TOPPTUNGT: I for stor grad vart kulturløftet eit løft frå toppen, og ikkje frå botn, skriv Solhjell. På biletet er siste runde med kulturløft hittil, då Jens Stoltenberg (Ap), Hadia Tajik (Ap), Audun Lysbakken (SV) og Liv Signe Navarsete (Sp) presenterte siste utgåve i fjor. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
TOPPTUNGT: I for stor grad vart kulturløftet eit løft frå toppen, og ikkje frå botn, skriv Solhjell. På biletet er siste runde med kulturløft hittil, då Jens Stoltenberg (Ap), Hadia Tajik (Ap), Audun Lysbakken (SV) og Liv Signe Navarsete (Sp) presenterte siste utgåve i fjor. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpixVis mer

Mot ein ny kulturpolitikk

I dag har eg tenkt å unne meg eit glas champagne. Men på måndag startar vi arbeidet med å vidareutvikle kulturpolitikken.

Meninger

Kultur gjer livet verdi. Det er ikkje noko ekstra, det er ein del av kjernen i livet. La oss verdsette det som det, økonomisk og politisk. Og la oss utvikle norsk kulturpolitikk vidare etter åtte gode år med kulturløftet.

For ganske nøyaktig ti år sia blei SV, Ap og Senterpartiet einige om kulturløftet. Én prosent av statsbudsjettet til kulturføremål, og ei brei satsing på kultur. Over åtte raudgrøne år i regjering nådde vi det målet. Kulturløftet gav om lag fem milliardar meir til norsk kulturliv, nesten ei dobling av kulturbudsjettet sidan 2005. Det var ei kultursatsing utan sidestykke i norsk kulturpolitikk, og er verdt ei feiring. Det er inga tvil om at kulturløftet har heva kvaliteten på heilt sentrale område i norsk kulturliv. Utviklinga på filmfeltet kan stå som eitt døme.

I dag har eg tenkt å unne meg eit glas champagne. Men i morgon vil eg gå tilbake til den viktigaste kulturpolitiske oppgåva no.

SV har starta arbeidet med å vidareutvikle kulturpolitikken. Vi vil vedta eit kulturpolitisk program i 2015, etter ein omfattande prosess. La meg presentere det eg meiner er fire sentrale retningar for norsk kulturpolitikk framover.

1. I for stor grad vart kulturløftet eit løft frå toppen, og ikkje frå botn. Dei store institusjonane fekk eit naudsynt løft, som òg ga ringverkingar til heile kultursektoren. Men den kulturelle grunnmuren vart ikkje tilstrekkeleg styrka, og har framleis sprekkar.

Biblioteka og kulturskulen er den kulturelle grunnmuren i Noreg. Dei er lovpålagde, og finst difor i alle kommunar. Du kan vakse opp ein stad utan eit flott kulturhus, utan teater, utan kino, utan rockeklubb og utan eit galleri. Men eit bibliotek og eit kulturskuletilbod har du krav på etter loven. Når det tilbodet sviktar, sviktar sjølve den kulturelle grunnmuren. Realutgiftene til bibliotek per innbyggjar har gått ned med 35 kroner frå 2001 til 2010. Bibliotek har også ein synkande del av dei totale utgiftene til kulturføremål. Oslo og Bergen kjem desidert dårlegast ut av dei nordiske storbyane når det gjeld talet på filialar per innbyggjar.

Kulturskulen blei styrka då kunnskapsminister Kristin Halvorsen innførde ein gratis kulturskoletime for alle 1. til 4.-klassingar. Vi veit at den sosiale rekrutteringa til kulturskulen er skeiv, og at eit slikt tilbod vil gje fleire born moglegheit til å utøve kultur. Men framleis er køane for lange og prisane for høge i kulturskulen. Og no har ei ny regjering fjerna den gratis timen.Ei ny kulturpolitisk satsing må starte frå botn. Heller enn nye kulturhus eller meir pengar til institusjonane, må den styrke og byggje den kulturelle grunnmuren, med aller størst vekt på kulturskulen og biblioteka.

2. For to veker sidan arrangerte SV ein kulturkonferanse på Stortinget. Ein av innleiarane, programsjef Karianne Bjellås Gilje i Norsk Form, nytta uttrykket «utøvardumping» for å beskrive røynda i kulturlivet, der profesjonelle kunstnarar føler seg tvinga til å by under kvarandre i jakta på arbeid. Hennar oppmoding var klår: Kunstnarane sitt arbeid må verdsettast betre - med løn, vederlag, honorar og arbeidsstipend. Ikkje berre med ord.

Kulturløftet har sjølvsagt betydd mykje for dei profesjonelle kunstnarane. Auka løyvingar til kulturlivet betyr fleire aktive kunstnarskap med større fridom i kvardagen. Men det er svært langt att før profesjonelle kunstnarar er i nærleiken av den tryggleiken dei fleste andre yrkesgrupper i Noreg har i sin kvardag. Og det er enda lenger att før myten om den fattige, geniale kunstnaren er knust. Det er altså ikkje slik at ein kunstnar vert mindre skapande av ei sikker inntekt. Tvert om.

Eit nytt løft for kulturen må ta utgangspunkt i kunstnarane sin kvardag, fordi det er naudsynt for å auke kvaliteten i kunst- og kulturlivet. Samstundes må den sørgje for at ordningane i kulturlivet vert mindre byråkratiske, og meir kunstnarnære.

3. Eit felt i kulturlivet skrik meir etter nye idear enn noko anna: Det digitale. Kulturforskaren Anne-Britt Gran revitaliserer i siste nummer av tidsskriftet «Sosiologi i dag» William F. Ogburns teori om «kulturelt etterslep» for å beskrive det ho kallar «teoritørken når det gjelder digital kulturpolitikk». Ogburn sin teori skildrar eit etterslep - «a cultural lag» - mellom teknologiske og kulturelle endringar i tida etter den industrielle revolusjon. Gran argumenterer for at noko av det same utspillar seg her og no. Ho peiker på at det analoge kulturkonsumet falt for første gong i 2012, og at «viss tendensen fortsetter kan det vise starten på en alvorlig mistilpasning mellom kulturpolitiske virkemidler som arenabygging (med påfølgende kostbart vedlikehold og drift) og det digitale kulturkonsumet».

Digitaliseringa endrar kulturen medan eg skriv dette, om vi vil eller ei. Vår oppgåve som politikarar er ikkje å forsvare papiravisa eller CD-plata, men å sikre ei fri og kritisk presse og eit musikkliv med kvalitet og mangfald. Men korleis sikrar vi kvalitet, og breidda i produksjon av innhald, samstundes som vi utnyttar dei enorme moglegheitene det digitale skiftet gir for spreiing av, og deltaking i, kunst og kultur? Korleis sikrar vi ein mest mogleg open og demokratisk og ytringskultur? Og korleis koplar vi det analoge og det digitale saman?

Eg er heilt overtydd om at vi må søke innovasjon og vere tidleg ute med å ta digitale verkemiddel i bruk. Elles går norske forbrukarar glipp av viktig nyskaping. Samstundes må vi støtte levedyktige modellar i ein overgangsfase.

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

4. Anne Enger leia utvalet som i 2013 la fram ei evaluering av kulturløftet. Ei sentralt omgrep i utgreiinga var «ytringskultur». Ytringskultur viser til korleis kultur er viktig i seg sjølv, men også oppstår i det det blir ytra - fortalt , spelt, vist fram - for oss. Det bryt ned det meiningslause skiljet mellom kultur for seg sjølv og for publikum.

Kultur er ytringar - ofte viktige, av og til provoserande. Grunnlovens paragraf 100 pålegg oss å legge til rette for ein «aaben og oplyst offentlig Samtale». I kulturpolitikken handlar dette om å akseptere - og støtte - kunstuttrykk vi ikkje likar eller forstår, om å verdsette kulturelle ytringar. Men det handlar også om retten til deltaking, om mangfald og inkludering. Vi veit at det er store sosiale og etniske skeivheiter i kulturlivet, både når det gjeld kven som ytrar seg og kven ytringane når fram til. Utanforskapet i kulturlivet må byggast ned gjennom å skape ein breiare og meir demokratisk ytringskultur.

Kulturtrilogi: Over tre fredager har Bård Vegar Solhjell skrevet kronikk i Dagbladet om kulturpolitikk. Dette er den siste. Tidligere: Fridomsbløffen, Folkeopplysar i ei ny tid.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.