Myhre, Tove

- Korleis begynte du å skrive?

- Eg skreiv mitt første dikt på barneskolen i ein teiknetime. Det var lettare å skrive våren. Har hatt lengre skrivepausar sia den gong, men aldri pause frå poesien. Og for fire-fem år sia fann eg Diktkammeret og då blei det alvor over skrivinga.

- Kva er di beste lesaroppleving?
- Vanskeleg å rangere lesaropplevingar, så eg nemner den siste sterke: Knut Ødegårds dikt «Alt dette». Det slo meg ut i all si vakre, råe kraft. Romanlesing blir det mindre tid til, men å lese Frank A. Jenssens «Lengselens År» var ei stor glede. Og veldig seint, men godt har eg oppdaga Haruki Murakami.

- Korleis likar du å jobbe?
- Seint på kveld når huset er stille. Høgdepunktet er å ha gått med eit dikt så lenge i hovudet at det nesten skriv seg sjølv når eg sett meg ned. Orda har det elles med å komme rett før eg sovnar. Og nei, eg har ikkje notatbok på nattbordet, men eg har notatblokk på mobilen. Det hender den lyser blått i rommet.

(Dagbladet.no 17. november 2005)