Mot krigen, liksom?

Det er på tide med Nasjonal prøve for utenriksministerkandidater.

LØP OG KJØP, stor debatt: Kven blir utanriksminister? I den hypotetiske regjeringa Stoltenberg? Vår største avis er som kjent uoffisiell valkomite for vårt største parti. Politikk blir til personstrid. I VG. Igjen. Men det relevante spørsmålet i 2005 er ikkje om Noreg skal bli eit Jagland eller eit Egeland. Spørsmålet er om vi skal bli eit fredsland. Eit folkerettsland. Eit land som stiller seg på rett side i dei største spørsmåla som har utfordfra utanrikspolitikken vår på 50 år. Det britiske medisinske tidsskriftet The Lancet publiserte 29. oktober i fjor ein studie som konkluderer med at Irak så langt hadde tapt rundt 100.000 menneskeliv på grunn av USAs invasjon og okkupasjon. Dette er det største spørsmålet i norsk utanrikspolitikk anno 2005. For Noreg har ikkje ei heilt uskuldig rolle.

15. FEBRUAR, 2003: Vi var 60.000 folk på Youngstorget. 125.000 i gatene Noreg rundt. 15 millionar globalt. Mot krig. Mot Bush. For folkeretten. 78 prosent av befolkninga var mot norsk støtte til USAs krig. Berre 11 prosent ville støtta Bush og banden hans (Aftenposten 19.03.2003). I desse lagnadstunge dagane nådde det norske folket ein grad av utanrikspolitisk konsensus vi knapt har sett nokon gong. Men krigen kom. FNs tryggingsråd vart redusert til ei dørmatte som US Army tørka støvlane på før marsjen mot Mesopotamia. Bomber over Bagdad. Invasjon. Okkupasjon. Tortur. Vi har sett militærmakta i aksjon. Vi har kjent avmakta i kroppen. Men i det minste har vi visst at VÅRT land ikkje vassar i blodet til 100.000 avlidne irakiske menn, kvinner og barn. For vi har stilt oss på rett side. Vi er imot okkupasjonen av Irak. Liksom.

Det tok eit par månader frå invasjonen til utanriksminister Jan Petersen var i full sving med å senda norske soldatar. Våre styrkar vart underlagt kommando frå Storbritannia, folkerettsleg sett ei okkupantmakt på irakisk jord. Rundt 150 bidrog vi med. I den årlege State of the Union-talen 20. januar 2004 gjorde president Bush eit nummer av kor mange USA har med på laget i det okkuperte Irak: «Vi må aldri oversjå dei avgjerande bidraga frå våre internasjonale partnerar eller gløyma kva dei ofrar». Stolt kunne presidenten lesa lista over «land som har sendt styrkar til Irak». Blant dei modige: Norway. Tenk det! Nobelprislandet. Fredslandet. Vesle Noreg. Støttar storebror USA og tar i eit tak, i Irak. Liten militær effekt, kanskje, men desto større symbolsk gevinst for Washington. Men «freden» i Irak viste seg snart å inkludera langvarig krig og skandaløs tortur. Land etter land trekte seg ut igjen. I mars 2004 hadde vårt militære nærvær i Irak støtte frå berre 27,5 prosent av befolkninga (Klassekampen 02.03.2004). Presset mot Petersen auka dag for dag. Og 1. juli i fjor var det endeleg slutt. Noreg var ute av Irak. Liksom.

FOR SAMTIDIG som det var fleirtal på Stortinget for å senda heim dei 150 norske, var det visst også fleirtal for å la rundt 10 offiserar bli igjen. Dei skal «hjelpe det irakiske forsvaret med å bygge kommando- og kontrollapparat, det vil si hovedkvarter slik vi ser dem i de fleste Nato-land», opplyser Forsvarets nettsider. Oppdraget skjer i regi av Nato. Men dette er ikkje okkupasjon, insisterer regjeringa. Det er stabilisering. Likevel held Forsvaret identiteten til dei norske offiserane skjult. «Forsvaret tar nemlig offiserenes sikkerhet svært alvorlig, også i forhold til deres trygghet her hjemme». Problemet er at ikkje alle er like gode som Jan Petersen til å sjå skilnad på okkupasjon og stabilisering. Spesielt blant Iraks befolkning er mange forvirra: «Mange irakere tror vi er del av koalisjonsstyrken», uttalte oberstløytnant Gunnar Aarseth til Forsvarets nettsider, etter tre månader på okkkupert jord. Oberstløytnanten forklarer: «Vi representerer organisasjonen Nato. Det som er vanskelig å forstå for de fleste irakere, er at flere av landene som deltar i Nato også er med i koalisjonsstyrken». Les her, alle som vil bli utanriksminister: Denne norske oberstløytnanten påstår at dei fleste irakarar har vanskeleg for å sjå skilnad på Noregs rolle og okkupantmaktene si rolle.

KVA SIDE STÅR Noreg på? Går det føre seg eit skittent politisk spel? Blir norske bidrag til okkupasjonen bagatellisert her heime og samtidig brukt som legitimering av krigen overfor amerikanarane? Vi må ikkje gløyma at det er knallhard kamp om opinionen i USA, slik det var under Vietnamkrigen. Og vi kan ikkje sjå bort frå at Nobelprislandet Noreg kan vera eit viktig symbol i den kampen. Så kven si side står vi på? 82 republikanske kongressmedlemmar er ikkje i tvil. I oktober sendte dei eit takkebrev til Noregs ambassadør Knut Vollebæk. «Vi skriver for å understreke hvor sterkt vi setter pris på innsatsen til soldatene i den internasjonale styrken i Irak», forklarer dei 82 folkevalde, før dei bed Vollebøk formidla dette til «alle de norske soldatene i Irak» (Nettavisen, 25.10.2004). USAs ambassadør i Noreg, John Doyle Ong, er heller ikkje i tvil: «Jeg mener trygt man kan si at Norge støtter det vi og andre koalisjonsmedlemmer gjør i Irak» (Vårt Land 12. 07.2004). Og nyleg fekk presidenten igjen høve til å visa amerikanarane kvar det norske skapet står. 7. mars hadde kong Harld og dronning Sonja audiens hos George og Barbara i Det kvite hus. Dei åt lunsj. Men fyrst møtte dei pressa. «Is Norway doing enough in Iraq», ropte ein amerikansk journalist. Presidenten tenkte seg om. Og svarte. «Yes!»

GJENNOM EIT illojalt dobbeltspel har regjeringa Bondevik gjeve George W. Bush retten til å planta det norske flagget på Iraks okkuperte jord. Slik Washington ser det, er vi med i «The Coalition of the Willing». Og det er slik irakarane ser det også, skal vi tru oberstløytnant Gunnar Aarseth. Valkomiteen i Akersgata synst kanskje det er sjølvsagt at Noreg skal vera eit Bushland i neste stortingsperiode også. Så VG spør ikkje om sånt. Men det gjer mange andre. Og fram til valdagen 12. september bør vi bli langt fleire. No må denne debatten gå frå person til politikk! Som hjelp på vegen vil eg herved utfordra Jan Petersen, Jan Egeland, Thorbjørn Jagland, Erik Solheim og andre med engasjement for norsk utanrikspolitikk: Dersom du skulle få jobben som utanriksminister i vår neste regjering, vil du då umiddelbart få alt norsk militært personell heim frå Irak? Og vil du kunngjera for omverda at Noreg ikkje er med i USAs «Coalition of the Willing»?