Om ettermiddagen og kvelden hjelper han familien - mor, far og ni søsken - med å samla saman kartongar som butikkeigarar har lete etter seg i bosdungar og som dei så sel vidare til resirkulering. Oscar er ein av 4,5 millionar argentinske born under 14 år som lever i fattigdom.
Argentina har saman med Mexico vore som prøvelaboratorium å rekna for den nyliberalistiske økonomiske modellen i Latin-Amerika på 1990-talet. Grunnane til dette er fleire, men spesielt politiske. I
Mexico har partiet PRI hatt så godt som politisk monopol heilt sidan 1929, og i Argentina har peronistane konsentrert makta på 1990-talet. I tillegg har desse partia i det store og heile hatt kontroll over fagrørsla og har såleis redusert viktige delar av den opposisjonen ein kunne venta mot radikale omstruktureringar i arbeidslivet og mot fleksible arbeidskontraktar.
I den seinare tida har også økonomar og framgangsrike kapitalistar drege merksemda mot negative, irrasjonelle og beint fram øydeleggjande drag ved marknadsøkonomien. Ser ein nøye etter, finn ein att den same røyndommen frå land til land: det er eit lite mindretal som har gjort seg rikare, medan 50- 70% av folket har fått forverra sin situasjon: arbeidstilhøva er blitt verre, arbeidstida lengre, og reallønene har stagnert eller gått attende. Den uformelle sektoren innanfor økonomien har vore på kraftig frammarsj det siste tiåret, og enkelte har tilmed glorifisert denne sektoren og hevda at den syner kapitalismen sine evner til omstilling og til å løysa nye utfordringar. Fullt så idyllisk ser nok ikkje vår venn Oscar på sitt liv i Buenos Aires, sjølv om han seier at «...eg veit at andre har meir og spiser meir enn eg gjer, men eg kan ikkje klaga for det».
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger