LANDBRUK: Som forskar har eg besøkt meir enn 1000 gardsbruk og sanninga er at bøndene er lykkelege, men misnøgde med inntekta. Dyra har det godt, både på bås og i lausdrift, skriv forfattaren. Foto: NTB Scanpix
LANDBRUK: Som forskar har eg besøkt meir enn 1000 gardsbruk og sanninga er at bøndene er lykkelege, men misnøgde med inntekta. Dyra har det godt, både på bås og i lausdrift, skriv forfattaren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Myter og fakta

Dagbladet feilinformerar om landbruk i Noreg.

Debattinnlegg

«Landbrukspolitikken når ikke målene den setter seg», skriv Aksel Braanen Sterri i Dagbladet 27. 4. og legg til at «Landbrukspolitikken er klar for historiens skraphaug». Det kan vera gode grunnar til å kritisere landbrukspolitikken, men kunnskapsløyse gir dårleg resultater.

Først til mytene: Det er feil at «... den samlede støtten til landbruket (er) på 21,5 milliarder kroner» utan å legge til at berre 14,4 milliardar er pengestøtte. Resten kjem fram ved å gange norsk konsum med verdsmarknadspris, summert, vare for vare. Særleg høg er støtten til konsummjølk, som tar utgangspunkt i prisen for mjølkepulver.

Neste myte: «mangfoldet i butikkene er skrint». Braanen Sterri kan ikkje gå mye i norske butikkar utan å oppdage den eksplosjonen av mangfald som har vore i dei siste åra. Omsetninga av lokal mat i butikk er no 4, 2 milliardar kroner, etter ein vekst på 10,3 prosent i 2015.

«Planøkonomien lever i beste velgående i landbruket», er kjernemyten i Braanen Sterris innlegg. Påstanden kunne ha noe for seg i perioden 1976-1990, men sjølv da var det bøndene som bestemte kva dei skulle produsere, etter kva som svarte seg best.

Fjerde myte er språkleg: «Bondeorganisasjonene krever et lønnsløft for bøndene, tilsvarende 20 800 kr per årsverk». No må norske journalistar få med seg at bøndene ikkje krev LØNN, og at staten tilbyr INNTEKTSMULIGHETER.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«...et behov for å tyne melkekuene, gir økt behov for import av kraftfôr, en praksis som ødelegger både regnskog og bidrar til global oppvarming.» Dette er ein myte som mange spreier, men som ikkje er meir sann av den grunn. Andelen soya i kraftfôret til norske mjølkekyr var 3,4 prosent i 2015.

«Politikken er i det store og hele innrettet for å stimulere til mest mulig produksjon», heiter det i sjette myte. Ja, ein kunne stimulert produksjonen av korn og storfekjøtt, men dagens politikk, med å heve konsesjonsgrenser og premiere store bruk, fører til at det blir produsert det vi har for mye av: mjølk, kylling og svinekjøtt.

Så til løgnene: «Glansbildet vi blir presentert på melkekartongen av den lykkelige bonden med glade dyr på beite, er en svinnende realitet. Dyra står tett i uverdige forhold. Kyra ligger inne framfor å beite.» Som forskar har eg besøkt meir enn 1000 gardsbruk og sanninga er at bøndene er lykkelege, men misnøgde med inntekta. Dyra har det godt, både på bås og i lausdrift.

Løgn nummer to er at «...lav pris på kraftfôr, gjør det lønnsomt å holde dyra inne framfor å la dem beite ute.» Sanninga er at det løner seg å bruke grovfôr med dagens prisnivå. Norsk kraftfôrpris ligg betydeleg over verdsmarknadsprisen på kraftfôr, takka vera dagens importregime. Støtte til nedskriving av prisen på norsk korn, gjer det mogeleg å bruke norsk korn i kraftfôret.

«Det absurde er at den rådende politikken ikke ser ut til å komme bøndene til gode. De opplever fallende priser og lavere inntekter.», er den tredje løgna Braanen Sterri serverer. Pris til bonden for mjølk har auka frå kr 3,53 i 2005 til kr 4,97 i 2014, blant anna takka vera at tollen på industriost vart endra frå kronetoll til prosenttoll. Og lønsevna pr time for bonden har auka jamt, frå 86 kroner i 2005 til 146 kroner i 2014.

Den fjerde løgna til Braanen Sterri er at «...det er ingenting i veien for at norske bønder skal kunne eksportere produkter av høy kvalitet, produsert på bærekraftig vis.» Dette har vore prøvd før, Øyangen med jordbær til Paris og Sponheim med fenalår til Italia, utan suksess.

Det kan vera god grunn til å reformere norsk landbrukspolitikk, ikkje minst for di vi ikkje kjem dit alle vil, slik eg skriv i boka Omstart. Da trengst stimulering av det vi manglar: korn, storfekjøtt og grønsaker