LOKKEMIDDEL: Regjeringsforhandlingane er i gang, og Solberg bruker kvinnekroppen som slagmark og forhandlingslokkemiddel overfor Krf stikk i strid mot landsmøtevedtaket til Høgre som seier at abortlova ikkje skal endrast, skriv innsendaren. Foto: Cornelius Poppe / NTB Scanpix
LOKKEMIDDEL: Regjeringsforhandlingane er i gang, og Solberg bruker kvinnekroppen som slagmark og forhandlingslokkemiddel overfor Krf stikk i strid mot landsmøtevedtaket til Høgre som seier at abortlova ikkje skal endrast, skriv innsendaren. Foto: Cornelius Poppe / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Abortstriden

Når Krf kjemper for å ta abort av to i staden for eitt foster

Krf har tydelegvis ikkje fått med seg at for dei kvinnene eller familiane det gjeld, så vil alternativet ofte vere å ta abort på båe foster i staden for berre det eine fosteret.

Meninger

Krf seier at dei reknar det som ein siger dersom dei får eit forbod mot «tvillingabort». Sjeldan har eit slikt misvisande nyord samtidig vore så treffande sidan resultatet av forbodet truleg vil føre til abort av fleire tvillingar.

Krf meiner sjølvsagt å forby fosterreduksjon ved tvillingsvangerskap altså at ein kan redusere frå to til eitt foster. Det dei tydelegvis ikkje har fått med seg, er at for dei kvinnene eller familiane det gjeld så vil alternativet ofte vere å ta abort på båe foster i staden for berre det eine fosteret.

Regjeringsforhandlingane er i gang, og Solberg bruker kvinnekroppen som slagmark og forhandlingslokkemiddel overfor Krf stikk i strid mot landsmøtevedtaket til Høgre som seier at abortlova ikkje skal endrast. Det har kome ulne meldingar om at dette ikkje skal gjera tilgangen til abort dårlegare, men det er tåkeprat sidan Krf sjølvsagt ikkje er ute etter ei liberalisering.

Etter haustens store debatt om §2.3c så er det klårt at det ikkje er særleg støtte i befolkninga for å innskjerpe tilgangen til abort ved sjukdom og avvik hjå fosteret eller til ei innskjerping i det heile. No hintar Krf om at dei kan vera nøgde med eit vedtak knytt til fosterreduksjon.

Fosterreduksjon har vore utført lenge i Noreg for å redusere fleirlingesvangerskap frå til dømes fire til tre eller to, av di det er risikofylt både for kvinna og fostera når talet på fostre auker. I tillegg har ein utført fosterreduksjon etter §2.3c når det eine fosteret har hatt avvik. Til informasjon reknast også tvillingsvangerskap som risikosvangerskap.

I 2016 vart det gjort ei juridisk vurdering av Helse- og Omsorgsdepartementet som fann at fosterreduksjon også omfattes av abortlova og at dei same kriteria ligg til grunn for å innvilge fosterreduksjon som ved fullt svangerskapsavbrot. Det gjer mellom anna at fosterreduksjon før utgangen av tolvte svangerskapsveke er sjølvbestemt.

Motstandarane mot fosterreduksjon ved tvillingar virkar ikkje å skjøne at for nokon så er det ein stor skilnad å skulle ta imot eller gå gravid med to barn i staden for eitt. Det kan vera det eine ekstra barnet som velter lasset i deira liv. Vi som har møtt mange kvinner og par i samband med svangerskap og abort, veit at dette er reelle problemstillingar.

Årsakene til at nokon ikkje ser for seg å skulle kunne ta i mot to barn er like mangslungne som årsakene til at ein ser for seg å skulle kunne få barn i det heile. For dei vert då alternativet til fosterreduksjon å avbryte heile svangerskapet i staden. Då er risikoen for spontanabort på 5-10% for det gjenverande fosteret ein risiko dei er villig til å ta, og ein risiko dei sjølvsagt vert informert om.

Det er derimot feil å framstille det som ei hyppig problemstilling. Senter for fostermedisin i Trondheim som utfører desse fosterreduksjonane oppgir at det var fem fosterreduksjonar på tvillingar i 2017 og sju innan slutten av oktober i 2018.

Erna Solberg har i nyttårstalen sin sagt at ho ynskjer at norske kvinner skal føde fleire barn. Vel, etter den siste hestehandelen har ho ein lang veg å gå for å byggje tillit til at ho har kvinners rettar, liv og helse i tankane. I Beijingplattformen til FN som Noreg har slutta seg til så står det at det er ein grunnleggjande menneskerett å kunne bestemme avstanden mellom, og kor mange barn ein skal ha, sjølv.

Forbod mot abort har aldri ført til at kvinner har født fleire barn. I staden bør ein stole på at kvinner veit sitt eige beste og leggje til rette for at kvinner kan føde dei barna dei vil ha og ikkje tvinge dei til å gå i nemnd eller indirekte tvinge dei til å ta abort på fleire enn dei sjølv ynskjer.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.