Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

DEBATT

Aldring, ein uunngåeleg prosess

Når kroppen byrjar å sægge

Dette er ein trend alle som lever nokre år, hiver seg på. Eller blir kasta på. Anten dei likar det eller ei.

Aldring er ein pågåande og uunngåeleg prosess som etter kvart har med seg vonde hofter og stive ledd, skriv forfattaren. Foto: Shutterstock / NTB Scanpix
Aldring er ein pågåande og uunngåeleg prosess som etter kvart har med seg vonde hofter og stive ledd, skriv forfattaren. Foto: Shutterstock / NTB Scanpix Vis mer
Meninger

EKSTERNT BIDRAG: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.

Jarl Wåge
Jarl Wåge Vis mer

Lite visste amerikanske rørleggjarar og andre handverkarar med såpass omfangsrik midje at olabuksa seig under vomma, og dermed også avduka delar av rumpesprekken, at dei skulle bli trendsetjarar for ein heil genereasjon ungdommar.

Det blei dei til gangs. I fleire år planta ungdom, flest gutar, buksa midt nede på rumpa. Eller sægga, som det heitte blant dei som gjorde slikt. Dei mest ekstreme festa ganske enkelt buksa under rumpa med eitt eller anna fancy belte. Eg spurde ein av elevane mine korleis han klarte å halde buksa oppe når det ikkje var noko å halde henne oppe i. «Sånn»; svarte han og vagga av garde med beina rett ut til sidene.

Aldring: Ein pågåande og uunngåeleg prosess som etter kvart har med seg vonde hofter og stive ledd. Håret blir borte for så å dukke opp att i nase og øyre så ein ser ut som ei gaupe, skriv forfattaren. Foto: Shutterstock / NTB Scanpix
Aldring: Ein pågåande og uunngåeleg prosess som etter kvart har med seg vonde hofter og stive ledd. Håret blir borte for så å dukke opp att i nase og øyre så ein ser ut som ei gaupe, skriv forfattaren. Foto: Shutterstock / NTB Scanpix Vis mer

Desse ungdomane viste riktignok ikkje rumpa til verda. Moten skapte ein utstillingsplass for dei hottaste, kulaste og minst kleine boxarshortsane som var å få tak i.

No er det med motar som med døgnfluger. Dei dukkar plutseleg opp, og snart er dei historie. Så også med sægginga. Bukselinninga har funne vegen opp til midjen att.

Det finst imidlertid ein trend som ikkje er forbigåande, men blir meir standhaftig og synleg for kvart år som går. Det at sjølve kroppen byrjar å sægge. Eller som Dagbladet sin tidlegare så eminente gullpenn, Sissel Benneche Osvold, så treffande uttrykte det: «Når kroppen begynner å sige ned mot anklene.» Dette er ein trend alle som lever nokre år, hiver seg på. Eller blir kasta på. Anten dei likar det eller ei.

Det byrjar i det små. Ofte med at augneloka, kroppsdelar vi knapt har registrert at vi har, kjem i siget. Såpass mykje at det på enkelte kan hemme utsikten mot verda. For ikkje å snakke om kinna som blir slappe og kvapsete. Og haka som var fast og hadde karakter, blir både dobbel og trippel.

Huda på overarmane, den delen som husa ein imponerande triceps i årevis, blir slapt grevinneheng. Puppane som freidig peika opp og fram, vender blikket slapt og motlaust nedover. Six-packen på magen blir vinballong. Rumpa som var lita og fast med sprett, får gradvis ein daff og deigete substans. Ikkje ein gong veltrimma, elegante bein slepp unna der dei subbar av stad, bleike, stive, fulle av appelsinhud, knutar og blåflekkar.

Det startar forresten lenge før det. Har det ikkje dukka opp ei smilerynke ved augekroken? Gudhjelpe seg. To, tre, fire, mange! Og lippene. Kvar vart jordbærmunnen av?

Men ikkje fortvil! Når slike katastrofar inntreff, står den store, kvite flokk av stylingredningspersonell klar med det ein knapt visste finst av ugudeleg dyre kremar til å kitte ansiktet med, så det blir glatt som ei barnerumpe. Jaggu kan dei i tillegg by på injeksjonar både her og der. Voila. Masseproduserte kloningar av Barbie Doll og Dolly Duck vandrar midt iblant oss.

Med augevippar som sotsvarte, flagrande sommarfuglvengjer, ballonglipper, svulmande kinn og ansikt så stivt og strunkt at ein er redd det skal sprekke og gå i oppløysing om dei hevar tatoverte augebryn eller brått bryt ut i latter. Akkurat slik dyrt kjøpte porselensdukker i hine harde dagar kunne gå i tusen knas om ein mista dei i golvet.

Sjå om det ikkje finst håp for dei som har blitt kasta på kroppssæggetrenden òg. Ein armè av kirurgar med nyslipte knivar tilbyr seg å skjære, stramme, løfte, suge, transplantere og implantere. Det går unna så blodet skvett og kredittkorta syng at ungdom er eit evig fenomen.

«Alder er bare eit tal», seier vi liksom for å trøyste når nokon fortel kor gamle dei er og tilkjennegjev at dei eigentleg skulle ønskje dei ikkje hadde så mange år på baken. Det er sjølvsagt noko forbanna tøv.

Aldring er ein pågåande og uunngåeleg prosess som etter kvart har med seg vonde hofter og stive ledd. Håret blir på mirakulaust vis borte og gjer hovudet til eit månelandskap medan ein del av det dukkar opp att i nase og øyre så ein ser ut som ei gaupe om ein ikkje stadig stussar og nappar.

REINKARNERES: Den britiske kunstneren Emma Allen har gjenskapt reinkarnasjonsprosessen ved hjelp av ansiktsmaling i denne unike animasjonsfilmen. Video: Reuters ORIGINALLY PUBLISHED ON DAGBLADET.NO/DBTV.NO ON 05.02.2014 Vis mer

Ikkje bare hår, forresten. Plutseleg byrjar ord å stikke av. Som namn på folk. «Ja, du veit. Han høge mørke. Han som hadde hovudrolla i den kjende filmen. Kva var det den heitte no igjen? Han er i alle fall gift med ho flotte, raudhåra. Ho som vann Oscar for hovudrolla i. Å steikje.»

Så startar dei evinnelege leiteaksjonane. Etter briller, nøklar, bilnøkkel, lommebok, mobiltelefon. Skulle tru dei lever heilt eigne liv og virrar rundt som dei vil. Når ein så har funne alt og er klare til å gå ut, startar den evige famlinga rundt i veske eller sekk for å få tak i det ein har bruk for.

Ein ikkje så vakker dag kjem vi i dosetts år og alder. Ja, du veit, denne praktiske innretninga med sju rom, eitt for kvar dag, der vi kan porsjonere ut alle pillane doktoren insisterer på at vi treng for ikkje å måtte leggje på røret før vi absolutt må. Store og små, rosa, brune, kvite, gule. Ein cocktail vi gjerne skulle ha takka nei til.

Tenk om vi hadde klart å roe ned. Latt vere å kave og streve og stresse for å stoppe aldringa. Den er uansett eit tog i fart som ikkje kan stoppast same kor hardt vi prøver. Då er det betre å hoppe (hoppe er kanskje å ta i. Stige på, kanskje?) på toget og nyta reisa mot vest så lenge vi får bli med. Ja, ganske enkelt la det «sægge, la det rock'n'roll».

Lyst til å diskutere?

Besøk Dagbladet debatt!