Når politiske talent forsvinn

Kven vil vera med i fora der prosessane ikkje motiverer til politisk engasjement og deltaking?

Oppfølging: «Er partia flinke til å inkludere, pushe, bygge og støtte ungdomspolitikarane — også der politikken blir til?» spør artikkelforfatterne. Illustrasjonsfoto: Marius Knutsen / NTB Scanpix
Oppfølging: «Er partia flinke til å inkludere, pushe, bygge og støtte ungdomspolitikarane — også der politikken blir til?» spør artikkelforfatterne. Illustrasjonsfoto: Marius Knutsen / NTB ScanpixVis mer
Debattinnlegg

Ungdom og unge vaksne fyller vallistene når partia kvart fjerde år manar til politisk kamp. Like fort er dei ute av den politiske dansen. Kva skal til for å halde på ungdomen?

I kommunestyra er det dei garva politikarane som tek ordet når viktige sakar blir drøfta. Når partia signerer hestehandelen på bakrommet, er det ringrevane som grip pennen. For ikkje å snakke om årsbudsjettet, når dei viktigaste forhandlingane går føre seg, i og utanfor kommunestyresalen. Kvar blir det av ungdommeleg politisk deltaking?

Det manglar ikkje på engasjement blant ungdom og yngre vaksne, skal vi tru forskarane Guro Ødegård og Hilde Lidén i to undersøkingar frå 2003 og 2011. Men, samfunnsengasjement og forpliktande politisk deltaking er ikkje det same.

Då er uforpliktande meiningsdanning og uformell og aksjonsretta aktivitet meir morosamt, skal vi tru Ødegård og Lidén. Her går praten lausare og dei politiske ordskifta kjennest lettare. Som til dømes festival- og anna organisasjonsarbeid: I nattetimane plukkar dei søppel, riggar ned sceneutstyr og vaskar dassar. Å arbeide på festival gjev kreditt, å trøkke på politiske møte får dei unge til å sovne.

Lokalpolitisk deltaking, både i kommunestyra og ved valurnene, er ein føresetnad for at vi forvaltar demokratiet vårt på beste måte. Då må også dei stemmene som målber ungdom sine draumar og visjonar koma med. Og vi må ta dei på alvor. I staden skjer altså det motsette. Ifylgje forskarane er det fleire grunner til dette: Studie, utflytting og ei stressande småbarnstid.

Men, kanskje finn vi nokre av grunnane til fråfallet ved valurnene og kommunestyresalane også innafor dei politiske partia? For, er partia flinke til å inkludere, pushe, bygge og støtte ungdomspolitikarane - også der politikken blir til?

I heimkommunen er hersketeknikkar del av den politiske oppsedinga. Her blir ordføraren duppert med latter og sarkastiske slengmerknadar. Her blir det skratta, stønna høglytt og himla med augo når nokon har sagt «noko feil», eller ein blir møtt med arrogante svar når spørsmålsstillinga ikkje tilfredsstiller det politiske reglementet.

Vaksne politikarar er på ingen måte gode førebilete. Konsekvensen er at unge politikarar stryk på dør eller vel å halde seg i ro. Kven vil vera med i fora der prosessane ikkje motiverer til politisk engasjement og deltaking?

Også valdeltakinga er låg. Berre 46 prosent av veljarane i alderen 18- 21 år stemte ved førre kommuneval. Slik har trenden vore lenge, skriv redaktør Hilde Haugsgjerd i Aftenposten 14. mai i år. Og gapet i valdeltaking mellom unge og vaksne veljarar er aukande.

Ved stortingsvalet i 1999 stemte 80 prosent av fyrstegongsveljarane. Ved stortingsvalet i 2009 stemte under 60 prosent av same veljargruppe. Ved dei fem siste vala har valdeltakinga vore 20 prosent lågare blant fyrstegongsveljarane enn for den gjennomsnittlege deltakinga.

For all del, det er ikkje dei unge det er noko galt med. Forskarar ved Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) viser i en kronikk i Aftenposten 6. mars i år at dagens ungdom tvert imot er meir skikkelege enn tidligare. Dei tek lengre utdanning, skulker skulen mindre, er mindre kriminelle, drikk mindre alkohol og røykar mindre hasj - enn sine eldre politiske motstandarar. Det lovar kanskje godt for ung politisk deltaking i framtida?

Skal ungdomen sikre reelt gjennomslag for sitt entusiastiske engasjement, er det nettopp her, i kommunestyresalane og i dei lokalpolitiske fora at ungdom og unge vaksne må ta ut kreftene - og bli tekne på alvor.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.