Nærpoliti og helikopter

DAGBLADET TAR OPP

politireforma på leiarplass mandag 22. mars. I følgje avisa er løfta som ble gitt før starten av reforma ikkje innfridd «hvis det er så at ressursene er slik prioritert at det ikke er kapasitet til å drive elementært politiarbeid når innbrudd eller ulykker skjer utenom vanlig arbeidstid».

Politiets Fellesforbund får også passet sitt påskrivi: «politiets egne organisasjoner er mer opptatt av å kjempe til seg midler til politihelikoptre og automatvåpen til jakt på de store internasjonale forbryterne, enn å gjøre en innsats for folk i sitt nærmiljø slik lensmennene gjorde i sine velmaktsdager».

For å ta politireforma først. Politiets Fellesforbund har alltid vore og er framleis positive til reforma. Me er tilhengar av dei grunntankane og ideane som ligg bak. Me meiner at den kritikken som reforma får i stor grad er feilplassert. Det er ikkje slik at det er reforma si skuld at norsk politi har 240 ledige stillingar, at talet på nye oppgåver er særs høgt, at dei nye oppgåvene ikkje går hand i hand med pengar til å gjennomføra dei og at politikarane ikkje prioriterar kva oppgåver som er dei viktigaste.

I motsetnad til Dagbladet kan Politiets Fellesforbund ha to tankar i hovudet samstundes. Me er opptekne av at norsk politi skal vere i stand til å møta den nye og tøffare kriminaliteten som førebels har sterkast fotfeste i og rundt dei store byane. Til det treng politiet å byggja opp spisskompetanse og spesialordningar. Men me er også opptekne av at den norske politistyrken skal ha generalistar som fungerar som gode politifolk i nærmiljøa. Når vi kjempar for meir pengar, for fleire stillingar, for at politikarane skal prioritera osv. så er det nettopp fordi me vil at folk flest og deira problem med innbrot i bustader, innbrot i bil, hærverk osv. skal bli teke på alvor. Me kan berre seie oss leie for at Dagbladet ikkje har oppdaga det.

DET VI ER SAMDE

med Dagbladet i er at så lenge politikarane ikkje klarar å prioritera, er det kvardagskriminaliteten som tapar. Det førar til at me får eit klart klassesamfunn når det gjeld tryggleik. Dei rike sikrar seg via private løysingar, dei andre får greie seg som best dei kan - åleine.