DEBATT

Politireformen:

Nært politi blir fjernare og fjernare

Det er ikkje rett at regjeringa skal få halde fram med å gjennomføre endringar som viser seg å ha andre resultat enn det dei sjølve lova.

HELD IKKJE STIKK: Lovnaden om at nedleggingane av mange lensmannskontor skulle gi som resultat fleire stillingar og meir ressursar til dei gjenverande kontora, har ikkje heldt stikk mange stader, skriv innsendaren. Foto: NTB Scanpix
HELD IKKJE STIKK: Lovnaden om at nedleggingane av mange lensmannskontor skulle gi som resultat fleire stillingar og meir ressursar til dei gjenverande kontora, har ikkje heldt stikk mange stader, skriv innsendaren. Foto: NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Alle som er opptatt av utviklinga i politietaten og som høyrte trontalen som kongen nyleg heldt i Stortinget på vegne av regjeringa, la nok merke til at regjeringa framleis bruker ordet «nærpolitireforma» på den sentraliseringsreforma dei gjennomfører.

Medan vi i Senterpartiet heile tida har vore klar på at det å omorganisere så mykje og leggje ned så mange lensmannskontor vil få konsekvensar også for tenesteproduksjonen, verkar det som om dei partia som ga fleirtal for reforma har to ulike reaksjonsmåtar no som det stadig kjem bekymringsmeldingar frå ulike politidistrikt.

Regjeringspartia meiner dei problema som kjem fram i politietaten berre er kortsiktige problem knytt til gjennomføringa av reforma. Dei andre partia som støtta reforma (som KrF og Ap) verkar overraska over dei konsekvensane som kjem fram og skuldar regjeringa for ikkje å ha gjennomført reforma godt nok i tråd med forliket.

Dette siste kan saktens vera rett nok. Det vart lagt enkelte føringar i forliket som skulle bøte på noko av trøbbelet som massiv samanslåing ville medføre. Men her er det viktig å hugse at stortingsfleirtalet gjekk inn med opne auge for strukturendringar som er hovudgrunnen til at reforma ikkje på nokon måte kan kallast ei ekte nærpolitireform.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer