SOSIALE MEDIER: Eg har med utestemme uttrykt at eg er skeptisk til bibliotekarar som ikkje er på Facebook, skriv Mariann Schjeide. Foto: NTB scapix
SOSIALE MEDIER: Eg har med utestemme uttrykt at eg er skeptisk til bibliotekarar som ikkje er på Facebook, skriv Mariann Schjeide. Foto: NTB scapixVis mer

Sosiale medium:

Motstraums

Å med viten og vilje stille seg utanfor store fellesskap er vår tids snobberi.

Meninger

Dei seier kanskje litt innstudert «Fjaseboka» med tullestemme, for det er jo det dei synes det er . Fjas. Nei, dei skal ikkje på noko Facebook, nei. Dei har ikkje tenkt å bruke tida si på å lese om kva naboen et til frukost, nei. Eller sjå at ei mor har lagt ut bilde av barnet sitt på den store verdsveven. Det blir nok råka av kvit slavehandel kva dag som helst.

Spaltist

Mariann Schjeide

er leder for Norsk Bibliotekforening

Siste publiserte innlegg

Siste boka til Vigdis Hjorth, seier du? Har ikkje denne boka vorte skriven før? Av fleire? Er ikkje den yesterday’s news? Knausgårds Min kamp? Kvifor skal dei lese bøkene til ein mann med eit pompøst ego som heng ut familien sin? Vi har alle møtt dei, og vi er nok alle på eit eller anna tidspunkt ein av dei som nyter å vise høgt og tydeleg at vi er motstraums.

Eg hugsar kor vantru eg var som barn då eg spurte ein vaksen om ho hadde sett «Annie get your gun» kvelden før på tv. Svaret var at ho hadde ikkje tv, for ho syntes det var så mykje anna viktig å halde på meg. Det var ikkje rom for meg til å dele opplevinga, det var snarare ei stadfesting av at eg hadde brukt tida mi på tull.

Er eit aukande individualistisk markeringsbehov omvendt proporsjonalt med synkande dugnadsånd? Der vi eingong tok vårreingjeringa rundt borettslaget i fellesskap før vi kvar for oss opplevde ein ny form for fellesskap i kvar vår vesle stove med Festus ridande i svart/kvitt over skjermen?

Dette er vår tids snobberi, det å med viten og vilje, for ikkje snakke om brask og bram, stille seg utanfor eit stort fellesskap. Ikkje berre stille seg utanfor, men samstundes gjere eit nummer av det. Ein kan tenke sjølv, ein er eit sjølvstendig individ, ein treng ikkje stadfestingar frå kollektivet, ein treng ikkje vere ein del av det.

Men dei sit likevel ikkje stille i forsamlingar der til dømes SKAM blir diskutert. Så langt i frå, dei finn seg til rette på slike talarstolar som blirservert dei på eit sølvfat der dei utbasunerer kvifor dei ikkje ser på SKAM. Og jo fleire rundt dei som faktisk ser på, jo betre er det å vere den eine som går motstraums. Det er eit for dei positivt stigmata dei meir enn gjerne står opp for.

Som bibliotekar og tidlegare biblioteksjef har eg med utestemme uttrykt at eg er skeptisk til bibliotekarar som ikkje er på Facebook. Fordi bibliotekarar skal drive med informasjonsformidling, fordi vi må kjenne dei plattformane brukarane våre er på, fordi vi skal vise bestemor korleis ho skal kunne chatte med barnebarnet i Australia, fordi det offentlege ordskiftet i stor grad foregår på Facebook og Twitter, fordi dette også er demokratibygging, fordi du ved å lat vere set deg sjølv utanfor i sjølvpålagt isolasjon.

Ja visst kan det vere krevande med idiotiske IQ-testar, klamme visdomsord mot glossy bakgrunn, eit emoji- og hjarteinferno der alle skriv om dei beste folka og dei finaste ungane. Ja visst kan ein bli dritlei. Men vit dette: Dei viktige diskusjonane du skal kome til å delta i skjer kanskje nettopp der, på Facebook og Twitter. Det er den nye offentlegheita. Internett generelt og sosiale medium spesielt var kanskje noko du ikkje syntes var så himla poplært. Kven tener det at du står i mot?

For oss med mykje på hjartet som har sosiale medium som ein navlestreng til omverda, er det sjeldan større skadefryd enn når dei som har snakka mest forakteleg om Facebook plutseleg lagar seg ein profil. Til å byrje med dumpar det ned ein venneførespurnad sånn i det stille. Ingen statusoppdateringar.

Når det kjem ein forsiktig status er han gjerne særs sakleg og understreker at det kun skal handle om politikk. Dei presiserer sjølvsagt at dei har halde igjen så lenge dei kunne, men at dei har skjønt at det er eit naudsynt onde no i valkampen. Men så kjem helga, ein har laga til det finaste frukostbordet, baka dei lekraste rundstykka, pensla med egg og dryst over med valmuefrø. Å, kom igjen! Legg ut bilde av det frukostbordet! Eg skal ikkje halde det mot deg.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.