkte å gjøre han til folkefiende nummer ein.

Motstanden må ha gjort Morrissey sterk, men alt oppstyret har ikkje nødvendigvis gjort han til ein betre artist. Fleire songar på den nye plata sirklar monomant rundt hans eigen myte og skjebne. Og om han ikkje har hamna i kreativt kaos som ein Agnar Mykle, så får desse songane ein til å tenke på ein sutrete og sjølvopptatt Van Morrison. Det er Morrissey på sitt minst interessante.

FRAMLEIS KAN

pennen hans vere farlig. Han gir gamlelandet ein real uppercut med «Irish Blood, English Heart». Han hetsar britiske politikarar, kongehuset og Oliver Cromwell. Han gjør det på eit slikt vis at det nødvendigvis må skape debatt. For det er ein merkelig kjærlig uppercut. Han elskar verkelig England, og spørsmålet er om det går an å vere patriot utan å vere ein dust?

I dei roligare «I Have Forgiven Jesus» (bare Morrissey kunne våge ein slik tittel), «Come Back to Camden» (romantisk heimstaddikting) og «I'm Not Sorry» (nei, heller ikkje han angrar noko) er det ein gammal venn som dukkar opp på trappa. Han står der ute som ein mislykka Elvis i regnet.

MORRISSEY ER

kanskje den einaste som lagar sannferdige songar om å vere sårbar, sjuk og einsam. Det er hans paradenummer, men framleis får du lyst til å gå ut i regnet og halde rundt fyren, bare stå der saman med han, vite at du er ikkje åleine. På ei plate som tekstlig er meir rett fram enn tidligare, kjem han til dømes opp med denne geniale dagboka: «Monday - humiliation / Tuesday - suffocation / Wednesday - condescension / Thursday - is pathetic / By Friday, life has killed me.»

Også musikalsk har Morrissey vore mannen utanfor. Hans grenselause kjærleik til popmusikk blei pumpa intravenøst inn i Smiths-songane. Platene fikk eit tidlaust og slitesterkt preg. Den klassiske tilnærminga har han halde fast på gjennom solokarrieren, sjølv om hans nye medspelarar aldri har vore oppe i sfæra til Johnny Marr. Etter ein litt famlande start har låtsamarbeidet med gitarist Alain Whyte imidlertid sett seg. Eit fleirtal av songane er sterke og solide. Eit par er suverene.

BLANT DEI BESTE

er den karakterdrivne «First of the Gang to Die». Her skildrar Morrissey sin nye heimby, Los Angeles, ein stad gjennomsyra av gjengvald og antiheltar, personifisert ved latinogangsteren Hector. Morrisseys neste singel løftar seg høgt i spennet mellom lystig popsong og brutale verselinjer: «You have never been in love / until you've seen the sunlight thrown / over smashed human bone.»

Dessverre er Morrisseys suverene stemme denne gong pakka inn i ein overivrig produksjon. Jerry Finn, som har jobba med Green Day, Blink-182 og Bad Religion, har lokka gode songar ut av Morrissey og bandet, men har kludra det til her og der med trommemaskiner og synthar. Som Morrissey-purist tenker eg at denne lyden vil verke utdatert allereie før årets plater skal oppsummerast.

Morrissey rotar seg også bort på oppløpssida. Dei tre siste melodiane er ordinære som rekkjehus i ei Manchester-gate. Sluttsongen, «You Know I Couldn't Last», er eit heller traurig oppgjør med popbransjen og kjendisjaget. Eit tema Morrissey har handtert meir elegant tidligare.

DERMED NÅR IKKJE

«You Are the Quarry» opp til meisterverket «Vauxhall and I» frå 1994. Mest av alt må ein likevel glede seg over at Steven Patrick Morrissey kjem tilbake med stil. Han er ingen mimregubbe eller lollipoppar. Han meiner alvor. Han er den gode popens siste skanse. Og «The World Is Full of Crashing Bores» burde tvangsspelast for samtlige Idol-deltakarar.

Ein gong lagde Morrissey songar som redda liv. No lagar han songar som kanskje kan selgje i millionopplag.

Den nye plata ser ut til å bli Morrisseys første sjanse til å nå eit verkelig stort publikum. Løparen er rulla ut. Ironien er pakka saman. Britpopen har hamna på eit altfor langt nachspiel. Og har vi ikkje fått ein overdose karaokeartistar no, uansett tannstilling og frisyre?

MORRISSEYS VERD

er den same gamle, og ho minner mistenkelig om vår eiga: vond, vakker, vittig og viktig. Eg kan godt svelgje eit par pinlige trommemaskiner og nokre sjølvmedlidande verselinjer for at den evige outsideren endelig skal nå breitt ut.

Morrissey fortener folk flest. Folk flest fortener Morrissey.

«You Are the Quarry» kjem ut i Norge 18. mai

MORRISSEY TILBAKE: Han minner om ein fyr som kjem ut frå settet på ein gangsterfilm. Mafiadress, grått hår ved tinningane, elegant slipsknute, maskinpistol i handa, skriv Frode Grytten.