SMART: Da Elvis Presley ville bruke ein av songane til tjueåtte år gamle Dolly Parton, sa manageren hans at det var vanlig å gi frå seg halvparten av inntektene når Elvis spelte inn noko. Dolly Parton takka nei til tilbodet frå «The King». Den unge artisten med næringsvett ville ha full kontroll.
SMART: Da Elvis Presley ville bruke ein av songane til tjueåtte år gamle Dolly Parton, sa manageren hans at det var vanlig å gi frå seg halvparten av inntektene når Elvis spelte inn noko. Dolly Parton takka nei til tilbodet frå «The King». Den unge artisten med næringsvett ville ha full kontroll.Vis mer

Musikkbransjens husmenn

«Det e langt igjen te Royal Albert Hall» song Åge Aleksandersen og Prudence for førti år sia om det harde livet til norske band. Frilans opphavsmenn kan ha det minst like hardt.

Debattinnlegg

Innafor populærmusikken er det artisten som står i sentrum. Den som vil ha kredit som leverandør av tekst eller musikk, må sjølv framføre materialet. Få veit at det ikkje er artistane som konkurrerer i Melodi Grand Prix, men songane, og at det derfor ikkje var Jahn Teigen som kom sist i finalen i 1978, men forfattar og komponist Kai Eide.

I musikkindustrien blir opphavsmenn lagt under press av mektigare aktørar i bransjen. Da Elvis Presley ville bruke ein av songane til tjueåtte år gamle Dolly Parton, sa manageren hans at det var vanlig å gi frå seg halvparten av inntektene når Elvis spelte inn noko. Dolly Parton takka nei til tilbodet frå «The King». Den unge artisten med næringsvett ville ha full kontroll og hadde fire år tidligare etablert sitt eige musikkforlag, Velvet Apple Music.

Loretta Lynn var i slutten av tjueåra da ho skreiv kontrakt med eit musikkforlag og syttito da ho gjekk til sak for å få tilbake kontrollen over 114 songar, inkludert den sjølvbiografiske Coal Miner’s Daughter. Ho tapte.

Til den første D.D.E.-plata skreiv eg Vinsjan på kaia og henta eit par tekstar til frå arkivet. Sjefen for plateselskapet ville at eg skulle signere kontrakt med musikkforlaget hans. Det er ikkje uvanlig at ein utøvar og opphavsmann som vil gi ut eit album, må gi frå seg 33,3 prosent av royaltyinntektene på denne måten. Eg såg ingen grunn til å seie frå meg så mykje av alle framtidige inntekter på alle songtekstane mine.

Artistar genererer gjennom TONO store inntekter for musikkforlag. Ideelt sett får forlaget betalt for å gjera eit arbeid, men i praksis skjer lite eller ingenting. I alle fall ikkje nok til å kompensere for bortfall av ein tredel av inntektene.

Eg slapp unna fordi eg ikkje var ein del av bandet, men for at D.D.E. skulle få platekontrakt med Tylden & Co, var det obligatorisk at medlemmane signerte kontrakt med forlaget Norwegian Songs. I ei rettssak sju år seinare karakteriserte låtskrivar Frode Viken avtalen som ein slavekontrakt, men tapte saka og drygt 600 000 kroner.

I mars 1993 gjekk Vinsjan på kaia beinast inn på førsteplass på Norsktoppen. Akkurat den veka måtte Whitney Houston med I Will Always Love You gi frå seg førsteplassen på VG-lista til nederlandsk-belgisk euro-dance. Nesten tjue år etter at Dolly Parton sa nei til Elvis-manageren, var songen ein million-hit med all kontroll hos opphavskvinna og musikkforlaget hennes.

I musikkbransjen møtte eg kjente og ukjente opphavsmenn innafor alle sjangrar. Dei mest synlige var artistar som skreiv sitt eige materiale. Frå den minste gruppa, dei reine tekstforfattarane, kom historier om livet som frilans.

Å skrive eigne songar gir ekstra pengar i kassa kvar gong utøvaren står på scenen, men det gir også kred å vera ikkje berre singer, men singer/songwriter. Det hender derfor at den eigentlige opphavsmannen ikkje får namnet sitt på coveret. Sårt for den anonyme tekstforfattaren, men det hjelper at ho trass alt får sin del av royaltyen.

I andre tilfelle har artisten justert ei line eller to, eller lagt om teksten til sin eigen dialekt. Dei gongane dette fører til at den eigentlige opphavsmannen må gi frå seg halvparten av inntektene, er det ei kostbar trøyst å få namnet på coveret som ein av to tekstforfattarar.

Det vanligaste i bransjen er å skrive «på spekk», altså utan inntekter før materialet eventuelt blir brukt. For ein frilans tekstforfattar som sjølv ikkje står på scenen, kan dette føre til mange ubetalte arbeidstimar.

Somme komponistar sender den same melodien til fleire, for så å bruke den teksten han liker best, men utan økonomisk kompensasjon til forfattarane av dei vraka forsøka.

Gjennom heile karrieren har gruppa Vamp opparbeidd seg eit godt rykte for bruken av Kolbein Falkeid og andre poetar. For at Vamp skal spela inn ein tekst, må forfattaren gi frå seg 33,3 prosent av inntektene til Majorforlaget. Den eine hovudaksjonæren i selskapet er den sentrale drivkrafta i gruppa og den viktigaste komponisten.

Forlagskontraktane er i prinsippet frivillige avtalar mellom tekstforfattar, komponist og forlag, men makta rår. Opphavsmannen kan slå neven i bordet og seie nei, eller prøve å forhandle seg fram til ein annan prosentsats, men risikerer at teksten ikkje blir brukt.

Eg kjenner tilfelle der forfattaren fekk redusert royalty på grunn av at teksten ikkje var nyskrive, men henta frå ei diktsamling. Ein fattig poet vil oftast sjå på det som betre å få litt mindre pengar, enn å ikkje få diktet gitt ut på plate.

Sist på 1990-talet innførte TONO 50/50 fordeling mellom tekst og musikk som standard - med mindre partane blir einige om noko anna. I D.D.E. bestemte komponisten at tekstforfattarane stadig skulle få gammal royalty fordi «det er musikken som markedsfører teksten».

Etter åtte års pause sende eg igjen ein songtekst til Namsos. Ei veke før plata skulle lanserast kom det i posten eit skjema for registrering hos TONO. Komponisten ville at eg skulle skrive under på ei fordeling av royalty med 66,7 prosent til han og 33,3 prosent til meg. Eg nekta og truga med å gå til namsretten for å få utgivinga stoppa.

Generelt har det skjedd ei endring i positiv retning, men opphavsmenn er stadig ei usynliggjort gruppe. I talentkonkurransane heiter det: «Eg skal synge I Will Always Love You av Whitney Houston.»

Opphavsmenn får sjeldan namnet sitt på skjermen. Det største brotet mot Åndsverklova er likevel at dei nye distribusjonskanalane for musikk er fri for informasjon om kven som har skrive tekst og melodi. Aktørar som Spotify og Wimp ignorerer opphavsmennene heilt.

I comebacket mitt som D.D.E.-forfattar vart kravet om normal royalty blankt avvist av komponisten. Med trugsmål om namsretten og med meklarhjelp frå plateselskapet fekk eg mine 50 prosent, men dei andre eksterne tekstforfattarane måtte stadig nøye seg med husmannskontrakt og 33,3 prosent.

Kronikken er ein forkorta versjon av ein tekst i boka «Vinsjan på kaia».