Mystikk og tvangsarbeid

Velskriven og respektfull biografi over ein original diktar.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Svanaug Steinnes har så openbart ikkje skrive nokon biografi om lyrikaren Åsmund Sveen for å imponera eller briljera. Ho går til stoffet med smittande nyfikne. Ho viser ei heilt anna evne enn Jan Olav Gatland til å leva seg inn i stoffet og skriva om det på ein måte som rører lesaren.

Lyrikarens tone

Med personleg engasjement nærmar ho seg lagnaden til den kritikarroste poeten Åsmund Sveen. Stilen er så gjennomført prega av mild respekt, at boka nærast får noko av lyrikarens tone over seg. Ho skriv ope og granskande om mennesket Sveen, om oppvekst i Sørskogbygda og stipendtur til Tyskland, men ho vender stadig attende til litteraturen.

Steinnes sitt hovudærend ser ut til å liggja i å få fram dei djupare draga i den biletrike diktinga til Sveen og responsen han fekk. Der den humanistiske vinklinga krev det, skriv ho med tilbakehalden gru om dei sidene ved lagnaden som er grelle.

Det kan vera det ufattelege i at ein kjenslevar pasifist med Gandhi som førebilete, ein homofil med interesse for sufimystikken, går inn i eit militært parti som gjev løyve til kastrasjon av homoseksuelle. Steinnes skriv slik at spørsmåla veks fram hjå lesaren, også spørsmål me ikkje har villa stilla før, fordi ingen svar har vore akseptable. Her er heller ikkje så mange svar å finna. Men biletet av lagnaden kjem nær og vert tydeleg.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer