Når Giske ordnar opp

LISENSDEBATTEN: Ein burde vel finne likare tidtrøyte i godveret enn å sitje og erge seg over slark med konstitusjonelle trafikkreglar. Konstitusjonelle reglar er finstrikka saker, og ikkje mitt spesiale. Men alligavel, som dei seier på Jæren.

No har Dagbladet ringt Trond Giske om NRKs frimodige lisensinnkrevjing. Han er, som vanleg, handlekraftig og tek ein telefon til styreformannen, Hallvard Bakke, for å stogge tøvet. Etterpå kan han fortelje Dagbladet at han har ordna opp. Men har Trond Giske noko med det? Var ikkje noko av poenget med den nye selskapsforma at det skulle vere god avstand, ei god armlengde, mellom NRK og departementet? Må ikkje NRK, styre og administrasjon, ordne opp i dette sjølv, evt. etter sinte tilbakemeldingar frå ferierande nordmenn? Må dei framleis rekne med at den styrande departementshanda med tilhøyrande spanskrøyr han hentast fram på kort varsel?

For nokre veker sidan sat same statsråden i studio og kritiserte det programskjemaet NRK hadde sett opp for sommaren. Det var han svært misnøgd med. Eg kan ikkje, med mi fartstid i NRK, minnast at nokon tidlegare statsråd har interessert seg for akkurat dét. Men altså no Trond Giske. Har han noko med det? Er han eit Over-Kringkastingsråd? Den omtalte og utlova armlengda ser ut til å ha blitt svært kort, ein ivrig barnearm. Og tanken melder seg: Kva slag styreform er no dette? Minner det ikkje om eineveldet, der kongen kunne leggje seg opp i det han hadde lyst til, og la resten vere?

Men ein burde kanskje ikkje bli korkje forundra eller arg. Vi har no fått ei sjukehusreform der lokale førtaksstyre har ansvar for drifta i sine område. Likevel opplever vi ustoppeleg at media jagar opp ein eller annan statsråd som kjem farande med makt og mynde og tvingar føretakstyret, som sit med ansvaret, til å gjere om vedtaka sine. Ansvar og makt ligg i ulike hender. Om det kan de nok seiast mykje.

God konstitusjonell praksis kan det knapt vere. Men det er kanskje ikkje så viktig.

Så får vi sjå korleis det går. Konstitusjonelt rot brukar å gje etterspel.