NIQAB PÅ SØRENGA: På veg ut til denne freda pletten kom forsyne meg ei niqabkledd dame svevande forbi ein av restaurantane. Foto: Jarl Wåge
NIQAB PÅ SØRENGA: På veg ut til denne freda pletten kom forsyne meg ei niqabkledd dame svevande forbi ein av restaurantane. Foto: Jarl WågeVis mer

Fotosafari:

Muslimkulturrevolusjon

Heile folket i arbeid. Hege Storhaug har utkommandert det norske folk for å ta bilde av muslimar.

Meninger

Og det skjedde i dei dagar at det gjekk ut eit bod frå Hege Storhaug om at alt folket skal fotografere muslimar og sende bilda til henne. På den måten kan organisasjonen hennar, HRS, eller IHRS (Inhuman Rights Service) som eg kallar han, dokumentere den muslimske kulturrevolusjonen som visstnok er i ferd med å snu landet vårt på hovudet.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Som Noregs-patriot tenkte eg at det er best å gjere som Fr Storhaug befalar. Eg er for gammal til å vere hipster, men som nær Grünerløkka-buar, har eg sjølvsagt adoptert den hipsterske cafékulturen og inntek min daglege cappucino og scone på eit av Løkkas mange trendy etablissement. Sånn òg i dag.

Medan eg sat og nippa til `ccinoen min, dumpa ein muslim ned ved bordet ved sida av meg. Pen i tøyet, med mørkt, tjukt skjegg og auge like svarte som håret, var eg ikkje i tvil. Det osa muslim.

«Student,» tenkte eg, sidan fleire og fleire av dei har flytta ut av lesesalane og inn på caféane. Han tok fram PC-en, og ein annan tanke jog gjennom meg: «Kanskje han googlar How to make bombs».

For eit dilemma eg hadde hamna i. Skulle eg snikfotografere og sende dokumentasjon til Fr Storhaug? Då han dytta øyretelefonar på plass, var eg sikker på at han var terrorist og mottok instruksjonar frå IS på øyret. Plutseleg kom det to av same sorten og sette seg ved eit vindusbord. Denne fotodokumentaristen våga ikkje vere der lenger. Torde ikkje ta sjansen på å hamne under dobbelt eld. Eg let fotografering vere fotografering. Her var det bare å evakuere.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I staden ville eg dokumentere meg nedover langs Akerselva. Der var det sikkert muslimar i kvar ein busk. Men merkelege greier. Ikkje ein muslim å sjå. Kanskje dei ikkje likar elver? Men eg tok eit bilde av litt elv og eit bustadbygg på andre sida. For å vise kva slags hus muslimar kan bu i.

Muslimkulturrevolusjon

Med relativt dårleg utteljing så langt, bestemte eg meg for å spele hasard, hente fram nansensk mot og krysse Grønland. Området alle andre enn politi og sosialistmuslimelskarforrædarar veit er parallellsamfunnshariastyrt. Og hjelpe meg for eit muslimkulturrevolusjonsmotivparadis! Bokstavane mine gjekk gigantomanibananas medan det formeleg klødde i fotofingeren. Men alle veit at å ta fram mobilen her, er det same som å brått bli mobillaus.

Muslimske menn med mørk hud stod på kvart eit gatehjørne og saug trygdekroner ut av statskassa. Fødemaskinkvinnene deira, tekstiltildekte frå topp til tå, handla muslimsk frukt og grønnsaker. Tøybutikkar hadde sal på muslimske stoff. Frisørar klipte muslimfrisyrer. Restaurantar serverte muslimmat og -vin. Nei, forresten; vinen var vel ikkje muslimsk. Som om dette ikkje var nok; på Grønland heiter ikkje kjøpesenteret kjøpesenter. Nei, da. Det er sikkert ikkje muslimsk nok. Basar kling liksom betre.

Muslimkulturrevolusjon

Stappfull av intrykk fann eg ut at eg måtte komme meg derifrå før eg blei snikislamisert. No gjekk turen over brua frå Grønland til Barcode. Eg kjende eg blei avmuslimisert for kvart steg eg tok inn i den kvitkristne glas- og betongverda. Men brått måtte eg stoppe opp. Hadde ikkje muslimkulturen sneke seg inn i moderne arkitektur óg?!

I eitt av dei staselegeaste byggja kunne ein, om ein la godviljen til, oppdage ein viss muslim-symbolikk. Dei smale vindua i dei mørke veggane likna mistenkeleg på augnesprekkene i ein niqab.

Muslimkulturrevolusjon

Muslimoverdosert la eg turen forbi operaen og ut til den nye, flotte Sørenga-bydelen der bustadmassen er dyr, moderne og kompakt. Der restaurantar ligg på rekkje og rad langs strandpromenaden. Der ein ytterst kan sitte på ein fabelaktig badeplass og la tankane segle av garde som båtar på fjorden.

På veg ut til denne freda pletten kom forsyne meg ei niqabkledd dame svevande forbi ein av restaurantane. Direkte skremmande var ho. Sjølv fluktstolane på bryggekanten var klare til å stikke av. Denne gongen fekk eg fart på meg. Ho skulle dokumenterast. Når til og med Sørenga var i ferd med å bli revolusjonert, måtte det takast affære. Fr Storhaug-lojal knipsa eg i veg, ganske så trygg på at niqab-dama ikkje såg i vidvinkel nok til å oppdage kva eg heldt på med.

Muslimkulturrevolusjon

Det var på tide å avslutte fotosafarien i muslimjungelen og komme seg på heimveg. Overalt såg eg døme på revolusjon. Bussjåføren. Svartare enn natta. Han i kassa på KIWI. Frå Pakistan eller der omkring. Rundt hjørnet frå der eg bur. Ein moskè. På veg opp til bustaden min. Hijabkledd dame ned trappa. Ho smilte og sa «hei». Eg kneip saman lippene og såg ein annan veg. Eg er ikkje landsforrædar heller.

Fr Storhaug er på manisk korstog mot muslimar som har funne vegen hit og dei som eventuelt måtte prøve å slå seg ned her i framtida. På gatehjørne, på løkker, langs landevegar, i barnehagar og skular driv truleg gode nordmenn på hennar bod og fotograferer alle som luktar, går og oppfører seg på muslimsk vis. Kva «dokumentasjonen» skal brukast til, er det knapt nokon som veit.

Det eg veit, er at Fr Storhaug ikkje får min dokumentasjon likevel. Ho får pinadø gjere jobben sjølv.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook