Myten om Gros nyliberalisme

Ideologidebatt fyller avisspaltene. Høgres unge tenkjar Torbjørn Røe Isaksen slår i ei ny bok eit slag for konservatismen. I SV har sosialismedebatt stått på dagsordenen denne våren. Og dei siste åra har stadig spørsmålet om kven som er dei ekte liberale i norsk politikk, vore eitt av emna i debatten. Eit anna tema som i har vore diskutert i heile etterkrigstida, gjeld ideologien til Arbeidarpartiet – det partiet som har forma det moderne Noreg. I norsk politisk historieskriving assosierer fleire viktige historieskrivarar jamvel det moderne sosialdemokratiet med ulike former for svik. Men er det sant at norske sosialdemokratar i ei stadig jakt på meir makt og finare posisjonar etter kvart kom til å svikte sine klassiske ideal?

Jens Arup Seip såg Arbeidarpartiet i 1950-åra som eit parti der ideala vart kasta på båten. For det handla mest om å halde på makta. Sosialismen vart skoten ut i den store tåka som heiter framtida. Frå utkiksposten sin på Seips skuldrer, studerer Rune Slagstad eit Arbeidarparti som deregulerer økonomien på 1980-talet. Med Gro Harlem Brundtland i spissen vert politikken omforma til eit visjonslaust administrasjonsføretak, slik han ser det. Før hadde vi nasjonale strategar. No sit vi att med politiske flytekorkar som lar seg drive der mediestraumdraga fører dei.

Det er eit fellestrekk i den tidlege og den nyare, akademiske venstrekritikken at Arbeidarpartiet har svikta sosialismen. I tillegg kjem ein type kritikk som også meir høgreorienterte miljø deler – at Arbeidarpartiet i etterkrigstida representerte teknokratiet. I staden for at politikken vart resultatet av verdibrytning og politisk debatt, vart utforminga sett bort til fagfolk som fekk skalta og valta med vanlege menneskes liv. Dei var jo ekspertar. Som Slagstad har sagt det: Arbeidarpartiets viktigaste ideologi var positivismen – og filosofen Hans Skjervheim vart den viktigaste regimekritikaren.

Men kor rimelege er i grunnen påstandane om teknokrati og om Arbeidarpartiets svik mot eigne ideal? Eg har prøvd å undersøkje det ved å velje ut eit særleg felt som kan bere i seg mange av politikkens viktigaste spenningar – skulepolitikken. I skulepolitikken må likskapsomsyn balanserast mot fridomsverdiar og fellesskapsinteresser. Og moglegheitene politikarane har til å gjere noko, er ofte større enn i økonomiske saker. Korleis ser sosialdemokratiets ideologiske profil ut – sett gjennom skuleportens nøkkelhol?

Eit anna bilete av sosialdemokratiet tar då form. Dei siste 60 års stortingsdebattar om religion i skulen og om private skular, fortel for det første at Arbeidarpartiet her var meir liberalt enn ein skulle forventa. I religionsdebattane er det arbeidarpartirepresentantar som argumenterer klassisk liberalt ved å vise til sjølvbestemming og til at staten må respektere religionsfridomen. Det er interessant at ein liknande argumentasjon finn stad også i privatskuledebattane. Her òg er omsynet til elevanes framtidige autonomi sentral.

I privatskuledebattane har høgresida grunngjeve sine standpunkt ved å vise til liberale fridomsrettar og verdiar som toleranse og mangfald. Men høgresida har vore meir selektiv i sin liberalisme, og i religionsdebattane vert andre tendensar synlege. Til dømes har religionsfridomen til minoritetane ikkje alltid vore like viktig.

Ein annan type verdistrid har omhandla det store rettferdsspørsmålet om like moglegheiter for alle. Det er stort sett berre Framstegspartiet som ikkje lar likskapsverdien vere ein viktig premiss i rettferdiggjeringane av eige partis politikk. Generelt har likskap tidleg som seint etter krigen vore eit hovudmotiv på venstresida. Det er ingen teikn til at denne verdien er svekkja, tvert i mot. Også sentrumspartia og Høgre har altså vore opptekne av likskap, men ikkje i same grad som venstresida.

Desse to enkle konklusjonane er i røynda i strid med mange av påstandane elles i den politiske historieskrivinga. Kva tyder det på? Det er sjølvsagt mogleg at skulepolitikken er for snever som grunnlag for konklusjonar om ideologiske profilar. Men om vi no føreset at skulepolitikken har overføringsverdi, jamvel om det ikkje er sikkert at det er slik, er det lett å finne moment som kan peike i same retning som det føregåande.

For det første nyanserer fleire nye avhandlingar biletet av sosialdemokratiet som teknokratisk i etterkrigstida. Arbeidarpartiet hadde via amerikansk påverknad fått eit liberalt element inn i sitt samfunnsbyggingsprosjektet. Dette handla ikkje berre om å få i stand sterk statleg styring, men også om å skape grunnlaget for individuell sjølvrealisering. Dessutan, som Francis Sejersted har påpeika, samfunnsbygging heilt utan teknokratiske innslag er knapt nok mogleg.

For det andre, kor rett er biletet som vert skapt av Gro og dei siste tiåras sosialdemokrati som verjelause offer for nyliberalismens frammarsj? Det er ingen tvil om at det faktisk gjekk føre seg ei omlegging av politikken på 1980-talet og utover der ein gav opp å styre økonomien med dei same styringsreiskapane ein brukte tidlegare. Men i staden for å sjå politikken som nyliberalisme og ei form for ideologisk svik, kan ein sjå han som ei pragmatisk vidareføring av sosialdemokratiske prinsipp: Folk er ikkje til for sosialismen, sosialismen er til for folket. Det viktige er om politikken fører til at fleire får det betre. Einar Førde forstod at internasjonaliseringa av økonomien måtte halde fram, jamvel om den same typen styring ein hadde hatt før, då vart umogleg. Gro sa ja til ny opningstidslov og lanserte fridomskampanjen for Arbeidarpartiet. Når mødrene omsider er komne i jobb, må samfunnet tilpassast det. Difor må opningstidene endrast, meinte Gro. Slikt er det ikkje særleg ideologisk schwung over. Men det er god politikk.

Ho risikerte å få dei sterkaste alliansepartnarane til Arbeidarpartiet direkte mot seg. Difor kravde dei økonomiske strukturendringane Gro gjennomførte ein god porsjon mot – som mange av hennar regjeringskollegaer i andre land mangla. Ho lukkast. Restruktureringa av norsk økonomi gjekk føre seg med mindre arbeidsløyse enn i andre land. Den universelle velferdsstaten er snarare styrkja enn svekkja. Å karakterisere det som nyliberalisme, er mildast talt lite treffande.

Likevel er det ikkje til å undrast over at det no som før vert spurd om kva det er som er visjonane til sosialdemokratane. Er målet nådd no? Er radikal politikk i dag utelukkande defensiv? Jürgen Habermas har kalla det moderne ein uinnfridd lovnad om frigjering. Også i dagens Noreg er det enorm skilnad mellom dei som har mykje og dei med lita økonomisk makt. Har ikkje då mange av dei sosialistiske måla framleis relevans? Det vi enno kan hende saknar på venstresida i norsk politikk, er ein opplyst og fordomsfri diskusjon av kva dei måla skal innebere i dagens Noreg. Velferd, omfordeling og miljøpolitikk er vel og bra. Men er ikkje tida snart inne for at vi set oss nye, djerve mål som vi i fellesskap prøver å nå?

Kronikken bygger på en artikkel i Tidsskrift for samfunnsforsking i salg frå i dag.