Munnleg sidemål

KJARTAN FLØGSTAD

vil ikkje inn på kva målrørsla sjølv har gjort gali, sidan grupper av elevar set skriftleg sidemål i bås med det vi brende i frigjeringsdagane. I innlegget «Ei brennbar bør» 25.11, tillegg han meg i staden «språklege nazihaldningar» bak kateteret, og konstruerer så ei forklaring på nynorskhatet. Nå har ikkje eg hatt elevar som skriv «spynorsk» på ordlistene eller saboterer faget - og eg likar å undervisa nynorsk. Like fullt ser eg at det finst mykje betre vegar til målet. Leiaren for Norsk Målungdom, Sigbjørn Hjelmbrekke, signaliserer i svarinnlegget sitt at eg seglar under falsk flagg i «nynorsk drakt». Språkrøtene mine ligg øvst i Gudbrandsdalen. Dei er eg stolt av, og brukar dei når det høver. At eg svarar Fløgstad på hans målform - er altså ikkje takk vera noka sidemålsundervisning. Ho har knapt fødd ein einaste elev som har konvertert til nynorsk.

Hjelmbrekke bør og kunne lesa rett: Eg har ikkje dregi i tvil Fløgstad sine påstandar om kvar nazisympatiane låg, og eg grunngjev kvifor tvungen skriftleg sidemålsopplæring verkar negativt inn på nynorskprosenten.

I REPLIKK

21.11 ser Riksmålsforbundet fram til å sjå resultat av forsøk med munnleg nynorsk sidemål i vidaregåande skule. Vi veit allereie litt om korleis overgangen verkar inn på haldningar og dugleik. Revetal-modellen, del av Vestfoldprosjektet, er eit treårsforsøk med fritak for skriftleg sidemål i grunnskulen, like godt eigna for nynorskskular. Dersom Norsk Målungdom studerer årsplanane, finn dei mykje tid til lesetrening, fag- og skjønnlitteratur, song, dramatisering, avislesing, samtaletrening, lyttetrening, dialektkunnskap, ordlistetrening og formalkunnskap.

Evalueringa syner framgang, samanlikna med elevar utan forsøk. Det gjeld enkle skriftlege formuleringar, kjennskap til nynorske tekster, nynorskforståing og språkhistoriekunnskapar. Haldninga til nynorsktalande er og blitt meir positiv. Spesielt hjå gutane er endringane store. Nynorsktimane blir oppfatta som meir interessante, og så langt har ikkje elevane fått dårlegare karakter på vidaregåande skule. Utan ei slik solid munnleg plattform, sveltefôrar vi språket. Vi må ikkje få ein nye latin. På sikt kan det verta ei «brennbar bør» for målfolket at dei i vegval oppfører seg som hesten i Vinjes dikt Lenda frå Land - han som stend til han stuvende svelter i hel, og vantar på vit til å venda.