Venstres landsmøte

Nå er Venstre på Hell

Til og med eg, som ikkje har stemt på Venstre sidan dei fyrste to gongane eg kunne stemme ved val, kjenner på eit slags sinne over det som skjer

KATASTROFETALL: Venstre har allerede vært nede å snust på en-tallet på målingene. Forklaringen kan finnes blant annet i personkonflikter, løftebrudd og en åker. Video: Nicolai Delebekk Vis mer
Meninger

I helga avviklar Venstre landsmøtet sitt på Hell. Om det er eit utslag av herleg sjølvironi som har ført til val av stad, veit eg ikkje. Men det som er heilt sikkert, er at det er eit parti på hell som set kvarandre stemne i trønderbygda.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Venstre, partiet med dei stolte tradisjonane. Det eldste i Noreg. Stifta i 1884 av politikarkjempen Johan Sverdrup. Juristen som blei valt inn på Stortinget i 1851. Han var arkitekten bak vetostriden som pågjekk frå byrjinga av 1870 til byrjinga av 1880-talet. Striden som oppstod då det blei krevd at statstrådane skulle møte i Stortinget og som handla om kor mange gongar (svenske)kongen kunne leggje ned veto mot forslag til grunnlovendringar.

Johan Sverdrup blei så populær at han ved stortingsvalet i 1882 fekk så stort fleirtal at dei kunne stille kongen og statsrådane for Riksrett. Inspirert av Opplysningstida sine idear, fekk han æren for innføringa av parlamentarismen i 1884. Same år som han altså grunnla og blei fyrste leiar av Venstre.

Når noverande Venstre-leiar, Trine Skei Grande, står på talarstolen på Hell, og dette blir vist på TV, vil eg som alltid når eg ser henne, bli minna på novellesamlinga til den engelske forfattaren D. H. Lawrence, Love Among the Haystacks.

Men sjølvsagt er det ikkje berusa vellyst i ein kornåker i Trøndelag Skei Grande vil bli huska for i historiebøkene. Det kan ho derimot bli som skipperen som styrte «fregatten» Venstre til forlis.

Den forrige Venstre-leiaren, karismatiske Lars Sponheim frå Halden, seinare sauebonde Ulvik i Hardanger og minister i dei to Bondevik-regjeringane, lanserte omgrepet Harry-tur om nordmenn si frenetiske hamstring av mat og drikke på andre sida av Kjølen.

Han gav veljarane sine to løfte. Minst. Det eine var at han aldri skulle gå i regjering med høgrpopulistiske Frp. Det andre at dersom han blei gjenvalt til Tinget, skulle han gå til fots frå Ulvik og over fjellet til Oslo. Han heldt begge løfta.

Trine Skei Grande har og gjeve løfte. Mellom anna sa ho i forrige valkamp at det var høgst usannsynleg at Venstre nokon gong kom til å gå i regjering med Frp. Stor var difor både overraskinga og vonbrotet hos mange venstrefolk då ho styrte venstreskuta rett inn i regjeringsfamnen til Erna og Siv. Ein famn så kvelande og stor at andre løfte òg har kokt bort i kålen.

Mellom anna storleiken på statstilskotet til bloggen til Hege Storhaug og Human Rights Service. Det blei redusert med 600 000 kroner i forslag til statsbudsjett. Abid Raja lova med bravur at ei samla venstregruppe i Stortinget skulle sørge for at summen ikkje blei ei krone større. Men sjå om ikkje Siv Jensen finta dei langt utover sidelinja og gav Storhaug det ho ville ha.

Venstre har vore garantistar for at ikkje ein tøddel av abortlova skulle forandrast med dei i regjering. Her var det Erna Solberg og Kjell Ingolf Ropstad som var driblekongar, slo tunnel på Skei Grande og endra både ein og to tødlar for å få KrF med i regjering.

Ein treng ikkje å vere politisk ekspertkommentator for å forstå at dette er viktige grunner til at Venstre har rast nedover prosentskalaen på meiningsmålingane. I det siste har dei enda til sett ett-talet. Det betyr at knapt to av hundre norske kvinner og menn ville ha stemt på partiet om det hadde vore val i dag.

Eller utradering som det også heiter.

Eg kjenner partiveteranar som rett og slett bêr på ei sorg over utviklinga i Venstre. Som om eit kjært familiemedlem skulle ha spelt bort heile arven etter dei på hasard. Veteranar som fleire gongar har sete med fingeren på utmeldingsknappen, men ikkje har orka i håp om at partiet ikkje er redningslaust fortapt. Samtidig forstår og støttar dei nære og kjære som har meldt seg ut.

Til og med eg, som ikkje har stemt på Venstre sidan dei fyrste to gongane eg kunne stemme ved val, kjenner på eit slags sinne over det som skjer. På vegne av far min, som heile sitt vaksne liv (bortsett frå ein sving innom Det Liberale Folkepartiet) var Venstre-politikar på mange nivå. Og mor mi som alltid, siste gong då og var 98 år gammal, stemte på dei.

Sjølvsagt har kravet om Trine Skei Grande sin avgang dukka opp i kjølvatnet av val av kurs. Kanskje gjer det det på landsmøtet òg? Det blir seriøst diskutert kven som skal ta over etter henne og legge om kursen. Guri Melby, trønder og Oslo-buar, er ei av dei som blir nemnt. Ho gjorde god figur som Byråd for miljø og samferdsel i Oslo.

Ein annan er fargerike Abid Raja, den mest velkledde politikaren vi har på Stortinget. Han er kjent for freske fraspark og lausmunna lovnader og er sikkert ikkje Skei Grande sin favoritt sidan konfliktnivået mellom dei to fleire gongar har nådd langt utover Venstre sine gemakkar.

Den tredje er Sveinung Rotevatn. Ung, lun, dyktig nordfjording og dermed også distriktsalibi. Han var statssekretær for justisminister Sylvi Listhaug til ho måtte gå av. Så for Mikkel Wara, og no i klima og miljødepartementet.

Enn så lenge vil nok Trine Skei Grande framleis stå til rors på Venstre-fregatten. Det store spørsmålet er om ho vil høyre på varselsropa om at ho er på kollisjonskurs med eit digert tankskip som ligg midt i skipsleia.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.