Museum for skip og vikingar

«Vikingtida (ca. 800 til ca. 1050) er den perioden i norsk historie som vekkjer størst internasjonal interesse, både blant forskarar og blant publikum.»

På Sørenga, som bør reknast med i planane for Bjørvika-utbygginga, skal Universitetet i Oslo reise eit nytt kulturhistorisk museum. Her kan vi for fyrste gong få ein samla presentasjon av norsk vikingtid, ei utstilling som vil vekkje stor internasjonal interesse. Men vilkåret for at dette skal lukkast, er at vikingskipa blir ein del av utstillinga. I dag er desse skipa oppbevarte i Vikingskipshuset på Bygdøy. Der finn vi tre skip. Tuneskipet blei grave ut i 1867 i Rolvsøy i Østfold, Gokstadskipet i 1880 i Sandar i Vestfold og Osebergskipet i 1904 i Slagen i Vestfold. Alle tre skipa var brukte til gravlegging i haug. På dendrokronologisk grunnlag kan gravkammeret frå Oseberg daterast til 834 og Gokstadskipet til ca. 904. Tuneskipet er truleg frå rundt 900. Desse skipsfunna var sensasjonelle, fordi ein for fyrste gong fekk eit skikkeleg inntrykk av vikingskipa. Tidlegare hadde ein i hovudsak berre sagaene å byggje på.

I fyrste omgang blei skipa gjeve til Det Kgl. Frederiks Universitet i Oslo. Der fekk dei plass i skur i universitetshagen. Då det nye historiske museum på Tullinløkka blei teke i bruk i 1904, fekk ikkje skipa plass i dei nye bygningane. I 1932 blei Arnsteins Arnebergs museumsbygg på Bygdøy opna, og skipa blei transporterte dit. Fagfolka tenkte seg at vikingskipa skulle presenterast saman med det museet elles forvaltar av materiale frå vikingtida, og at heile det historiske museet skulle få plass på Bygdøy. Men slik skulle det ikkje gå.

Vikingtida (ca. 800 til ca. 1050) er den perioden i norsk historie som vekkjer størst internasjonal interesse, både blant forskarar og blant publikum. Det fremste symbolet på denne epoken er vikingskipa, slik dei er utstilte på Bygdøy. Dei gjev ein ypparleg illustrasjon på det som framfor alt særpregar perioden, dei dristige tokta til havs for å krige, plyndre, handle og vinne nytt land. I denne perioden dyrka folk Odin, Tor og dei andre norrøne gudane, skreiv med runer og skapte framståande kunst. I dag er det dette biletet som pregar den utstillingsbaserte formidlinga av den norske vikingtida. Men kjeldene viser oss eit samfunn som også har andre sider.

I løpet av vikingtida blei det etablert fire større lagting. Fyrst Gulating og Frostating, for Vestlandet og Trøndelag, deretter Borgarting og Eidsivating, for kystområdet og innlandet på Austlandet. Desse lagdøma hadde sine eigne lover. På tinget drøfta ein saker av felles interesse, og tinget hadde ansvaret for rettsordninga.

I vikingtida blei store delar av Noreg samla til eitt rike, under Harald Hårfagre og hans etterkommarar. Etter Snorres framstilling kom desse ynglingekongane frå Vestfold. Nyare forsking tviler på dette. Vestfold var på denne tida stort sett under dansk kontroll, og det er grunn til å tru at Harald Hårfagres maktgrunnlag var å finne i det indre Austlandet og på Vestlandet.

Mange har prøvd å finne ut kven som er gravlagd i Oseberghaugen og i Gokstadhaugen. Vi har enno ikkje svaret. Skipsbegravingar er ofte omtalte i dei skriftlege kjeldene. Og i det norske landskapet ser vi enno mange majestetiske gravhaugar, som også har vore viktige maktsymbol. Fremst av dei står Borrehaugane i Vestfold, den største samlinga av fyrstegraver i Nord-Europa. Dette gravfeltet har vore i bruk frå ca. 600 til ca. 900.

I 1995 feira vi tusenårsjubileet for Den norske kyrkja. Noreg blei altså kristna i vikingtida. Med kristendomen fekk vi prestar, biskopar og helgenar, og blei del av den katolske kyrkja. Folk bygde kyrkjer, og dei døde blei ikkje lenger lagde i haug, men gravlagde på kyrkjegarden. Og den nye trua førte med seg store forandringar for folks daglegliv.

I vikingtida og nokre hundreår før laga nordmenn tekstar ved hjelp av runer. Desse tekstane er vanlegvis korte, og kan ikkje fortelje så mykje om norsk historie. Med kristendomen kom det eit nytt skriftsystem, med latinske bokstavar, og den nye kyrkja trong tekstar til forkynning. Etter kvart blei det laga pergamentbøker, og dei eldste lovene for kyrkje og kristendom blei truleg skrivne ned i gammalnorsk språkform allereie før 1050.

Dei eldste norske byane oppstod i vikingtida. Tønsberg er ikkje så gammal som tradisjonen vil ha det til. Men arkeologiske undersøkingar har påvist at både Trondheim og Oslo er eldre enn det dei skriftlege kjeldene seier, og begge er grunnlagde i vikingtida.

Denne skisseprega gjennomgangen av nokre viktige sider ved kultur og samfunn i Noreg i vikingtida, viser at det vitskaplege arbeidet med denne perioden inkluderer mykje meir enn det som sjølve vikingskipa og gravfunna er uttrykk for. Det krevst ei brei fleirfagleg tilnærming, der både arkeologar, historikarar, kunsthistorikarar, religionshistorikarar, filologar og andre deltek. Den same breie tilnærming må også prege den populærvitskaplege formidlinga, enten det skjer gjennom historiebøker eller ved museumsutstillingar.

I dag er det ingen stader i Noreg vi har det vi kan kalle eit vikingtidsmuseum. Men det kan vi no få til ved ei samla museumssatsing på Sørenga i Oslo.

På Sørenga ligg ruinar og levningar av dei fleste sentrale bygningane i den mellomalderbyen som frå 1314 kan reknast som Noregs hovudstad. Uttrykket «Nordens Pompeii» har vore brukt om denne delen av byen, fordi det elles i Norden ikkje finst så mykje restar av bygningar frå mellomalderen. Her skal etter planane universitetets nye kulturhistoriske museum reisast.

Vi har nettopp feira tusenårsjubileum for Oslo, som blei grunnlagt i vikingtida. Denne dateringa er basert på dei arkeologiske undersøkingane av Klemenskyrkja, Oslos eldste soknekyrkje, og gravene under den. Denne kyrkjeruinen ligg i mellomalderbyen på Sørenga, i kort avstand frå det planlagde museet.

På Bygdøy ligg Vikingskipshuset, landets best besøkte museum. På Tullinløkka ligg Historisk museum, med ei stor samling frå vikingtida, og med ei eiga utstilling om denne perioden. Materialet frå Bygdøy og frå Tullinløkka bør presenterast samla for eit interessert nasjonalt og internasjonalt publikum. Men ingen av dei to stadene har eit arealmessig grunnlag for ei slik samling. Men eit slik grunnlag finst på Sørenga. No vil nokon hevde at skipa høyrer heime på Bygdøy, for der utgjer dei ein del av eit større maritimt miljø. Det er rett, men vi må ikkje gløyme at desse skipa blei funne i gravhaugar, og Arnebergs monumentale bygg forsterkar inntrykket av eit gravmæle. Og frå museet kan vi ikkje sjå sjøen. Ved ei flytting til Sørenga kan skipa kome i kontakt både med sjøen og resten av vikingtidskulturen. Og dei turistane som i framtida vil ha med seg det maritime miljøet på Bygdøy, kan dra sjøvegen til Sørenga og slik få med seg flott oversikt over Aker Brygge og festningsanlegget på Akershus. På Bygdøy har vi ikkje berre skipa, men også mange svært verdifulle gjenstandar frå utgravingane. I dag er tilstanden til desse gjenstandane slik at det er eit tvingande behov for ny konservering.

Universitetet i Oslo har engasjert firmaet Safetec Nordic AS til å vurdere risikoane ved ei eventuell flytting av materialet frå Bygdøy til Sørenga. Firmaet har no lagt fram førebels resultat. Konklusjonen er at det er stor fare for at gjenstandane kan bli skadde ved ei flytting, medan det er liten risiko for skade på skipa.

Korleis situasjonen vil vere etter ei ny konservering av gjenstandane, veit vi ikkje. Dersom ikkje museet på Bygdøy skal stengje heilt eller delvis, må gjenstandane i alle fall flyttast når dei skal konserverast på nytt. Og då er det liten skilnad i risiko om flyttinga skjer til eit nytt tidsmessig museum på Sørenga.

I 2011 feirar Universitetet i Oslo tohundreårsjubileum, tre år seinare kan Oslo by feire sjuhundreårsjubileum som rikshovudstad. Dersom alle gode krefter arbeider for det, vil vi i desse jubileumsåra kunne besøkje eit nytt universitetsmuseum i mellomalderbyen på Sørenga, med ei storslått vikingtidsutstilling med dei praktfulle skipa i sentrum, eit museumskonsept som vil vekkje internasjonal oppsikt.